Statsbudsjettet 2021:

Meir pengar til klimavenlege investeringar i Nysnø

Regjeringa foreslår å styrkje Nysnø Klimainvesteringer med ytterlegare 700 millionar kroner i 2021.

– Dette betyr at Nysnø kan investere i fleire bedrifter som utviklar ny, klimavenleg teknologi. Det er viktig for det grøne skiftet. Tiltaket gjer det mogleg for fleire bedrifter som jobbar med klimavenleg teknologi å kome styrkt ut av koronakrisa, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Gjennom statsbudsjettet vil regjeringa leggje til rette for at næringslivet kan skape grøne jobbar og ei meir berekraftig framtid.

Nysnø er førebels tilført 1 725 millionar kroner, og med ytterlegare 700 millionar kroner i 2021 vil forvaltingskapitalen auke til 2 425 millionar kroner.

Fakta om Nysnø