Lisensfelling utanfor ulvesona er stadfesta

Dette innholdet er mer enn 2 år gammelt.

Klima- og miljødepartementet har behandla klager på rovviltnemndene sine vedtak om lisensfelling av inntil 26 ulvar utanfor ulvesona. Vedtaka er i all hovudsak stadfesta. Lisensfelling av ulv utanfor ulvesona startar 1. desember.

Ulv i Norge
Deler av den felles skandinaviske ulvebestanden lever i Norge. Ulven forvaltes etter fastsatte bestandsmål for å sikre arten og begrense skade på dyr. Foto: Lars Gangås, SNO/Miljødirektoratet.

– Klima- og miljødepartementet har behandla klager på rovviltnemndene sine vedtak om lisensfelling av inntil 26 ulvar utanfor ulvesona. Vi har ikkje funne grunnlag for å endre vedtaka. Dei er difor endelege, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Klagene som er behandla, er knytt til:

  • region 1 (Vestland, Rogaland og Vest-Agder)
  • region 2 (Buskerud, Vestfold og Telemark og Aust-Agder)
  • region 3 (Oppland)
  • region 6 (Trøndelag og Møre og Romsdal),
  • region 4 utanfor ulvesona (Østfold, Akershus og Oslo)
  • region 5 (Hedmark)

Totalkvote på 26 dyr utanfor ulvesona

Til saman er kvotene i desse områda på 26 ulvar.

Klima- og miljødepartementet har, i tråd med Miljødirektoratet si faglege tilråding og vedtaka frå rovviltnemndene, komme fram til at vedtatt kvote på til saman inntil 26 ulvar utanfor ulvesona ikkje trugar den sør-skandinaviske ulvebestanden si overleving.

Vedtaka er i tråd med bestandsmåla, lovverket og Bernkonvensjonen. I denne vurderinga er alle lisensfellingskvotene for ulv utanfor ulvesona i de ulike regionane sett i samanheng.

– Den samla kvota på inntil 26 ulvar utanfor ulvesona er sett for at det skal vere mogeleg å felle ulv i alle rovviltregionar om det skulle dukke opp dyr der i løpet av vinteren. Det betyr ikkje nødvendigvis at det vil fellast so mange ulvar, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Kvotene i dei ulike regionane

Lisensfellingsperioden utanfor ulvesona varar frå 1. desember til 31. mai.

  • I region 1 er kvota 3 dyr.
  • I region 2 er kvota 2 dyr.
  • I region 3 er kvota 7 dyr.
  • I region 4 og 5 utanfor ulvesona er kvota 12 dyr.
  • I region 6 er kvota 2 dyr.

Les meir (PDF-filer)