Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 50

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 50, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 13. desember
Kl. 15.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte (digitalt) med NGO-forum for mellom anna å diskutere Hurdalsplattformas målsetjing om å styrke FN-systemet. (Dette møtet er utsett).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. desember
Kl. 13.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i Stockholm-initiativet for kjernefysisk nedrusting. Stad: Stockholm, Sverige

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 15. desember
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget i samband med diskusjonen om statsbudsjettet. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har ein telefonsamtale med Irlands utanriksminister Simon Coveney.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 16. desember
Kl. 08.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Stortingets arktiske delegasjon for partanes halvårlege nordområdedialog. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte (digitalt) med den kviterussiske politikaren Svetlana Tikhanovskaja. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 17. desember
Kl. 08.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt møter den slovenske utanriksministeren Anže Logar som er på vitjing i Noreg. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 13. desember
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek digitalt på eit nordisk utviklingsministermøte.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Tysdag 14. desember
Nordisk Råd: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim er i Helsingfors kor ho deltek på eit møte om budsjettet i Nordisk ministerråd og møter Finlands nordiske samarbeidsminister Thomas Blomqvist.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Fredag 17. desember
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med generalsekretær i Raude Krossen Bernt Apeland om felles prioriteringar i utviklingspolitikken. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 16.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit digitalt møte med Education Cannot Waits direktør Yasmine Sherif.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Statssekretær Henrik Thune

Måndag 13. desember
Kl. 15.00: Statssekretær Henrik Thune deltek (digitalt) på eit møte med NGO-forum.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 15. desember
Kl. 11.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med direktøren ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Ulf Sverdrup. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Henrik Thune deltek (digitalt) på eit møte i Sahel-forum. Forumet er ein stad for utveksling av synspunkt med sivilt samfunn og akademia om norsk innsats og utviklinga i Sahel.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Peterssson

Onsdag 15. desember
Kl. 09.30: Statssekretær Eivind Vad Peterssson deltek digitalt på lanseringa av to OECD-rapportar om energisektoren i Ukraina. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 16. desember
Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Peterssson deltek og held innlegg på eit webinar om differensiert integrasjon og EØS. Webinaret er ein del av eit EU-finansiert prosjekt om Noreg - skipa til av Nupi.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.30: Statssekretær Eivind Vad Peterssson deltek (digitalt) på eit møte i Ottawa-gruppa - om reformar av Verdas handelsorganisasjon (WTO).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.00: Statssekretær Eivind Vad Peterssson deltek (digitalt) på eit konsultasjonsmøte med KS.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.45: Statssekretær Eivind Vad Peterssson deltek (digitalt) på eit dialogforum om FNs fredsoperasjonar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 17. desember
Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Peterssson har eit møte med Robert Floyd, eksekutivsekretær i Organisasjonen for prøvestansavtalen (CTBTO).  Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 13. desember
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit digitalt møte med Afrikabankens visepresident Beth Dunford.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Foreininga Fri om skeive rettar.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 15.15: Statssekretær Bjørg Sankjær har eit digitalt møte med vaksinekoalisjonen Cepis administrerande direktør Dr. Richard Hatchett.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Tysdag 14. desember
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit seminar på Kulturhuset om skattebistand i regi av Nordisk allianse for skatterettferd.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sankjær har eit møte med Det globale fondets leiar Peter Sands om helsebistand.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes 93 23 18 83