Presseinvitasjon:
Klima- og miljøministeren til Agder
Nyheit | Dato: 16.02.2026 | Klima- og miljødepartementet
Karbonfangst og -lagring og ny måte å kartleggje miljøtilstanden i fjorden på er ein del av programmet når klima- og miljøministeren kjem til Agder neste veke.
Måndag 23. februar besøkjer klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen Agder. Her skal han mellom anna til forbrenningsbedrifta Returkraft, som har starta eit eige prosjekt for karbonfangst og -lagring, med mål om å kutte eigne utslepp.
– Skal vi nå klimamåla våre kan vi ikkje berre kutte utslepp. Vi må også lykkast med å samle og lagre noko av karbonet vi slepp ut. Det er positivt at bedrifter sjølv tek initiativ til dette, og eg gler meg til å høyre meir om prosjektet Returkraft no jobbar med, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Under besøket skal klima- og miljøministeren også besøkje Innakva klynge i Farsund, som i samarbeid med NIVA har sett i gang eit banebrytande prosjekt for meir effektivt å kunne dokumentere korleis miljøtilstanden er langs kysten i Agder.
Klima- og miljøministeren skal også innom bedriftane Alcoa og Elkem under besøket. Her blir tema forutsigbarheit for industrien på veg mot eit samfunn med lågare utslepp.
For presseførespurnader, kontakt pressekontakt Katinka Vaag Prestøy på tlf. 91153671 eller katinka-vaag.prestoy@kld.dep.no.