Historisk arkiv

Lovendring skal sikre at forureinar betaler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Dersom ein forureinar ikkje set i gang tiltak forureiningsmyndigheita har pålagt dei, kan myndigheita setje i gang tiltak sjølv og krevje inn kostnadene frå forureinar i etterkant. Ei endring i forureiningslova gjer at myndigheita no òg kan krevje renter for heile perioden, også i perioden før det kan krevjast forseinkingsrente – såkalla avsavnsrente.

- Endringane som no er gjort i forureiningslova er viktige for å sikre at ansvarleg forureinar betaler, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Stortinget vedtok lov om endringar i forureiningslova (lovheimel for krav om avsavnsrente) den 27. april 2021. Loven vart i dag sanksjonert av Kongen i statsråd, og dei foreslåtte endringane trådde i kraft straks.

Vedtaket er basert på forslag i Prop. 87 L (2020-2021).

Endringane er gjort i forureiningslova paragraf 76 som gjeld betaling av utgifter for tiltak mot forureining og avfallsproblem. Føresegna inneheld blant anna regler om forureiningsmyndigheita si rett til å få dekka dei utgiftene, skadane eller tapa dei har hatt dersom dei har satt i verk tiltak på vegne av ansvarleg forureinar. I tillegg har endringa av paragraf 76 no ført til at forureiningsmyndigheita har ein lovheimla rett til å krevje avsavnsrente i perioden fram til det kan krevjast forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova.

Det går fram av lova at ein ved berekning av avsavnsrenta skal nytte pengemarknadsrenta tillagt fire prosentpoeng som rentesats. Avsavnsrenta er meint å dekkje tapet forureiningsmyndigheita har hatt ved å ikkje kunne disponere over pengar dei har krav på.

Du kan lese innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringer i forurensningsloven her.