Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 3. oktober 2000.

VI HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gjev Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Regjeringserklæringa, som vart lagd fram for Stortinget i mars i år, dreg opp retningslinjene for arbeidet til Regjeringa.

Ei hovudmålsetjing for utanrikspolitikken til Regjeringa er å ta meir aktivt hand om norske interesser i det nye Europa. Samtidig vil Regjeringa styrkje Noregs engasjement i kampen mot det globale fattigdomsproblemet.

Noreg har teke eit aktivt medansvar for utviklinga i Europa. Dei politiske, tryggingspolitiske og økonomiske interessene våre er kopla nært og direkte til framtida for Europa. EØS-avtala er grunnlaget for sambandet mellom Noreg og Den europeiske unionen, men Noreg må også ta stilling til nye samarbeidsområde og samarbeidsprosessar innanfor EU.

Utvidinga av EU mot aust er ein viktig byggjestein i arbeidet for fred og stabilitet i Europa.

Regjeringa stør utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarspolitikk og ei styrkt europeisk evne til krisehandtering. Regjeringa har derfor sagt seg villig til å hjelpe til med både militære og sivile ressursar. Samtidig er det viktig å vidareutvikle dei gode transatlantiske kontaktane våre.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet med å tilpasse NATO til den nye tryggingspolitiske situasjonen i Europa. Krisehandteringa på Balkan, særleg fredsoperasjonen i Kosovo, har kravd ein stor del av dei politiske og militære ressursane i alliansen. Noreg er ein stor bidragsytar i den NATO-leidde KFOR-styrken. Det er bestemt at Noreg skal ha leiinga av KFOR-hovudkvarteret i 6 månader i 2001. Det er vidare opna for ei konstruktiv utvikling av forholdet mellom NATO og Russland til beste for europeisk tryggleik og stabilitet.

På andre område har den positive utviklinga i samarbeidsforholdet til Russland halde fram. Det har vore jamleg tosidig kontakt om saker av felles interesse. I samarbeidet med norske nærområde i Nordvest-Russland og Baltikum er det lagt vekt på å styrkje det offentlege helsesystemet. Kampen mot smittsame sjukdommar som viser auka spreiing, er spesielt sett i fokus.

Det er innleidd forhandlingar om landbruk og tenester i Verdshandelsorganisasjonen, WTO. Regjeringa har teke aktivt del i arbeidet med å skape grunnlag for ei ny, omfattande forhandlingsrunde i WTO. Noreg har slutta seg til dei reviderte retningslinjene i OECD for fleirnasjonale selskap.

Regjeringa har arbeidd for å trappe opp kampen mot fattigdom, mellom anna ved å vere med på å tryggje helse for born gjennom eit effektivt vaksinetilbod. Det globale vaksine initiativet GAVI er eit viktig nytt instrument og Regjeringa vil bidra med 1 milliard kroner over 5 år. Regjeringa legg og vekt på å gje større tyngde til hiv/aids-arbeidet og å betre samordninga av dei ulike verkemidlane i norsk utviklingshjelp.

Den økonomiske utviklinga i Noreg har vore god. Økonomien er prega av høg kapasitetsutnytting. Kroneverdien mot euro har vore nokså stabil. Noregs Bank har i år sett opp foliorenta med 1,50 prosentpoeng til 7,0 pst.

Verdien av olje- og gasseksporten auka i fjor med 36 pst., først og fremst på grunn av høgare oljepris. Dei sju første månadene i år har verdien av olje- og gasseksporten auka med 109 pst. i forhold til same tidsrommet i fjor.

Yrkesdeltakinga er no på det høgaste nivået som nokon gong er målt. 71 pst. av alle mellom 16 og 74 år er i arbeid. I 1999 heldt arbeidsløysa seg uendra i forhold til 1998, men ho var lågare enn i 1997.

Eit utval som har drøfta langsiktige strategiar for sysselsetjing og verdiskaping, la i juni fram innstillinga si. Alle hovudorganisasjonane i arbeidslivet har vore representerte i utvalet.

Folkemengda auka med over 33 000 personar i 1999. Det er den største veksten i folketalet som er registrert sidan første halvdelen av 1950-talet. Nesten 60 pst. av auken i folketalet i fjor skuldast netto innvandring.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med eit fornyingsprogram for offentleg sektor der ein legg hovudvekta på følgjande: Sterkare brukarorientering, overføring av ressursar frå administrasjon til tenesteyting og frå sektorar med minkande behov til sektorar med aukande behov og effektivisering av ressursbruken på alle nivå.

I arbeidet med fornying av offentleg sektor er oppfølginga av utgreiinga frå Oppgåvefordelingsutvalet sentral. Vidare er arbeidet med å redusere statleg detaljstyring viktig. Regjeringa har gjort framlegg om ein plan for å innlemme og avvikle øyremerkte tilskott og vidareført prøveordninga med konsultasjonar mellom staten og kommunesektoren.

For år 2000 er det venta ein reell inntektsvekst i kommunesektoren på vel 2 pst. Aktivitetsveksten har vore spesielt stor innanfor helse og eldreomsorg.

I juni 2000 vart det lagt fram ein prosjektrapport om hindringar i lovverket for elektronisk kommunikasjon. Arbeidet med nødvendige lovendringar er sett i gang. Regjeringa har nettopp fremja eit framlegg til lov om elektronisk signatur for Stortinget som vil få mykje å seie ved elektronisk handel, innrapportering og dokumenthandtering.

Det er vedteke at IT Fornebu Technoport får i oppdrag å byggje ut IT- og kunnskapssenteret på Fornebu. Selskapet for industrivekst – SIVA – skal representere staten i eigedoms- og utviklingsselskapa på Fornebu.

