Statsbudsjettet 2027
Mot nye høgder på Andøya
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å sette av midlar til etablering av ei ny oppskytingsrampe ved Andøya Spaceport. Forslaget skal legge til rette for ei videre utvikling av romhamna som ein kapasitet for norsk og europeisk eigenevne i verdsrommet.
– I dagens tryggingspolitiske verkelegheit, har romhamna blitt ei strategisk ressurs for Noreg og Europa. Derfor legg vi no til rette for auka kapasitet for å ivareta norske og europeisk tilgang til verdsrommet, seier næringsminister Cecilie T. Myrseth
Framlegg frå regjeringa i 2027-budsjettet er på 323,3 millionar kroner, fordelt på FD og NFD sine budsjett. Prosjektet har mål om fullføring i 2028, og ein totalkostnad på 646 millionar kroner. Midla vil gå til å etablere ei ny oppskytingsrampe ved Andøya Spaceport, som kjem i tillegg til den eksisterande rampa der raketten Spectrum vart skote opp 5. september.
Etableringa vil skje i regi av Forsvarsbygg, og Andøya Spaceport vil leie oppskytingsrampa av staten gjennom ei langsiktig leigeavtale. Forsvaret vil ta over ansvaret for å sikre området rundt romhamna. Den nye rampa skal etablerast i tilknyting til den eksisterande rampa i Børvågen.
– Løysinga legg til rette for ei romhamn under norsk, nasjonal kontroll, som har tilstrekkeleg kapasitet til å gje eit meningsfult bidrag til norsk og europeisk eigenevne til oppskyting. Dette er eit viktig norsk bidrag som bidreg til vår felles europeiske tryggleik, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
Satellittar er grunnleggjande infrastruktur for det moderne samfunnet, med betydning for alt frå navigasjon og kommunikasjon til sivil trygging og miljøovervaking. Satellittar er av avgjerande betydning for situasjonsforståing i nordområda og for forsvarsaktiviteter. Ikkje minst i ein krise og krigssituasjon vil det kunne vera nødvendig å skyte opp satellittar på relativt kort varsel, for å erstatte satellittar som har falt ut eller for å dekkje nye behov.
Før den vellukka oppskytinga frå Andøya Spaceport 5. september har det ikkje vore mogleg å skyte opp satellittar frå det europeiske fastlandet, og Europa har vore avhengig av romhamner i andre verdsdelar.
– Oppskytinga i september var ein milepæl for europeisk eigenevne, og eit resultat av godt samarbeid mellom Noreg og Tyskland. No byggar vi vidare på dette, seier næringsminister Myrseth.
I statsbudsjettet vert det også foreslått ei løyving på 14 millionar kroner til oppfølging av satellittbasert havovervåking under nasjonal kontroll over NFD sitt budsjett. Dette er inkludert prosjektleiing og koordinering i departementa og etatane, samt i vidareutvikling av bakkesegment. Det overordna målet for prosjektet er å auke situasjonsforståelsen i norske og tilgrensande havområde.
– Midlane vil leggje til rette for sivil-militært samarbeid for å få betre nytte av dagens situasjon med fleire ulike nasjonale satellittar, og vil kunne danne grunnlag for en eventuell ytterlegare satsing på området, seier næringsminister Myrseth.