Norsk Romsenter bytar namn til Direktoratet for romverksemd
Pressemelding | Dato: 01.09.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Målet med namneendringa er at direktoratet skal ha eit namn som i større grad signaliserer deira rolle, og som reflekterer og anerkjenner dei viktige oppgåvene dei har i utviklinga av norsk romverksemd.
I dag, 1. september 2025, endrar Norsk Romsenter namn til Direktoratet for romverksemd (bokmål: Direktoratet for romvirksomhet). Direktoratet er staten sin strategiske rådgjevar for romverksemd, dei forvaltar tilskot, og dei representerer Noreg i internasjonalt romsamarbeid.
– Eg vil gratulere Direktoratet for romverksemd med nytt namn. Noreg er og skal vere ein romnasjon. Jobben Direktoratet for romverksemd gjer er ein viktig føresetnad for det, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Direktoratet for romverksemd er ein statleg etat under Nærings- og fiskeridepartementet. Siden etaten vart oppretta i 1987, har oppgåvene deira både auka og endra seg betydeleg. Samfunnet si nytte av romverksemd har òg endra seg. Satellittar er no kritisk infrastruktur for kommunikasjon, navigasjon og overvaking, mellom anna i Noregs store havområder langt mot nord. Satellittbaserte tenester er òg viktig for forvaltning av fiskebestandar, klima og skredfare. Noreg har romaktørar som arbeider i heile spennet av verdikjeda, frå utvikling og oppskyting til nedlasting av data frå satellittar.
Vedtaket om namneendringa vart gjort av Kongen i statsråd 28. mars 2025.
Det engelske namnet til Direktoratet for romverksemd skal fortsatt vere Norwegian Space Agency.