Klima- og miljøministeren deltek i webinar om marin naturrestaurering i Oslofjorden
Nyheit | Dato: 27.01.2026 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen deltek torsdag 29. januar i webinaret Naturbasert sone, arrangert av Norsk institutt for vassforsking (NIVA), der temaet vil vere marin naturrestaurering og naturforbetring i Oslofjorden.
Tid: Torsdag 29. januar kl. 09.45–10.30
Stad: Lenkje til webinarpåmelding hos NIVA
Oslofjorden er under sterkt press, og vi treng målretta og kunnskapsbaserte tiltak for å betre tilstanden. Marin naturrestaurering og naturforbetring er viktige verktøy i dette arbeidet.
Skal vi lykkast med å styrkje Oslofjorden, må vi kombinere forskingsbasert kunnskap med tett samarbeid mellom forsking, forvaltning og lokalsamfunn. Naturbaserte løysingar er ein del av dette arbeidet.
I webinaret vil NIVA-forskarane Saskia Trubbach og Kristina Øie Kvile ta utgangspunkt i ein ny rettleiar for marin naturrestaurering og naturforbetring i Oslofjorden. Dei vil gi ein fagleg gjennomgang av kva tiltak som kan gjennomførast, kvifor dei er nødvendige og korleis dei kan planleggjast og gjennomførast.
Etter presentasjonen vil klima- og miljøministeren delta i ein spørsmålsrunde og svare på innspel frå deltakarane.
Naturbasert sone er ein digital webinarserie om naturbaserte og blågrøne løysingar for klima og miljø.
Serien bidreg til kunnskapsutveksling mellom forsking, kommunesektor, statleg forvaltning og andre aktørar og rettar seg mot fagpersonar som arbeider med naturbaserte løysingar i praksis.