Statsbudsjettet 2026
Høg produksjon og store inntekter frå petroleumsverksemda
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Energidepartementet
Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda blir anslått til om lag 664 milliardar kroner i 2025. Anslaget for 2026 er om lag 521 milliardar kroner.
Statens netto inntekter frå petroleumsverksemda blir anslått til om lag 664 milliardar kroner i 2025. Inntektene i 2025 gir rom for å bruke om lag 20 milliardar kroner meir til velferd dei komande åra.
Stabil, men noko lågare produksjon
Produksjonen av olje og gass er venta å vere rundt 238 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar i 2025, ein nedgang på om lag 1,3 prosent frå 2024. Produksjonen er venta å halde seg høg dei næraste åra, før han er venta å falle utover på 2030-talet.
Betydning for energiforsyning til Europa
Norsk olje- og gassproduksjon er viktig for energiforsyninga til Europa. Regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumsverksemda, slik at Noreg også framover kan vere ein stabil og trygg energileverandør.
Store investeringar og høg aktivitet
Investeringane i petroleumsverksemda blir anslått til om lag 272 milliardar kroner i 2025. Dette utgjer rundt 23 prosent av dei samla realinvesteringane i Noreg og bidreg til sysselsetjing og aktivitet i leverandørindustrien.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av Energidepartementet før publisering.
– Inntektene frå petroleumsverksemda er svært store og er viktige for finansieringa av velferdsstaten vår. Inntektene i 2025 gir grunnlag for at staten kan bruke nærare 20 milliardar kroner meir til velferd i alle år framover. Måten me forvaltar dei store inntektene på vil sikre at dei kjem både noverande og framtidige generasjonar til gode, seier energiminister Terje Aasland.
Total norsk petroleumsproduksjon blir anslått til 238 millionar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar i 2025. Dette er om lag 1,3 prosent lågare enn i 2024, då petroleumsproduksjonen på norsk kontinentalsokkel nådde det høgaste nivået sidan 2008. Produksjonen er venta å liggje på eit stabilt høgt nivå dei næraste åra, før han er venta å falle utover på 2030-talet som følgje av at felt blir tømde ut. Utan vidare leiting og investeringar i funn og eksisterande felt, vil produksjonen av olje og gass på norsk kontinentalsokkel falle betydeleg.
– Norsk petroleumsproduksjon spelar ei viktig rolle i å sikre energitryggleiken til kontinentet. Verda og Europa vil ha behov for olje og gass i fleire tiår framover, og derfor er det avgjerande at Noreg vidareutviklar sokkelen, slik at me kan halde fram med å vere ein stabil og langsiktig leverandør av energi. Derfor er regjeringa garantisten for stabile og føreseielege rammevilkår, og framleis høg leiteaktivitet, seier Aasland.
Store investeringar på norsk kontinentalsokkel
Pågåande utbyggings- og utviklingsprosjekt har bidratt til eit høgt aktivitetsnivå og store investeringar på norsk kontinentalsokkel dei siste åra. I statsbudsjettet er investeringane i petroleumsverksemda anslått til om lag 272 milliardar kroner i 2025, noko som tilsvarer om lag 23 prosent av dei samla realinvesteringane i Noreg. Etter kvart som dei pågåande større prosjekta blir ferdigstilte, er det forventa at investeringane blir reduserte i dei påfølgjande åra. Det er særleg venta redusert etterspurnad i den delen av leverandørindustrien som er innretta mot sjølvstendige utbyggingar.
For å halde oppe aktiviteten framover er det nødvendig med nye investeringsvedtak. Eit stabilt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel er viktig for å sikre at kompetansen i leverandørindustrien blir oppretthalden og vidareutvikla. Utan ein framleis betydeleg etterspørsel frå petroleumsverksemda risikerer Noreg å miste denne viktige kompetansen.
– Leverandørindustrien treng nye oppdrag framover for å oppretthalde verdiskaping, kompetanse og sysselsetjing i Noreg. For å klare dette er det avgjerande at det kjem nye utbyggingsprosjekt som leverandørindustrien kan konkurrere om. Regjeringa legg til rette for vidare leiting, auka utvinning og utbygging av funn gjennom stabile og føreseielege rammevilkår. Me vil utvikle, ikkje avvikle, norsk sokkel, seier Aasland.