Meir aktivitet i Forsvaret

– Regjeringa fortset arbeidet med å styrke Forsvaret og har foreslått å auke forsvarsbudsjettet for 2019 med 4 milliardar kroner nominelt. Det er ei auking på 7,3 prosent. Med ei bevisst satsing på Forsvaret ser vi no at mannskapane får meir trening og øving med meir tilgjengeleg materiell. Reaksjonsevna blir kortare, og evna til å halde ut i ein konfliktsituasjon aukar. Dette er heilt i tråd med målsettingane våre og viser at regjeringa er til å stole på i forsvarspolitikken, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Regjeringa foreslår ei auke på 4 milliardar kroner for forsvarsbudsjettet for 2019.
Regjeringa foreslår ei auke på 4 milliardar kroner for forsvarsbudsjettet for 2019. Foto: Forsvaret

Det er særleg Hæren, Sjøforsvaret og Heimevernet som prioriterast i neste års budsjett, i tillegg til at regjeringa i sitt budsjettforslag følger opp langtidsplanens storstilte satsing på Luftforsvaret. Mykje nytt materiell og ny infrastruktur kjem på plass, og det arbeidast med sikte på å forsere objektsikkerheita. Med dette forslaget blir heile 70 prosent av den økonomiske opptrappinga regjeringa planla frå 2017 og fram mot 2020, nådd i 2019.

Regjeringas forslag til budsjett for 2019 er 58 953,5 millionar kroner.

Regjeringa foreslår å:

  • sette av 341 millionar kroner ekstra til den vidare utviklinga av landmakta, herunder 86 millionar kroner ekstra til Heimevernet til tiltak som vil auke den operative evna gjennom meir trening og øving,
  • styrke Nasjonalt tryggingsorgans arbeid med å implementere den nye lova om sikkerheit og til fleire inntrengingstestar med 40 millionar kroner,
  • nytte 312 millionar kroner til forsert anskaffing av dei nye kystvaktfartøya,
  • nytte om lag 1,7 milliardar kroner til prosjekt på Ørland som er knytt til den nye kampflybasen,
  • nytte over ein halv milliard kroner til prosjekt på Evenes knytt til operasjonsbase for F-35 og hovudbase for dei nye maritime patruljeflya,
  • vidareføre investeringar i bygg og anlegg i Troms for om lag 200 millionar kroner,
  • sette av om lag  180 millionar kroner til grunnsikringsarbeid av skjermingsverdige objekt,
  • tildele 5,57 milliardar kroner til Hæren, noko som er ei auking på om lag 500 millionar kroner frå 2018,
  • tildele om lag 4,4 milliardar kroner til Sjøforsvaret (utanom Kystvakta), noko som er ei auking  på om lag 295 millioner kroner frå 2018,
  • tildele Luftforsvaret om lag 5,3 milliarder kroner, noko som er ei auking på om lag 356 millionar kroner frå 2018 og
  • tildele om lag 1,4 milliardar kroner til Heimevernet, noko som er ei auking på 153 millionar kroner frå 2018.

 

Forsvarsbudsjetta har auka betydelig sidan 2013

Regjeringa tar pliktane og byrdefordelinga i NATO på alvor, og har ei målsetting om å nytte to prosent av brutto nasjonalprodukt til forsvarsføremål. Regjeringa har auka forsvarsbudsjetta kvart år sidan 2013 og  foreslår ei vesentleg styrking av budsjettet også for 2019.  Regjeringa har for arbeidet med neste langtidsplan lagt som eit premiss at Noreg skal bevege seg ytterlegare i retning av to-prosentmålsettinga. Frå 2013 har forsvarsbudsjettet auka nominelt med om lag 16,8 milliardar kroner.

– NATO har eit mål om at nasjonane skal nytte 20 prosent av forsvarsbudsjetta til materiellinvesteringar. Noreg overoppfyller dette målet i og med at vi nyttar 27 prosent, og regjeringa legg opp til ein fortsatt høg investeringsdel i mange år framover. Byrdefordelinga handlar ikkje berre om pengar, men også om deling av risiko, mellom anna gjennom deltaking og bidrag til operasjonar og korleis dei militære kapasitetane til landa er. NATO, og særleg USA, verdset Noregs deltaking i NATO sin maritime styrke, i Baltikum, i Afghanistan og i Irak, og Noregs omfattande investeringar i nytt materiell, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

 

Objektsikringa styrkast

Objektsikring er ein viktig del av Heimevernets oppgåver. Difor aukar regjeringa Heimevernets evne til å sikre objekt ved å gi meir til trening og øving i områdestrukturen. Fleire soldatar skal øve kvart år og lengda på treninga og øvinga aukast. Soldatane skal få høgare kompetanse og betre utstyr. Kvar soldat skal få moderne handvåpen.

I 2019 skal det på plass eit system for å rekvirere sivile fartøy. Saman med anskaffing av småbåtar og maritimt markerings- og sperremateriell, skal dette gi auka evne til vakt og sikring av objekt ved sjøen.

