Klimasmart sau

Regjeringa la 8. januar fram klimameldinga, som er regjeringa sin plan for å nå målet under Parisavtalen om minst 50-55 prosent kutt i utslepp i 2030. Landbruket har ei avgjerande rolle i dette arbeidet og er allereie godt i gang med å redusere sine klimagassutslepp.

Mikrobane i vomma til drøvtyggarar produserer klimagassen metan når dei bryt ned plantemateriale. Dette gjeld også sauen, og sauenæringa og -forskarar ønsker å finne måtar å redusere utsleppa på.  Norges miljø- og biovitenskepelege universitet (NMBU) har i dag to prosjekt med fokus på sau og klima, begge går fram til  2023.  

– Jordbruket har inngått avtale med regjeringa der partane forpliktar seg til å redusere utslepp og auka opptak av karbon. Denne avtalen er  berebjelken i det vidare klimaarbeidet i jordbruket, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Jordbruket har levert ein plan for korleis utsleppa kan reduserast, utan at det går utover matproduksjonen. Viktige tiltak er mellom anna innan gjødsling, fôr- og avlsutvikling, energibruk, god agronomi og dyrehelse. Desse forskningsprosjekta på sau er gode døme på kva dette arbeidet i praksis går ut på, seier Bollestad.

Klimasmart sau

I prosjektet "Klimasmart sau" skal det utviklast ein modell som skal berekne klimagassutslepp frå norske sauegarder. Her er alle viktige faktorar med, mellom anna fôrproduksjon, metan frå dyra og lystgass frå gjødsel. Modellen skal estimere dagens utslepp, men og gje svar på kva endringar som kan redusere utsleppa: Prosjektet skal komme med anbefalingar for klimatiltak i norsk sauenæring. Rådgjevingstenesta vil og kunne lage planar for klimatiltak for den enkelte garden, til døme om inn- og utmarksbeite og bruk av kraftfôr. Modellen vil bruke resultat frå prosjektet ‘Gras til gass’ (Grass-to-Gas).

Sake fortsett under bilete.

Sauer på beite.
Jordbruket har levert ein plan for korleis utsleppa kan reduserast, utan at det går utover matproduksjonen. Foto: Torbjørn Tandberg

Gras til gass

"Gras til gass" har deltakarar frå 9 land, mellom anna Storbritannia og New Zealand. Fokus er på korleis avl og fôring kan gje mindre klimagassutslepp. Ved NMBU ser dei på effektar av sauerase (genetikk) og kvalitet på grovfôr (rundball) og beitegras. Søyer av rasane Norsk Kvit Sau og Gammelnorsk Spæl får servert fôr av ulik kvalitet, og metanutslepp blir målt i kammer i ein spesiallaga lastebil som Norsk Sau og Geit stiller til rådigheit.  Vidare skal dei sjå på dei same rasane fôra med beitegras med ulikt næringsinnhald. Foreløpige resultat frå desember 2020 tyder på mindre utslepp frå den lettare, gammelnorske rasen, men det er for tidleg å seie om dette berre er ein effekt av kroppsvekta, eller om andre raseforskjellar som til dømes ulike mikroorganismar i vomma speler inn.