Forskrifta trer i kraft 1. januar 2026 og er ei oppfølging av kvotemeldinga.

-Innføring av denne særlege kvoteordninga er viktig for den minste pelagiske flåten. Ordninga vil bidra til lønnsemd og fleksibilitet i ei krevjande tid, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Id-kvoteordninga er ei oppfølging av Stortingets handsaming av kvotemeldinga.

Den nye ordninga er i hovudsak innretta på same vis som id-kvoteordninga for torsk, hyse og sei som departementet innførte for eitt år sidan, men med nokre justeringar:

  • Ein opnar for unntak frå kravet om å slette eitt av fartøya frå merkeregisteret. Det er ein føresetnad at fartøyet kan delta i lukka gruppe i eit anna fiskeri.
  • Ein avviklar kvotesamarbeidsordningane for makrell, nvg-sild og nordsjøsild med verknad frå 2027. Dette inneber ei overgangsordning i 2026 der ein kan velje om ein vil nytte kvotesamarbeidsordninga eller id-kvoteordninga i det enkelte fiskeriet. Ein vil ikkje kunne nytte begge ordningane i same fiskeri i løpet av 2026.