Sjukehusa er vortne styrkte gjennom den framlagde stortingsproposisjonen om sjukehusøkonomi og budsjett 2000.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om gjennomføringa av handlingsplanen for eldreomsorga, som vart vedteken i 1997 .

Frå 1. juli 2000 har fedrar fått rett til fødsels- og adopsjonspengar basert på eiga opptening uavhengig av om mora har opptent rett. Det avgjerande no er kva mora gjer etter fødselen eller omsorgsovertakinga.

I 1999 vart det etablert 5 300 barnehageplassar. Ved årsskiftet hadde om lag 62 pst. av alle barn i alderen 1 – 5 år plass i barnehage. For å auke utbygginga i inneverande år er det innført stimuleringstilskott for nye plassar.

Det er lagt fram ein handlingsplan for kompetansereforma og sett i verk eit kompetanseutviklingsprogram. Reforma blir utvikla i nært samarbeid med partane i næringslivet.

Det er vedteke at vaksne skal ha rett til grunnskole- og vidaregåande opplæring, og vedtaket gjeld frå no i haust. Regjeringa tek sikte på å setje i verk regelen om rett til grunnskoleopplæring for vaksne frå hausten 2002.

I samband med lønnsoppgjeret i år var Regjeringa med på å gje lærarane eit lønnslyft. Det vil kunne sikre betre rekruttering. Samtidig vart det gjort endringar i arbeidstidsreglane som vil føre til større fleksibilitet og betre utnytting av lærarårsverket.

Den opne internasjonale arkitektkonkurransen for nytt operahus vart avslutta i juni, og etter å ha vurdert 236 framlegg samla juryen seg samrøystes om å gje førsteprisen til det norske arkitektkontoret Snøhetta.

*********

Regjeringa er godt i gang med å gjennomføre planen for å redusere gjeldsbøra i fattige land. Dei første einsidige norske gjeldsavskrivingane er vedtekne, og fleire initiativ er tekne for å forbetre og effektivisere dei internasjonale mekanismane for gjeldslette. Internasjonalt er det oppnådd stor semje om føresetnader og verkemiddel. Når det gjeld finansieringa står det likevel att vesentlege problem.

FN arrangerte i september eit toppmøte i samband med tusenårsskiftet der ein sette søkjelyset på kva som trengst for å styrkje samarbeidet rundt verdsorganisasjonen i åra som kjem.

Regjeringa deltok på femårsgjennomgangene av Den internasjonale kvinnekonferansen og Det sosiale toppmøtet. Det er stor semje om kor viktig det er med godt styresett, tilgang til arbeid og sosiale tenestar og ein likestillingsdimensjon i alle utviklingstiltak. Hiv/aids, arbeidsstandarder og barnearbeid er sentrale utfordringar Regjeringa følgjer opp.

Regjeringa har gjeve humanitær bistand høg prioritet. Arbeidet med å byggje bru mellom kortsiktig nødhjelp og berekraftig utviklingshjelp er styrkt. Presset på dei humanitære bistandsbudsjetta har i år vore sterkare enn på lenge. Det er grunn til å frykte at tendensen til fleire og meir omfattande naturkatastrofar vil halde fram.

Regjeringa har sameleis gjeve høg prioritet til arbeidet med å fremje menneskerettane, verdiane i rettsstaten og demokratiske institusjonar.

Noreg ratifiserte i februar vedtektene for Den permanente internasjonale straffedomstolen og har teke del i det arbeidet som går føre seg i FN med sikte på å etablere domstolen. Regjeringa skreiv 13. juni i år under dei to nye tilleggsprotokollane til FNs Barnekonvensjon. Dem eine og om barn i væpna konflikt, den andre om salg av barn og barneprostitusjon. Protokollane er viktige verkemiddel i arbeidet for å styrkje rettane for barn.

Noreg avslutta formannskapen i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Konfliktane på Balkan og i Tsjetsjenia stod sentralt i den sisten perioden av formannskapen. Sidan årsskiftet har Noreg vidareført det aktive engasjementet i OSSE, mellom anna som medlem av leiartroikaen.

Noreg har ytt monaleg støtte til tiltak for å fremje fred, demokrati og gjenoppbygging etter krigshandlingane på Balkan. Regjeringa har derfor også teke aktivt del i arbeidet med den EU-leidde Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Noreg vart i juni i år fullt medlem i pakta, og fekk samtidig ansvaret for å leie arbeidet med tryggingsspørsmål.

Noregs engasjement i fredsprosessen i Midt-Austen er vidareført. 2. november 1999 vart det arrangert ei minnehøgtid for avdøde statsminister Yitzak Rabin i Oslo der presidenten i USA, statsministeren i Russland, statsministeren i Israel og presidenten for Dei palestinske sjølvstyrestyresmaktene deltok i tillegg til ei lang rekkje politikarar frå regionen.

Arbeidet med å presentere Noreg i utlandet gjennom presse-, kultur- og informasjonstiltak har vore høgt prioritert. For å auke kunnskapen om utanriks-, utviklings- og menneskerettspolitikken til Regjeringa har det vore gjennomført fleire informasjonstiltak overfor det norske samfunnet.

Regjeringa har ført ein aktiv norsk politikk for å finne internasjonale løysingar på globale miljøspørsmål og for ei verdsomspennande berekraftig utvikling. Viktige oppgåver har vore det internasjonale arbeidet for eit regelverk under Kyoto-protokollen og for regelverk og nye protokollar under Biomangfaldkonvensjonen, mellom anna sluttføringa av forhandlingane om Protokollen om handel med genmodifiserte organismar.

Noreg har innleidd eit nytt 5-årig miljøsamarbeid med Sør-Afrika med ei økonomisk ramme på til saman 60 millionar kroner.

