Helse- og omsorgsministeren mottok rapport om samiske spesialisthelsetenester
Nyheit | Dato: 12.10.2026 | Sist oppdatert: 16.10.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Ekspertutvalet som vurderte behovet for tiltak som sikrar at staten tek vare på si forplikting med å tilby spesialisthelsetenester overfor den samiske befolkninga i tråd med ILO-konvensjonen, leverte sin rapport til helse- og omsorgsministeren 16. oktober.
Rapport om samiske spesialisthelsetenester
Sjå sendinga her
Utvalet skulle mellom anna greie ut korleis samiske spesialisthelsetenester blir ivaretatt, med særleg vekt på medråderett, deltaking og samarbeid.
Utvalet bestod av ni medlemmar og blei leia av professor Kjetil Mujezinovic Larsen frå Universitetet i Oslo.
Arrangementet blei filma av Departementas digitaliseringsorganisasjon (DIO), og ein kunne følge sendinga direkte på denne sida. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller epost: dio-lydogbilde@dio.dep.no. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på denne sida.