– Situasjonen på Gaza er en humanitær krise. Sjølv grunnleggande behov som tilgang på rent vann er vanskeleg å dekke, noe som auker førekomsten av sykdom og svekker helsa. Dette bidraget skal halde i gang livsviktige tenester som vatn og sanitær for menneske i krise, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Utviklingsministeren kom med kunngjeringa på eit møte om den kritiske situasjonen for palestinske barn på FN si generalforsamling i New York.

Det er svært vanskeleg å få tak i reint vatn for dei to millionar innbyggjarane i Gaza. Av desse er om lag 1 million barn. Over 63 prosent av befolkninga må klare seg med mindre enn seks liter vatn per dag. Når eit menneske har mindre enn 10 liter vatn per dag, er det rekna som eit kritisk lågt nivå. Rundt 20 liter er ofte sett som eit minimum for å dekkje grunnleggjande behov som drikke, matlaging og enkel hygiene.

Kritiske behov

– Det er mange og akutte behov i Gaza. Situasjonen er spesielt alvorleg for barn og andre sårbare grupper. Vi må gjere det vi kan for at dei 1 million barna som bor i Gaza skal få ei betra framtid, seier Aukrust.

FN og dei  humanitære organisasjonane i Gaza har svært vanskelege arbeidsvilkår på grunn av krigshandlingar, store øydeleggingar, svært begrensa tilgang og for lite pengar.

Skal sikre vatn og avfallshandtering

UNICEF har ei sentral rolle i arbeidet med vatn, sanitær og hygiene i Gaza, og koordinerer innsatsen på dette området.  Det norske bidraget skal mellom anna gå til distribusjon av vatn, drift av kritiske WASH-tenester og handtering av fast avfall. Innsatsen vil bidra til å halde oppe tenester for rundt befolkninga i Gaza.

Transport av vatn med tankbilar er livlina for menneske i Gaza. Vatnforsyninga er under sterkt press, og aukande mengder avfall og dårlege sanitærforhold aukar risikoen for sjukdom og andre folkehelseproblem.