Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 45

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 45, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Tysdag 9. november
Kl. 14.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på ein lunsj i samband med statsbesøket frå Nederland. Stad: Slottet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 10. november
Kl. 14.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek (digitalt) på eit ministermøte om covid-19. Møtet er skipa til av USA sin utanriksminister Antony Blinken og har deltakarar frå mellom anna Europa, Afrika, Latin-Amerika, Asia, Oseania - og frå nokre internasjonale og regionale organisasjonar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.25: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med den nederlandske utanriksministeren, Ben Knapen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 12. november
Kl. 12.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har saman med utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim eit møte med det diplomatiske korps. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.15: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med NHO. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 9. november
Kl. 10.35: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ein velkomstseremoni i samband med statsbesøk frå Nederland. Stad: Slottsplassen, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Torsdag 11. november
Kl. 09.45: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ein konferanse på Stortinget om nairobiforpliktingane om seksuell og reproduktiv helse og rettar i regi av Sex og Politikk.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83 

Kl. 12.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt eit møte med det diplomatiske korps. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Henrik Thune

Fredag 12. november
Kl. 15.15: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit møte med NHO. Stad:UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Onsdag 10. november
Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held eit foredrag på eit nettverksmøte i Norsk-russisk handelskammer. Stad: NHO - Næringslivets hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær 

Onsdag 10. november
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Sissel Rogne, direktør for Havforskingsinstituttet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held opningsinnlegget på eit digitalt arrangement om småskalaprodusentar og lokalsamfunn i regi av Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (Ifad) under FNs klimatoppmøte.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Torsdag 11. november
Kl. 10.15: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Robert Piper, ansvarleg for FNs stedlege koordinatorar, om FN-reform. Stad:UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83