Regjeringa har mål om samanhengande digitale tenester ved viktige livshendingar, som dødsfall og arv. Den teknologiske utviklinga gir grunn til å vurdere nye og digitaliserte løysingar også på området gravferd. Brukarkartleggingar viser at etterlatne opplever prosessane rundt dødsfall som krevjande og uoversiktlege, også fordi dei etterlatne er i ein svært sårbar situasjon.

Digitalisering skal ikkje erstatte den menneskelege kontakten i møte med døden. Prosjektet vil ta omsyn til at ikkje alle ønskjer eller kan ta i bruk digitale løysingar.

Barne- og familiedepartementet sender no forslag til endringar i gravplassloven og gravplassforskriften på høyring. Høyringsnotatet har to delar. Første del av høyringsnotatet (punkt 2 til 8) har samanheng med digital gravferdsmelding, medan den andre delen (punkt 9 til 12) inneheld andre regelendringar.

For å leggje til rette for Digital gravplassmelding blir det i høyringsnotatet foreslått:

  • Føresegner som gir behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga for digital gravferdsmelding, heimel til å dele opplysningar omfatta av teieplikt og utvida tilgang for statsforvaltaren til opplysningar i Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt.
  • Ei nærare regulering av kven som skal reknast som sambuarar etter gravplassloven.
  • Oppheving av kravet om at krematorium skal varsle politiet før kremasjon.

I tillegg ber departementet om synspunkt på nokre andre endringar for at regelverket skal bli betre og klårare:

  • At kommunen berre treng gi samtykke ved større tiltak på gravplassar (som ny-anlegg, utviding og nedlegging), ikkje alle såkalla «vesentlige endringer».
  • Å justere ei føresegn slik at det blir heilt klårt at det berre er kyrkjelege gravplasstyresmakter som skal fremje budsjettforslag for kommunen.
  • Å justere fristen for kremasjon slik at mindre krematorium ikkje må varme opp omnen oftare enn strengt tatt nødvendig. Dette kan redusere utsleppa.
  • At det blir opna for å setje opp gravminne (gravstein) også før ein lekam som er donert til undervisning og forskning, blir gravlagt. Dette vil gjere sorgprosessen lettare for etterlatne i slike situasjonar.

Les høyringa og gje høyringssvar. Høyringssvara er som hovudregel offentlege og vil bli publisert.

Høyringsfristen er 1. oktober 2022.