Noreg skreiv i desember 1999 under ein ny protokoll under ECE-konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining. Den nye protokollen vil gje vesentlege reduksjonar i dei langtransporterte luftforureiningane som fører til forsuring i Noreg.

Noreg har teke aktivt del i det internasjonale energisamarbeidet i Det internasjonale energibyrået IEA, i det europeiske energicharteret ECT og i samarbeidet om energi i Barents- og Austersjøregionen. Regjeringa har i samråd med andre oljeeksporterande land gjennomført tiltak for å regulere produksjonen for å stabilisere oljemarknaden og oljeprisen på eit rimeleg høgt nivå. Tiltaka vart oppheva med verknad frå 1. juli i år.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 79 milliardar kroner dei seks første månadene i år, mot eit overskott på 5,4 milliardar kroner på same tid i fjor. Eksport og import av tradisjonelle varer auka kvar for seg med 15,2 pst. og 6,9 pst. dei sju første månadene i år samanlikna med den same perioden i fjor. Handelsbalansen overfor utlandet for Fastlands-Noreg viste dermed eit underskott på 35,8 milliardar kroner dei sju første månadene i år, mot eit underskott på 41,5 milliardar kroner i same perioden i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka med 73,9 milliardar kroner dei seks første månadene i år og vart ved utgangen av juni rekna til om lag 206 milliardar kroner.

Ved utgangen av første halvår i år var marknadsverdien av investeringane til petroleumsfondet nesten 305 milliardar kroner.

Verdien av olje- og gasseksporten var 161,4 milliardar kroner i 1999. Det er 36,4 pst. høgare enn året før, noko som i første rekkje skuldast høgare råoljeprisar. Dei sju første månadene i år har verdien av olje- og gasseksporten auka med 109 pst. i høve til same tidsrommet i 1999. Dei sju første månadene i år var eksportprisen på råolje 228 kroner pr. fat i gjennomsnitt. Det er 111 pst. høgare enn dei sju første månadene i 1999.

Eksporten av fisk og fiskeprodukt er i stadig vekst. I 1999 vart det eksportert fisk for 29,8 milliardar kroner, og av dette stod havbruksnæringa for om lag 12 milliardar.

Nye tryggingspolitiske utfordringar, aukande krav til effektivitet og til materiell krev omfattande endringar i Forsvaret. I den samanheng har mellom anna Forsvarspolitisk utval og forsvarssjefen lagt fram ei rekkje tilrådingar, som no er til vurdering.

Stortinget har i år behandla meldinga frå Regjeringa om å tilpasse Forsvaret til deltaking i internasjonale operasjonar. Det er brei politisk semje om å opprette ein innsatsstyrke for internasjonale operasjonar.

Forsvaret gjennomfører omfattande investeringar i nytt materiell. Kjøp av fem nye fregattar er eit viktig bidrag til å halde oppe eit truverdig forsvar med evne til å tryggje norsk suverenitet og møte framtidige tryggingspolitiske utfordringar. Det er inngått ei gjenkjøpsavtale i samband med fregattkjøpet som sikrar norsk industri viktige oppdrag.

Det uformelle ministermøtet i Bergen i september i år, der over 20 miljøvernministrar diskuterte Rio+10, berekraftig energi, styrking av det internasjonale miljøvernsamarbeidet og klimaspørsmål, var eit viktig steg på vegen fram mot den neste store FN-konferansen om miljø, som vil finne stad i 2002.

Noreg har i internasjonale organisasjonar og forvaltningsregime arbeidd aktivt for ei berekraftig utnytting og forvaltning av ressursane i havet. Kontrollsamarbeidet med EU er styrkt det siste året ved at ein har inngått samarbeidsavtaler med endå fleire EU-land. Vi har no særskilde kontrollavtaler med dei fleste landa rundt Nordsjøen. Noreg og EU har dessutan med verknad frå 1. januar 2000 innført gjensidig satellittsporing av fiskefartøy. Ei tilsvarande avtale er inngått med Russland frå 1. september 2000. Det er vidare innleidd forhandlingar med dei kyststatane det gjeld, for å få etablert eit forvaltningsregime for kolmule.

Som ledd i kampen mot internasjonal ulovleg handel med kulturgods er det gjort framlegg om å tiltre Unidroit-konvensjonen om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar og om nødvendige endringar i kulturminnelova m.m.

Konsumprisindeksen auka med 3,5 pst. frå august1999 til augst 2000. Den gjennomsnittlege veksten i konsumprisindeksen dei åtte første månadene i år var 3,0 pst. samanlikna med den same perioden i fjor.

Produksjonen av elektrisitet utgjorde i 1999 122,6 Twh, ein auke på om lag 5 pst. frå året før. Produksjonen var om lag 8 pst. høgare enn det ein kan rekne med i eit år med normal nedbør. Brutto innanlandsk kraftforbruk var i fjor på 120,8 Twh, ein auke på 0,2 pst. frå året før. Eksporten av elektrisitet var i fjor for første gong sidan 1995 høgare enn importen. Eksportoverskottet var på 1,8 Twh mot eit importoverskott på 3,6 Twh året før.

Regjeringa hald fram med arbeidet med å leggje om energibruken og energiproduksjonen, og vidarefører satsinga på nye fornybare energikjelder og naturgass i innanlandsk energiforsyning.

Regjeringa la i juni fram St.meld. nr. 39 (1999–2000) Om olje- og gassvirksomheten. I meldinga er det særleg konkurransekrafta på kontinentalsokkelen som blir sett i fokus, i tillegg til at internasjonalisering av verksemda, gassmarknaden, oljepris og miljø blir drøfta. Helse, miljø og tryggleik i olje- og gassverksemda blir omtala særskilt.

