Nett-tv Innspillsmøte om EUs forslag til digital satsing

Se sendingen her

Se sendingen her

Tid: Måndag 16. februar klokka 10.00

Stad: Marmorhallen, i Klima- og miljødepartementet, Kongensgate 20  

Europakommisjonen har lansert forslaget sitt til kommande langtidsplanperiode frå 2028 til 2034 i juli. Blant dei foreslåtte programma er Det europeiske konkurranseevnefondet og Horisont Europa.

Saman skal dei to programma styrkje europeisk konkurransekraft gjennom forsking, innovasjon, bruk i marknaden, bygging av digital infrastruktur og kapasitet, med særleg vekt på kunstig intelligens og kvantteknologi. Programforslaga er no til behandling i EUs institusjonar.

Det europeiske konkurranseevnefondet (EKF) har eit foreslått samla budsjett på om lag 207 mrd. euro for perioden 2028 til 2034 [målt i faste 2025-prisar]. Fondet inkluderer ei satsing på digitale teknologiar – Digital leiarskap (DL) – med ei foreslått ramme på 48,5 milliardar euro. 

Det noverande Programmet for eit digitalt Europa (DIGITAL) stansar frå 2028, men Digitalt Lederskap vil føre vidare og utvide mange av satsingane frå dagens Digital-program.

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung ønskjer å høyre korleis norske aktørar vurderer EUs forslag til satsing på digitale teknologiar som er beskrivne i forslag til konkurranseevnefond.

  • Kva vil norsk deltaking - eller manglande deltaking - kunne bety for næringsliv, forsking og forvaltning?
  • Er det særskilde problemstillingar styresmaktene bør vere merksame på i denne samanhengen
  • Er det enkelte område de reknar som viktigare enn andre?

Pressa er velkomne til å delta på heile møtet. Statsråden er tilgjengeleg for korte intervju frå klokka 12.15. 

Presse kan registrere seg for deltakelse med e-post til presse@dfd.dep.no.

Arrangementet blir filma av Departementa si digitaliseringsorganisasjon (DIO), og kan følgjast direkte på denne sida.
Her kan òg videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til medium som ønskjer å sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e‑post: dio-lydogbilde@dio.dep.no

Presse som ønskjer å bygge inn nett-TV-sendinga på eigne nettsider, finn embed-kode ved å trykkje på «Del video»-knappen i videospelaren på sida