-Norsk kvalfangst er berekraftig, strengt regulert, og vågekvalbestanden er i svært god forfatning. Noreg benyttar effektive og dyrevelferdsvennlege fangstmetodar. Vidare påverkar kvalens store fiskekonsum på økosystemet. Kvalfangst bidrar derfor til balansen i havet. For å nå FNs berekraftsmål må vi og ete meir sjømat, og kvalfangst gir sunn og kortreist mat, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Berekraftig fangst

Det fins meir enn 100 000 vågekval i Nord-Atlanteren. Kvoten for 2026 er på 1641 vågekval, ein auke på 235 frå fjorårets kvote på 1406 dyr. Auken kjem av ubrukt kvote frå tidlegare år, som er overført til 2026.

I 2025 deltok 10 fartøy, og fangsten var på 429 dyr. Dette er ein nedgang i talet på deltakande fartøy, men ein auke i fangst samanlikna med året før.

Kvoten er fastsett med utgangspunkt i utrekningsmodellear frå vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Desse modellane sikrar ei berekraftig forvaltning av vågekvalbestanden.