Produksjonen av olje, gass og NGL på den norske kontinentalsokkelen var i 1999 227 millionar Sm 3> oljeekvivalentar, mot 223 millionar Sm 3> i fjor. Produksjonen av råolje, inkludert NGL og kondensat, falt med 0,2 pst., og produksjonen av gass auka med 9,2 pst. Den samla produksjonen dei sju første månadene i år var 140 millionar Sm 3> oljeekvivalentar, ein auke på 8,5 pst. i forhold til same perioden i fjor.

Investeringane i oljeverksemda var i fjor 69 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 12 pst. i forhold til det svært høge nivået året før.

Arbeidet med år 2000-problemet var ei stor utfordring i 1999. Som følgje av ein omfattande og koordinert innsats frå både offentlege og private aktørar gjekk overgangen til det nye tusenåret utan nemnande vanskar.

Etter den tragiske ulykka med Sleipner er det gjort eit omfattande arbeid for å styrkje tryggleiken til sjøs. Ein del tiltak er allereie gjennomførte og enkelte tiltak blir det framleis arbeidd med. Noreg arbeider internasjonalt for mellom anna å endre krava til redningsvestar.

Hovudsegmenta i internasjonal skipsfart har vist vesentlege marknadsforbetringar. Talet på norskregistrerte skip over 100 bruttotonn har gått litt ned i 1999. Talet på norske sjøfolk tilsette på norske skip registrert i Norsk Internasjonalt Skipsregister, auka med 3,6 pst. frå 1998 til 1999. Talet på norske sjøfolk som er tilsette på skip registert i Norsk Ordinært Skipsregister, har auka med 5 pst. i perioden. Sjøtransport er den mest miljøvennlege måten å transportere gods på, og denne transportforma har auka til 25 pst. av den samla innanlandske godstransporten.

Talet på gjestedøgn ved hotell og liknande overnattingsstader auka med 0,6 pst. i 1999. I dei første månadene i 2000 har det vore ein viss tilbakegang i talet på gjestedøgn ved norske hotell. I St.meld. nr. 15 (1999–2000) Lønnsomme og konsurransedyktige reiselivsnæringer, blir det gjort ein grundig gjennomgang av utfordringane i næringa.

I fjor auka innanlands persontransport med 1,1 pst. frå 1998. Personbilen stod for om lag 76 pst. av persontransporten. Den samla godstransporten auka med totalt 1,1 pst. frå 1998. For vegtransporten var auken frå 1998 på 1,3 pst. Innanlands vegtrafikkarbeid var i fjor 33,9 milliardar kjøretøykilometer, som utgjer ein auke på 2,0 pst. frå 1998. Investeringar i veganlegg i 1999 var på 11,9 milliardar kroner medrekna bompengar. Til drift og vedlikehald av riksvegnettet vart det brukt 3,4 milliardar kroner.

Totalt vart det registert rundt 123 900 nye og bruktimporterte personbilar i 1999. Salet av personbilar gjekk ned med 12,2 pst. i 1999 samanlikna med året før. Ved utgangen av 1999 var det registrert 2,3 millionar bilar i Noreg, noko som er ein auke på 1,8 pst. frå året før.

I 1999 vart 11 764 personar skadde eller drepne i vegtrafikken, og av desse vart 304 drepne. Det er 46 færre drepne enn i 1998. Til saman fem personar omkom i luftfartsulykker. Ingen omkom ved jernbaneulykker i 1999. I kollisjonen ved Åsta stasjon på Rørosbanen 4. januar 2000 vart 19 personar drepne.

Trass i omfattande investeringar i støyskjerming langs riksvegane, er støyplaga uendra eller har auka noko som følgjer av auken i trafikken. Mindre bruk av piggdekk og krav til kjøretøy og drivstoff som er innførte, har ført til at den lokale luftforureininga som transportsektoren står for, er redusert.

Flytrafikken, målt i talet på passasjerar som kom og reiste over norske lufthamner, viste i 1999 ein auke på 5,8 pst. frå 1998. For dei fire første månadene av 2000 er det tilsvarande passasjertalet 1,5 pst. lågare enn i same perioden i 1999.

Overskottet i Luftfartsverket var i fjor 419 millionar kroner, mot 890 millionar kroner i 1998. I verksemda til Luftfartsverket, dvs. utanom hovudflyplassen på Gardermoen, vart det i 1999 investert for i alt 781 millionar kroner i flyplassnettet og flysikringstenesta.

Havarikommisjonen for sivil luftfart var 1. juli 1999 etablert som eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet.

Persontrafikken med NSB BA var i 1999 den høgaste nokon gong i den nær 150 år lange historia til selskapet. Også godstrafikken viste vekst frå året før. NSB BA er dessutan i god gang med ei omfattande fornying av alle persontog, både innanfor lokaltrafikk, mellomdistanse og langdistanse.

I 2000 har det vore to større ulykker som har prega jernbaneverksemda i Noreg: ved Åsta og Lillestrøm. Både Statens jernbanetilsyn, Jernbaneverket og NSB BA arbeider systematisk med å betre trafikktryggleiken for å gjenreise tilliten til jernbanen.

Det er vedteke at eigarskap, forpliktingar og driftsansvar for infrastrukturen til Gardermobanen skal overførast til Jernbaneverket. Samstundes vart det vedteke ei refinansiering av NSB Gardermobanen AS, med ei konvertering av statlege lån på 669,5 millionar kroner til innskottskapital i selskapet.

For 2000 er det løyvd 500 millionar kroner til investeringstiltak i kjørevegen, for å leggje til rette for krengjetog på Sørlands-, Bergens- og Dovrebanen. Gjennom ei forskotteringsavtale mellom Jernbaneverket og NSB BA er det vidare stilt 70 millionar kroner til rådvelde for investeringar i krengjetogtiltak på Østfoldbanen og Kongsvingerbanen.

