Investeringsproposisjonen for Forsvaret for 2021 er sendt til Stortinget

Regjeringa har bede om at Stortinget godkjenner fleire nye investeringsprosjekt på Ørland, Porsangmoen og Novik, og at Stortinget seier ja til endringar i bruk av Regionfelt Austlandet. I Investeringsproposisjonen svarar regjeringa og på Stortinget sitt spørsmål om det er alternativ til dei maritime helikoptra. Regjeringa bed og Stortinget om å få skaffe fleire sjømålsmissil til korvettane i Sjøforsvaret, og om å oppgradere F-35-flya.

Illustrasjonsbilete frå øvninga TG 21-2 i Nord-Norge.
Illustrasjonsbilete frå øvninga TG 21-2 i Nord-Norge. Foto: Marius Villanger, Forsvaret

Proposisjonen har mellom anna føljande innhald: 

Nye sjømålsmissil til Skjold-klassen
Avgjerda i den nye langtidsplanen for forsvarssektoren om å vidareføre korvettane i Skjold-klassen, for å kompensere for tapet av fregatten KNM Helge Ingstad, gjer det nødvendig å supplere behaldninga av NSM-sjømålsmissil for å oppretthalde den operative evna til fartøya. Den nye kostnadsramma for prosjektet vil dermed omfatte to element: Hovudvedlikehald av eksisterande NSM-behaldning og ei suppleringsanskaffing, med ei kostnadsramme på 2,140 milliardar kroner.

Oppgradering av F-35-flya
Avgjerda til Stortinget om innkjøp av F-35 jagarfly blei fatta i eit levetidsperspektiv. Gjennom partnarskapsavtalen skal Noreg bidra til vidareutviklinga av F-35-våpensystemet. Dette prosjektet inneber at Noreg oppgraderer våpensystemet ved å følgje det fleirnasjonale partnarskapet sin felles plan for oppgraderingar. Planen omfattar dei oppgraderingane som blir utvikla i perioden frå og med 2026 til og med 2030, og som er planlagd ferdig innført innan utgangen av 2035.

Formålet med desse oppgraderingane er å oppretthalde kampflykapasiteten gjennom utvikling av felles forsvarsevne for å gje eit operativt overtak mot dei trugsmåla som kan kome. Med ein felles konfigurasjon på våpensystemet F-35 saman med dei andre nasjonane i partnarskapet, får vi ei felles og effektiv forvalting av systemet. Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6,341 milliardar 2021–kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse.

Utbetring av hovudrullebanen på Ørland flystasjon
Asfaltlag på den opphavelege delen av hovudrullebanen har skadar etter fleire års bruk av kjemikaliar for avising av banedekket. Det er difor nødvendig å fornye banedekket på denne delen av rullebanen for å unngå fare for skade på personell og materiell. Det er og behov for å utbetre tryggingsområdet på denne delen av rullebanen. Vidare vert baneskuldrane i heile banelengda utvida slik at den totale banebredda tilfredsstiller krava til landing av større fly. Prosjektet si kostnadsramme er 487 millionar 2021-kroner.

Bustadar på Porsangmoen
Stortinget har vedteke å etablere ein kavaleribataljon på Porsangmoen og å samle Hæren og Heimevernet sine avdelingar i Finnmark under ei felles leiing. Det er difor behov for bustadar og forlegningar for å huse det auka talet på tilsette og vernepliktige. Prosjektet omfattar kjøp av 19 bustadar, bygging av 72 nye befalskvarter og ein ny mannskapsforlegning for 192 vernepliktige. Kostnadsramma for prosjektet er 360 millionar 2021-kroner.

Modernisering av lågfrekvensradiosendar
Lågfrekvensradiosendaren i Novik vart ferdigstilt i 1968. Ein slik sendar er det einaste kommunikasjonsmiddel for kommando og kontroll av ubåtar under vann, og nødvendig for at Noregs og allierte lands ubåtar skal operere skjult over lengre tid. Sendaren treng modernisering, fordi stasjonen er nær uforandra etter meir enn 50 års drift. Prosjektet skal sikre Noreg og NATO ein moderne og påliteleg kapasitet for å  støtte eksisterande og framtidas  ubåtkapasitet. Moderniseringa av stasjonen i Novik er planlagd gjennomført i perioden 2021–2024, og tilrådd samla kostnadsramme for eigedom, bygg og anlegg (EBA) og materiellprosjektet er  940 millionar 2021-kroner.

Regionfelt Austlandet
Gjeldande føringar hindrar Forsvaret i å bruke Regionfelt Austlandet heile året. Det gir store negative konsekvansar for Forsvaret som skal auke sin aktiviteten mykje framover. Avdelingar i Forsvaret som trenar i skyte- og øvingsfelta må kunne gjere det til alle årstider. Regjeringa tilrår å bruke plan- og bygningslova sine prosessar for å bestemme kva som skal gjelde og for å balansere omsynet til Forsvaret sitt behov i dag og framover og til sivilsamfunnet.  

Innleige av helikopter
Stortinget har bede regjeringa vurdere om det kan vere noko alternativ til helikopteret NH90 for  Forsvaret sin maritime helikopterkapasitet, både når det gjeld venta driftskostnadar og flytid. Regjeringas konklusjon er at det finst alternativ, men at ein annen helikoptertype kan vere eit tillegg, og at den ikkje kan erstatte NH90 fullt ut.

Innfasing og oppbygging av den operative kapasiteten til NH90 går seinare enn forventa. Det er framleis utfordringar med at leveransar av både helikoptra og reservedelar kjem seinare enn det som vart lagt grunn i planen for oppbygginga av NH90-kapasiteten. Koronapandemien som ramma Nord-Italia særleg hardt i starten av pandemien, har forsterka denne utfordringa. Dette inneber mellom anna at Forsvaret har lågare tilgjengeleg flytid enn planlagt og dermed lågare innfasingstakt for den operative kapasiteten. Forsvaret har på oppdrag frå Forsvarsdepartementet, og med bistand frå Forsvarets forskingsinstitutt, gjennomført ei fornya vurdering av om det er alternative helikopter som er egna til å dekke delar av behovet som NH90 etter planen skal dekke. I den fornya vurderinga frå Forsvaret er konklusjonen at det er andre helikopter som og kan dekke Forsvarets behov for maritime helikopter og at delar av dette behovet bør bli vurdert dekka gjennom innleige av helikopterkapasitet. Regjeringa vil sørge for at innleige vert vurdert nærare for det behovet som ikkje krev eit like spesialisert og høgteknologisk helikopter  som NH90. Stortinget vil bli halde orientert om dette arbeidet på egna vis.