Møreaksen ligg fast

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

– Statens vegvesen har gjort ein god jobb med tilleggsutgreiinga av Romsdalsaksen. No har vi fått gjennomgått og oppdatert kunnskapsgrunnlaget for alle dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden. Det har vore viktig. Statens vegvesen konkluderer med at den løysinga som ligg i Nasjonal transportplan, er den beste. Det er vi samd i, og dermed ligg Møreaksen fast, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Statens vegvesen gjennomførte ei tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen i fjor haust. Formålet var å komplettere tilleggsutgreiinga av Romsdalsaksen frå 2019 ved å sjå nærmare på ei av dei undersjøiske løysingane langs Romsdalsaksen som ikkje var med i den opprinnelege utgreiinga. Samferdselsdepartementet er no ferdig med å gå gjennom utgreiinga.

I samband med konseptvalutgreiinga (KVU) i 2011 blei det satt nokre samfunnsmål og effektmål. Dei ulike alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden blei sett opp mot desse måla i 2011, og ved tilleggsutgreiingane i 2019 og 2021.

Møreaksen har høgast trafikantnytte, kortare reisetid Ålesund–Molde, og størst utviding av bu- og arbeidsmarknadsregionar. Han har høgast netto nytte når fastlandssambandet til Gossen, eit planlagt fylkesvegprosjekt, blir rekna med. Møreaksen har òg lågare usikkerhet og risiko fordi planleggingsarbeidet har kome lenger og meir av usikkerheita i prosjektet er allereie avklart.

– Det er heilskapen i dei ulike alternativa vi må sjå på. Da er Møreaksen det beste alternativet basert på dei måla som er satt for prosjektet, seier samferdselsministeren.