Posten Noreg BA hadde i 1999 ei samla omsetning på vel 13 milliardar kroner. Resultatet før skatt var eit overskott på 622 millionar kroner.

Postbanken AS vart 1. desember fusjonert med Den norske Bank ASA. Eigarrolla til staten i den samla banken blir teken vare på av Statens Banksikringsfond.

Konkurransen i telemarknaden er aukande. Telestyresmaktene har m.a. vedteke at Telenor AS må la konkurrerande tilbydarar leige dei faste abonnentlinjene i telenettet. I tillegg er det lyst ut konsesjonar for tredje generasjons system for mobilkommunikasjon, og konsesjonstildelinga vil skje hausten 2000. Det pågår også ein totalgjennomgang av regelverket på telekommunikasjonsområdet med tanke på tilpassing til raske endringar i marknad og teknologi.

Arbeidet med å slå saman Telenor AS med Telia AB vart avbrote mot slutten av 1999. Det er vedteke at Telenor AS skal delprivatiserast og bli introdusert på børsen for å utvikle selskapet både på den norske og internasjonale marknaden. Staten skal ha ein eigardel på 51 pst. i selskapet. Delprivatiseringa fører ikkje til noka endring i omfanget av dei samfunnsforpliktingane selskapet er pålagt.

I jordbruksforhandlingane mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag vart det ikkje semje om ei ny forhandlingsløysing. Regjeringa la fram ein proposisjon for Stortinget basert på tilbodet frå staten i forhandlingane.

Staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund vart samde om ei ny reindriftsavtale. Avtala er basert på at forhold som er knytte til regulering i reintalet med heimel i reindriftslova ikkje blir omfatta av avtala.

St.meld. nr. 19 (1999–2000) Om norsk landbruk og matproduksjon vart drøfta i Stortinget våren 2000. Meldinga og behandlinga av henne i Stortinget gjev retningslinjene for landbrukspolitikken framover. Her blir det lagt vekt på dei samla samfunnsnyttige bidraga frå landbruket på kort og lang sikt. Det er lagt vekt på ein heilskapleg politikk som omfattar heile verdikjeda og auka forbrukarorientering av mat- og landbrukspolitikken.

Etter at Stortinget drøfta St.meld. nr. 17 (1998–99) Verdiskaping og miljømuliheter i skogsektoren i 1999 er det i 2000 sett i verk eit 5-årig verdiskapingsprogram for bruk og foredling av trevirke.

Den reviderte veterinæravtala med EU har gjort at regelverket for import av levande dyr og produkt er lagd om. Det er ikkje påvist smittsame sjukdommar som følgje av import. Dessverre har overvakingsorgan til EFTA hatt mykje å peike på under inspeksjonar av grensekontrollstasjonane. Det har frå norsk side vore arbeidd mykje med å følgje opp inspeksjonsrapportane.

Situasjonen for bestandane av botnfisk i Barenthavet er urovekkjande. Det same er tilstanden til torskebestanden, som blir vurdert til å vere under sikre biologiske grenser. Bestanden av lodde nord for 62 o>N og bestanden av norsk vårgytande sild er i god forfatning. Makrellbestanden er i vekst som følgje av felles forvaltningsstrategi mellom Noreg og EU. Bestandssituasjonen for nordsjøsild har betra seg som ei følgje av ein fleirårig forvaltningsstrategi som Noreg og EU er samde om. Noreg og EU er for første gong vortne einige om forvaltningsstrategiar for torsk, hyse, kviting og sei i Nordsjøen. Det er eit viktig framsteg for å sikre eit høgt og stabilt langtidsutbytte av desse bestandane.

Regjeringa fremja i april ein odelstingsproposisjon om lov om endring i lov om oppdrett av fisk, skaldyr m.m., som vart vedteken av Stortinget i juni. Regjeringa la i juni fram ein odelstingsproposisjon om lov om havbeite.

Som ein del av arbeidet med å leggje til rette for utnytting av verdiskapingspotensialet i havbruk- og fiskerinæringa, har Regjeringa sett i verk eit arbeid for å utarbeide langsiktige strategiar for vekst i havbruksnæringa.

I forhandlingar mellom staten og Norges Fiskarlag hausten 1999 om stønadsmidlar til fiskerinæringa, vart dei to avtalepartane samde om ei økonomisk ramme på 110 millionar kroner for 2000.

I lønnsoppgjera for 2000 var det etter vanleg mønster hovudrevisjon for dei fleste tariffområda. Der vart grunnlaget lagt for å innføre den 5. ferieveka slik at den blir innført fullt ut frå 2002 for dei som er omfatta av tariffavtalene. For kompetansereforma vart det semje om å greie ut korleis ei støtteordning til livsopphald under utdanningspermisjon skal utformast.

Tariffoppgjeret vart ført parallelt mellom dei sentrale partane i stat og kommune. Oppgjeret i statleg sektor vart avslutta med at partane aksepterte den skissa til løysing som Riksmeklingsmannen la fram. Ved dei sentrale justeringsforhandlingane vart det særleg teke omsyn til rekrutterings- og konkurransesituasjonen i verksemdene når det gjeld høgskole- og langtidsutdanna og situasjonen i skoleverket. Ein har nå fått høve til å føre innleiande lokale forhandlingar i skoleverket.

I kommunesektoren vart det brott i forhandlingane, og oppgjeret gjekk til mekling. Dei fleste organisasjonane slutta seg til framlegget frå Riksmeklingsmannen som vart lagt fram 20. mai, men enkelte forbund gjekk ut i streik. I fleire av desse konfliktane er det seinare vedteke tvungen lønnsnemnd.

