Statsbudsjettet 2026
Meir leik og praktisk utstyr for dei minste i skulen
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kunnskapsdepartementet
For neste år foreslår regjeringa å utvide tilskotsordninga for meir praktisk utstyr. No skal kommunane også kunne søke om utstyr til leik og aktiv læring til 1.– 4. trinn.
– For mange elevar er overgangen frå barnehage til skule brå, med mindre leik og meir stillesitting. Der andre parti vil innføre fleire skuletimar for dei minste, vil Arbeidarparti-regjeringa ha meir leik og praktisk undervisning. Leiken er viktig ikkje berre for trivselen, men han fremmar også læring, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
To år på rad har kommunane fått tilskot til å kjøpe inn utstyr til meir praktisk læring for 5. – 10. trinn. I 2026 vil regjeringa auke tilskotsordninga frå 160 til 191 millionar kroner og utvide ordninga til også å gjelde elevar i 1. til 4. trinn. Dette skal legge betre til rette for meir leik i opplæringa for dei yngste.
Tilskotsordninga for meir praktisk utstyr har vist seg å vere veldig populær. Både i 2024 og 2025 søkte nesten alle kommunane om tilskot.
Regjeringa har òg oppretta ei ordning der skular kan få rentekompensasjon når dei skal gjere større investeringar i utstyr og læringsarenaer - som verkstader, skulekjøkken eller uterom som gjer undervisninga praktisk, aktiv og relevant. I 2026 vil regjeringa auke investeringsramma i rentekompensasjonsordninga til 3 milliardar kroner. Dei neste fem åra skal denne trappast opp til 8 milliardar kroner.
Stor interesse for å gjere skulen meir praktisk
Regjeringa har frå før også dobla delen timar skulane disponerer fritt til å kunne gjere eigne satsingar, som meir praktisk skule og fysisk aktivitet. Delen er auka frå fem til ti prosent.
– No ser vi døme på skular som på eigne premissar, tilpassa lokale forhold, har fått ein time fysisk aktivitet og leik kvar einaste dag på alle trinn. Saman med den store interessa for tilskotet til utstyr, viser dette at det er eit stort ønske om å gjere skulen meir praktisk, variert og aktiv, seier Nordtun.
Regjeringens tiltak for ein meir praktisk og variert skule
Regjeringa er også i gang med fleire andre tiltak for å gjere skulen praktisk og variert:
- Utdanningsdirektoratet har fått midlar og ansvaret for å utvikle, koordinere og samordne eit nasjonalt program for praktisk læring. Programmet skal bidra til at skular og kommunar i større grad får støtte til å skape ein meir praktisk skule, og til at dei kan utnytte det lokale handlingsrommet i regelverket for å nå måla i læreplanverket.
- Dei nasjonale sentera, Naturfagsenteret, Matematikksenteret, Lesesenteret og Skrivesenteret, har fått ekstra ressursar til å bidra inn i programmet. Dei skal utvikle gode ressursar og fagleg støtte for praktisk læring som det skal vere lett for lærarar over heile landet å ta i bruk.
- Regjeringa er i gang med å innføre valfag på 5. til 7. trinn. Valfaga skal vere praktiske fag, slik dei har på ungdomsskulen, men dei skal tilpassast alderen på elevane. Valfag på mellomtrinnet skal bidra til å auke trivselen og motivasjonen til elevane ved at skulekvardagen blir meir praktisk og variert. Det å kunne ta eigne val ut frå eigne interesser vil også føre til meir trivsel og meir læring.
- Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å gjere det obligatorisk for skular å tilby arbeidslivsfag. Om få år vil Noreg mangle meir enn 85 000 fagarbeidarar. For at fleire elevar skal bli interesserte i å velje og setje fleire i stand til å gjennomføre yrkesfag, vil regjeringa at elevar i større grad skal bli introduserte for yrkesfaga på ungdomssteget. Endringa skal etter planen tre i kraft frå og med skuleåret 2026/2027.