Presseinvitasjon

Inntektssystemutvalet leverer sin rapport

Måndag 29. august tek kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik imot utgreiinga til inntektssystemutvalet.

Inntektssystemutvalet har gjennomgått inntektssystemet for kommunane. Utvalsleiar Marianne Haraldsvik vil presentere utvalet sitt arbeid og forslag til endringar i inntektssystemet. Deretter vil ho overrekke rapporten til statsråden.

  • Tid: 29. august klokka 12.00
  • Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59

Du kan lese meir om mandatet og arbeidet til inntektssystemutvalet  på utvalet sine nettsider: Inntektssystemutvalget – Et offentlig utvalg nedsatt av Kongen i statsråd for å gjennomgå inntektssystemet for kommunene 

Pressa er velkomne til å delta. Presentasjonen vil i tillegg bli strømma på denne sida.

Nett-tv Inntektssystemutvalet leverer sin rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Send ein e-post til ke@kdd.dep.no for å melde deg på pressekonferansen.

Pressekontakt er medierådgjevar Jenny Kanestrøm Trøite, telefonnummer 900 24 610.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00