Sendt på høyring:

Konseptvalutgreiing for framtidig ordning for vegbruksavgift og bompengar

Skatteetaten og Statens vegvesen har gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) av nytt system for innkrevjing av vegbruksavgift og bompengar.

Konseptvalutgreiinga som no er sendt på høyring er gjort av Skatteetaten og Statens vegvesen på oppdrag frå Finansdepartementet, i samråd med Samferdselsdepartementet. Denne skal vidare gjennomgå ei ekstern kvalitetssikring (KS1) parallelt med offentleg høyring. Kvalitetssikringa starta opp 1. november.

Dette er ei oppfølging av et oppmodingsvedtak frå Stortinget samt anbefalinga i NOU 2021: 4 Noreg mot 2025 — Om grunnlaget for verdiskaping, produksjon, sysselsetting og velferd etter pandemien, jamfør Statsbudsjettet for 2022, proposisjon 1 S (2021-2022).

Konseptvalutgreiinga følger opp Hurdalsplattformen der det står at regjeringa vil «Innrette avgiftssystemet slik at det er rettferdig og bidrar til kutt i utslipp av klimagasser, og utrede løsninger som kan erstatte bompenger i fremtiden.»

Utgreiinga følger Statens prosjektmodell og gjennomførast i to trinn. Det første trinnet, som no er gjennomført, omhandlar sjølve konseptvalet for et nytt system for vegbruksavgift og bompengar. Regjeringa vil ta stilling til vidare oppfølging etter at offentleg høyring og ekstern kvalitetssikring er gjennomført.

For meir informasjon sjå