I årets drøftingar om pensjonsreguleringa i folketrygda vart det semje mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg om regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2000.

Staten og Kommunenes Sentralforbund vart i juni samde med Den norske Lægeforening, Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om nye avtaler om driftstilskott og takstar for drift av privat praksis som har avtale med kommunar og fylkeskommunar frå 1. juli 2000.

Den 1. juli 2000 vart det opna for privat arbeidsformidling. Samtidig blir det no tillate med arbeidsleige i alle bransjar. Arbeidsmarknadsetaten tilbyr frå same dato ulike tenester mot betaling, mellom anna utleige av arbeidskraft, utover dei vederlagsfrie formidlingstenestene.

Ei partssamansett arbeidsgruppe har lagt fram rapporten "Ett sted, ett telefonnummer". Rapporten skisserer ei plattform for etablering av offentlege servicekontor.

Regjeringa har overført delar av eigedomsverksemda i Statsbygg til eit nyoppretta statleg eigd aksjeselskap – Entra Eigedom AS.

Konkurransemyndigheitene utførte i 1999 i alt 114 kontrollar for å sjå til at konkurranselova blir etterlevd, og dei behandla 69 saker i samband med avtaler eller tiltak med konkurranseskadeleg åtferd. Same året vart det behandla 85 søknader om dispensasjon frå forboda i konkurranselova, og av dei vart 53 innvilga. Mange av dispensasjonane vart gjevne for å stimulere konkurransen. Det vart behandla 31 saker som galdt overtaking av bedrifter. Det vart gjennomført i alt 976 kontrollar av om prismerkingsføresegnene blir følgde, noko som førte til 587 innskjerpingar. I alt gjennomførte konkurransemyndigheitene 6 prisundersøkingar dette året.

Regjeringa la i juni fram ein odelstingsproposisjon om ny lov om børsverksemd. Lovframlegget opnar for større grad av konkurranse marknadsplassane imellom.

Regjeringa la i juni fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til lov om innskottspensjon i arbeidsforhold. Eit hovudmål med lovframlegget er å opne for ordningar som kan bli eit reelt alternativ for føretak som ikkje har oppretta ytingsbaserte ordningar, og at fleire arbeidstakarar kan få supplerande pensjon gjennom arbeidsforholdet sitt.

Justisdepartementet er inne i ein omfattande omorganiseringsprosess for å skape ein meir effektiv justissektor der ein i aukande grad skal nå dei måla som blir sette. I tillegg til omorganiseringsarbeidet er flaskehalsar i straffesakskjeda kartlagde, og det er foreslått fleire tiltak for å korte ned saksbehandlingstida.

Regjeringa har styrkt arbeidet mot valdskriminalitet. Det er lagt fram ein handlingsplan for å auke innsatsen mot vald i heimane, særleg vald som råkar barn og kvinner.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding med ulike alternativ til endring av § 100 i Grunnlova på bakgrunn av utgreiinga frå Ytringsfrihetskommisjonen.

Det er fremja ein proposisjon om endringar i offentleglova. Arbeidet med det rettslege grunnlaget for innsyn i offentleg forvaltning held fram i Offentlighetslovutvalget og Miljøinformasjonsutvalget.

På grunnlag av proposisjonen frå Regjeringa er arbeidet mot organisert og annan kriminalitet styrkt med nye lovreglar om anonym vitneføring og utbygging av det strafferettslege vernet for aktørane i rettsvesenet.

Regjeringa arbeider med å betre den offentlege rettshjelpsordninga, og det er lagt fram ei stortingsmelding om dette.

Det individuelle erstatningsoppgjeret etter den økonomiske likvidasjonen av den jødiske minoriteten under den andre verdskrigen er no i hovudsak avslutta.

Hovuddraga i distrikts- og regionalpolitikken vart i vår presentert for Stortinget i den årlege utgreiinga frå kommunal- og regionalministeren. Nye geografiske verkeområde for distriktspolitiske verkemiddel og nedsett arbeidsgjevaravgift vart gjorde gjeldande frå 1. juni 2000. Fleire regionar har fått omstillingsstatus. Nyskapings- og teknologiprogrammet for Nord-Noreg er vidareført for fire nye år. INTERREG III-programma er i ferd med å bli sette i gang.

Det er sett ned eit utval som skal gjennomgå bustadpolitikken. Regjeringa har teke initiativ til ein meir solidarisk bustadpolitikk.

Sametinget har frå 2000 fått overført ansvaret for sekretariatet for Samisk utdanningsråd og for forvaltninga av Samisk spesialbibliotek. Det er oppretta eit eige fond som ei kollektiv oppreising for skadar og urett som fornorskingspolitikken har påført det samiske folket.

I 1999 gav Noreg kollektivt vern til om lag 8 000 kosovoflyktningar. Situasjonen for albanarar i Kosovo blir no rekna som trygg. Regjeringa føreset at dei som ikkje har behov for vern, vender tilbake til heimlandet.

I 2000 er det behov for å skaffe bustad til om lag 9 000 flyktningar. Så langt har kommunane sagt at dei er klare til å ta imot om lag 5 000 av dei. Regjeringa er uroa over dei mange personane, blant dei mange barn, som oppheld seg lang tid på asylmottak. Arbeidet med å redusere opphaldstida er sett i gang.

Det er oppnemnt eit lovutval som skal greie ut og lage framlegg til lovgjeving om stønad for nykomne innvandrarar og flyktningar.

Det er oppnemnt eit lovutval som skal greie ut om ei ny lov om etnisk diskriminering.

Den 1. juli 2000 vart ansvaret for asylintervju overført frå politiet til Utlendingsdirektoratet, samtidig som det vart gjort slutt på ordninga med avhørspolitidistrikt i asylsaksbehandlinga. Dette skal styrkje rettstryggleiken til asylsøkjarane.

