Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Kortare ventetid og auka kvalitet i sjukehusa

Regjeringa held fram å prioritere pasientbehandling og føreslser å styrke sjukehusa med 1 582 millionar kroner i 2020.

– Vi prioriterer å behandle fleire pasientar i sjukehusa slik at ventetida skal gå ned og færre må stå i helsekø. Samstundes vil vi investere i nye sjukehusbygg og betre kvaliteten på tenestene. Det vil gjere pasienten si helseteneste endå betre, seier helseminister Bent Høie.

Fleire får behandling

Regjeringa føresler å auke vekstramma til sjukehusa med 1 582 millionar kroner i 2020. Dette gjev rom for ein aktivitetsvekst på om lag 1,5 prosent. Dermed vert det lagt til rette for ein høgare vekst enn den demografiske utviklingen tilseier, som vil bli om lag 1,3 prosent.

– Regjeringa har med sine sju budsjett lagt til rette for ein vekst i pasientbehandlinga på 15,5 prosent. Det er fem prosentpoeng høgare budsjettert vekst enn etter åtte budsjett med dei raudgrøne. Ventetida er redusert med 16 dager, og det er 60 000 færre i helsekø, sidan 2013. Men framleis er det mange pasientar som ventar for lenge, seier Høie.

Fritt behandlingsval

I 2015 innførte regjeringa reforma fritt behandlingsval. Målet er å redusere ventetidene, auke valgfridomen og stimulere dei offentlege sjukehusa til å bli meir effektive. Samstundes har offentlege sjukehus fått større fridom til å behandle fleire pasientar. To rehabiliteringstenester blei inkludert i fritt behandlingsval i 2019. På sikt ynskjer ein å inkludere fleire slike tenester i godkjenningsordninga frå 2020.

Til toppen