Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

Innhentar meir kunnskap om marin forsøpling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å bruke 4,6 millionar kroner på overvaking av mikroplast og innhenting av meir kunnskap om innsamla marint avfall. Målet er å evaluere effekten av strandrydding og anna opprydding av marin forsøpling.

Som følge av pandemien og restriksjonar på talet menneske som kan møtast fysisk, blir det gjennomført færre ryddeaksjonar i 2020 og 2021 enn i tidlegare år. Nokre av dei pengane som da ikkje vert brukt til formålet, vert brukt til å gje oss betre kunnskap om marin forsøpling og mikroplast. 4,6 millionar kroner vert difor omdisponert frå rydding til kunnskapsinnhenting og overvaking, for å gje oss meir kunnskap og eit betre grunnlag for ryddearbeidet i framtida.

- Det er sjølvsagt synd at aktiviteten på strandrydding har gått ned det siste året. Men denne omdisponeringa av tilskot vil gjere oss i stand til bruke pengane enda meir effektivt for å rydde opp i plastforsøpling på strendene i framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Den alternative bruken av deler av tilskotsmidla fordeler seg slik: 1,6 millioner kroner for å hente inn kunnskap om innsamla marint avfall og 3 millioner kroner til overvåking av mikroplast for å evaluere effekten av opprydding av marin forsøpling. Denne alternative bruken av 4,6 millioner kroner gjeld berre for eit år.