Regjeringa har teke initiativ til eit tettare samarbeid med partane i arbeidslivet omkring arbeidslivsspørsmål, særleg i relasjon til utviklinga i EU.

I Ot.prp. nr. 67 (1999–2000) orienterer Regjeringa Stortinget om det samordningsarbeidet styresmaktene har gjort på helse-, miljø- og tryggingsområdet. Det er gjort framlegg om endringar i kontroll- og reaksjonsføresegnene i åtte tilsynslover for å oppnå eit best mogleg samordna og konsistent regelverk, som gjer det mogleg å føre tilsyn på tvers av dei ulike etatane.

Regjeringa har arbeidd aktivt med å få til betre tilgjenge til strandsona. Det er gjeve fagleg og økonomisk bistand til kommunar.

Miljøverndepartementet har sendt brev til kommunar og fylke med sikte på å innskjerpe dispensasjonspraksisen for byggjetiltak i 100-metersbeltet. Det er utarbeidd ei handbok for fjerning av ulovlege stengsler i strandsona.

Det er vedteke forbod mot bruk av vass-skuterar, og det tek til å gjelde 1. januar 2001.

Regjeringa har sett i verk arbeidet med å følgje opp stortingsmeldinga om vern og bruk av kystsona i samsvar med behandlinga av meldinga i Stortinget.

Regjeringa la i mai fram ei tilleggsmelding til St.meld. nr. 8 (1999–2000) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, for å utdjupe og foreslå å styrkje innsatsen i det internasjonale miljøvernarbeidet og forvaltninga av villaksen. Tilleggsmeldinga gjev også ei orientering om korleis Regjeringa har følgt opp stortingsvedtaket om å gjere om utsleppsløyva til Naturkraft for gasskraftverka på Kollsnes og Kårstø.

Regjeringa la i april fram eit forslag til endringar av føresegnene i viltlova om felling av rovdyr som gjer skade. Nye forskrifter om forvaltninga av dei store rovdyra vart vedtekne i juni. Regjeringa har utarbeidd forslag til ei nærare avgrensing av område der ulv skal kunne etablere seg i par og familiegrupper. Forslaget er no sendt ut på brei høring. Statens naturoppsyn har teke over ansvaret for dokumentasjon av rovdyrskadar.

Ein målestasjon vart opna i Ny-Ålesund på Svalbard i mai i år. Den vil bli ein viktig del av internasjonal overvaking av klimaendringar og langtransportert forureining.

Setesdal vesthei Ryfylkeheiane, det nest største landskapsvernområdet i Noreg, er oppretta.

Forsøksverksemd med sikte på styrkt kommunal forvaltning av motorferdselslova er sett i gang i fleire kommunar.

Med verknad frå 1. mai vart barnetrygda utvida til 18 år.

Stortinget behandla Barnehagemeldinga våren 2000, og det vart lagt viktige føringar for den framtidige barnehagepolitikken.

Regjeringa har nyleg gjort framlegg om å endre partnarskapslova. Endringa skal gjere det lettare for personar med noko svakare tilknyting til Noreg enn det som krevst i dag, å inngå partnarskap. Framlegget vil harmonisere dei nordiske partnarskapsreglane.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med å følgje opp NOU 2000:12 Om barnevernet i Norge. Framlegget vil bli vurdert særleg med tanke på å vitalisere oppvekstarenaen for barn og unge generelt og styrkje utsette grupper spesielt.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet. Handlingsplanen skal gjennomførast over ein periode på fem år.

Primærdelen av handlingsplanen mot tvangsekteskap vil vere gjennomført i løpet av 2000. Mange av prosjekta er i regi av og for minoritetsgrupper og deira organisasjonar.

Ved å opprette Undommens demokratiforum har Regjeringa fått innspel til korleis ein kan auke deltakinga og innverknaden til barn og unge i samfunnet.

Regjeringa har gjort framlegg til ny lov om angrerett og framlegg til endringar i marknadsføringslova. Lovene vil styrkje forbrukarvernet ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad.

Stortinget behandla Utjamningsmeldinga våren 2000. Stortinget slutta seg i hovudsak til dei mål, strategiar og tiltak som vart skisserte i meldinga. Det vart særleg lagt vekt på eit meir inkluderande arbeidsliv og ein meir sosial bustadpolitikk.

Sjukefråværet har auka i Noreg dei siste fem åra og er no rekordhøgt. Samtidig har talet på uførepensjonistar gått opp. Eit offentleg utval har greidd ut årsakene til auken i sjukefråværet og til at fleire får uførepensjon og vurdert korleis behandlings-, rehabiliterings- og attføringstiltak har verka inn. Utvalet har også utført ei samla vurdering av tiltak og regelendringar som er sette i verk dei seinare åra, og vurdert eventuelle endringar i regelverket som kan føre til redusert sjukefråvær og uføretilgang. I påvente av innstillinga har Regjeringa sett i gang visse administrative tiltak for å dempe tilgangen til uførepensjon.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om innhald og kvalitet i omsorgstenestene.

Regjeringa har sett i gang ei omorganisering av det statlege ansvaret for førebygging av rusmiddelproblem for å møte utfordringane som ein står overfor på rusmiddelområdet. Omorgansiseringa inneber ei styrking av den lokale og regionale innsatsen på området.

Stortinget har vedteke ei ny lov om apotek. Lova opnar den strengt regulerte marknaden vi har i dag, for konkurranse, og har som formål å sikre befolkninga ein forsvarleg og godt tilgjengeleg legemiddeldistribusjon.

Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2000 vil bli følgd opp i tråd med intensjonane i Stortinget, jf. St.prp. nr. 63 (1997–98).

Stortinget har nyleg vedteke ei ny lov som opnar for at fylkeskommunale sjukehus kan bli omdanna til fylkeskommunale sjukehusselskap. Lova opnar for at sjukehusa kan bli sjølvstendige juridiske og økonomiske einingar.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om akutt medisinsk beredskap.

Stortinget har våren 2000 behandla lovproposisjonen om fastlegeordninga. Regjeringa tar sikte på at ordninga skal innførast frå 1. juni 2001.

Ansvar for og oppgåver i samband med utvikling, evaluering og informasjon i grunnskolen og vidaregåande opplæring vart frå 1. september samla i det nye Nasjonalt senter for læring og utvikling.

Frå hausten 2000 er det etablert ei utlånsordning for lærebøker i vidaregåande opplæring. Ordninga sikrar at elevar i vidaregåande kurs får gratis lærebøker i enkelte fag.

For å styrkje opplæringa av språklege minoritetar er Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen oppretta.

Tre offentlege utval har lagt fram innstillingar til reformer i den delen av utdanningssystemet som går ut over vidaregåande opplæring. Det gjeld opplæring som ikkje kjem inn under opplæringslova, organisering av høgare utdanning og endringar innanfor utdanningsfinansiering. Arbeidet med å følgje opp innstillingane er i gang.

For å gjere det høgare udanningssystemet meir fleksibelt og for å tilfredsstille både dei behova samfunnet og den enkelte har, har universitet og høgskolar fått auka myndigheit til sjølv å opprette og leggje ned studium.

Det er godt om studieplassar. Ved hovudopptaket i haust fekk 93 pst. av alle kvalifiserte tilbod om plass. Endringar i studievalet til dei unge og mindre ungdomskull har ført til at ein del studieplassar rundt om i landet ikkje blir fylte. Det gjeld også innanfor område der det er stor etterspørsel etter arbeidskraft. Samtidig er det til ein del studium langt fleire søkjarar enn studieplassar. Universiteta og høgskolane har fått særskilde midlar til omstilling for mellom anna å setje dei betre i stand til å tilpasse studietilboda til søkninga.

Det er sett i gang tiltak for å få fleire realfaglærarar. Vidare er det lagt fram eit lovframlegg som skal gjere det mogleg med opptak til høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse. Fleire institusjonar gjennomfører allereie prøveordningar.

Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdanninga.

Talet på personar som tek doktorgraden ved norske universitet og vitskaplege høgskolar er framleis aukande. Særleg har det vore ein stor auke i kvinnedelen, som i 1999 kom opp i 38 pst.

Innstillinga frå utvalet som har vurdert tiltak for auka FoU i næringslivet (Hervik-utvalet), låg føre i mars 2000. Regjeringa vurder korleis innstillinga skal følgjast opp.

I samband med Revidert Nasjonalbudsjett 2000 vart kapitalen i fondet for forsking og nyskaping utvida med 1 milliard kroner til i alt 4 milliardar kroner. Avkastninga frå fondet skal brukast til å auke den norske forskingsinnsatsen.

Den breie oppslutninga folkekyrkja har i befolkninga, er eit fundament for statskyrkjeordninga. Samtidig har statskyrkjeordninga gjort sitt til å halde ved lag ei open folkekyrkje med brei oppslutning. Også det aukande sjølvstyret i Den norske kyrkja har skjedd innanfor ei ordning med nære relasjonar mellom stat og kyrkje. Den siste tida har likevel fleire kyrkjepolitiske saker skapt ny debatt om forholdet mellom stat og kyrkje og om kyrkja sin identitet som folkekyrkje og trussamfunn. Kyrkjerådet har oppretta eit kyrkje-stat-utval, som skal levere innstilling våren 2002. Førebels er det ikkje teke initiativ til ei offentleg utgreiing om spørsmålet.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal greie ut og foreslå tiltak innanfor scenekunstfeltet.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om arkiv, bibliotek og museum og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet.

Første halvår i 2000 er tre nye arenaer for kunst- og kulturformidling opna for publikum. Ivar Aasen-tunet i Ørsta er eit nytt senter for formidling av nynorsk skriftkultur. Villa Stenersen i Oslo er opna for publikum og skal elles brukast til varierte kulturformål. Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand har fått nye lokale.

Det er oppretta ei ny tilskottsordning for å styrkje lokal frivillig verksemd for barn og unge på kulturområdet. Ved markeringa av overgangen frå 1999 til 2000 deltok nesten ein million menneske i arrangement som var initierte av det offentlege.

Kringkastingslova er endra slik at ho gjev heimel for å fastsetje forbod mot å sende fjernsynsprogram som i alvorleg grad kan skade barn og unge. Det er også innført ein heimel i lova som så langt det er mogleg sikrar at ein stor del av folket kan motta sendingar frå viktige hendingar, særleg sportshendingar, utan ekstra kostnader.

Det er gjort endringar i reglane i åndsverklova om vederlagsrett for utøvande kunstnarar og fonogramprodusentar for offentleg framføring av lydopptak dei har laga.

Kvitfjell alpinanlegg er utpeikt til nasjonalanlegg for alpine fartsdisiplinar.

For 2000 utgjer delen av overskottet frå Norsk Tipping AS til idrettsformål 812 millionar kroner. Av det er 408,9 millionar kroner disponerte til idrettsanlegg, 287,5 millionar kroner til Norges Idrettsforbund og Olympiske komité, 81,2 millionar kroner til direkte stønad til arbeid for barn og unge i lokale idrettslag og 43,4 millionar kroner til andre idrettsformål.

Gjeve på Oslo Slott 29. september 2000

Under Vår hand og riksseglet

__________________________________________________