Heimevernet skal også styrkast for å ha oppgåver knytt til rotasjonsordninga med amerikanske soldatar på Værnes.

Regjeringa fortset i 2019 med å fase inn Noregs nye kampfly F-35.
Regjeringa fortset i 2019 med å fase inn Noregs nye kampfly F-35. Foto: Forsvaret

 

Store investeringar

Nivået på investeringane aukast betydeleg komande år. Dette er i tråd med langtidsplanen, og aukinga vil fortsetta i åra framover.

I 2019 går det mellom anna store utbetalingar til F-35, ubåtar, nye kystvaktfartøy, maritime patruljefly, kampluftvern og kampvogner til Hæren og til NH90.

Forsvaret er i rute med anskaffinga av dei nye kampflya, og dei så langt ni flya som er teke imot på Ørland blir testa og evaluert. I budsjettforslaget ber regjeringa om fullmakt til å kjøpe seks nye fly, slik at den samla fullmakta omfattar 46 fly. Kostnadsramma er den same som Stortinget fastsette.

Regjeringa foreslår å bruke meir enn 1,7 milliardar kroner til prosjekt på Ørland flystasjon slik Stortinget vedtok om utviklinga av framtidig kampflybase. Pengane skal i hovudsak gå til hangarar til F-35, sikring og innløysing og støytiltak på eigedommar i støysonen rundt flystasjonen.

Regjeringa vil også bruke over ein halv milliard kroner for å følge opp Stortingets vedtak om å utvikle Evenes som hovudbase for Forsvarets nye maritime patruljefly og som operasjonsbase for eit mindre tal kampfly som skal stå på beredskap for NATO. Dei økte midlane skal mellom anna nyttast til sikring, infrastruktur, forlegning til mannskap og til oppgradering av drivstoffanlegga.

 

Øver og trener meir med allierte i nord

Regjeringa auker aktiviteten i Brigade Nord, i Hans Majestet Kongens Garde og ved Garnisonen i Sør-Varanger, i tråd med langtidsplanen. Regjeringa legg også til rette for at Forsvaret kan øve reservistar, og Hæren vil i 2019 kalle inn delar av sin aktive reserve. Reservistane skal øve og trene saman med soldatar som er i teneste. Hæren skal også øve på å virke saman med allierte i nord. Det er i tråd med regjeringas nordområdepolitikk og i samsvar med langtidsplanen.

Det er også i tråd med planane at det landmilitære nærværet i Finnmark skal styrkast, og difor etablerast ein manøvereining på Porsangermoen og bygginga av jegerkompaniet ved Garnisonen i Sør-Varanger fortset.

Hæren fortset satsinga på vedlikehald, reservedelar og lager.

 

Fortsatt høg operativ leveranse i Luftforsvaret

Regjeringa fortset i 2019 å fase inn Noregs nye kampfly (F-35) og dei nye helikoptera (NH90). Det vil vere 15 operative F-35 i Noreg ved utgangen av 2019, men fram til alle flya er på plass, er det F-16 som ivaretar kampflyberedskapen. Kampflya skal ha Ørland flystasjon som hovudbase. Utbygginga av denne basen fortset i 2019. NH90 skal nyttast på fregattane og på Kystvaktas fartøy.

Luftforsvarets skolesenter skal etablerast på Værnes, Luftforsvarets luftvernstridsgrupper skal vidareutviklast og Hæren skal få kampluftvern.  Luftforsvarets rekruttutdanning skal framleis vere på Madla, i samarbeid med Sjøforsvaret.

Alle helikopteravdelingane fører vidare sin operative aktivitet i 2019, og dei nye redningshelikoptera skal fasast inn etter at dei har blitt testa og evaluert.

Forsvaret skal legge til rette for fortsatt høg operativ leveranse med dei maritime patruljeflya frå Andøya, og i budsjettforslaget er det satt av pengar til omstilling for å halde på naudsynt kompetanse i Luftforsvaret. Forsvarsbygg skal nytte ein stor del av sine ressursar på prosjekt knytt til dei nye maritime patruljeflya og til NATOs kampflyberedskap, begge på Evenes.

Regjeringa vil styrke Sjøforsvaret ved å etablere ein femte besetning på fregattane.
Regjeringa vil styrke Sjøforsvaret ved å etablere ein femte besetning på fregattane. Foto: Forsvaret

 

Aktivitetsauke for fregattar, korvetter og ubåtar

Regjeringa legg opp til at Sjøforsvaret skal styrke besetningane. Dette gjeld også etablering av ein femte besetning på fregattane, og betyr at den sjømilitære kompetansen og operative evna blir betre. Aukinga er i tråd med intensjonane i langtidsplanen.

NH90 skal vere ein integrert del både av fregattane og av Kystvakta. Det betyr at ambisjonane frå langtidsplanen ligg fast.

Til toppen