Jon Hustad tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2016
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 24.06.2016
TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten Jon Hustad vart fredag tildelt prisen på 50.000 kroner og eit kunstverk under Dei nynorske festspela i Ørsta.
Juryen meiner Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politisk korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medier.