Vil ha betre kart over naturskogen
Nyheit | Dato: 21.02.2025 | Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Dei aller fleste av dei 1330 trua artane i skog, lever i gammal skog. Nå startar arbeidet med eit betre kart over naturskogen i Noreg.

– For å ta vare på dei meir enn tusen trua artane som lever i den eldste skogen, og snu bit-for-bit-nedbygginga, må vi vite kor denne skogen finst. Eg er glad for at vi har fått på plass eit kart over naturskogen, som nå skal bli endå betre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Naturskog er skog som har fått utvikle seg i lang tid utan større inngrep frå menneske.
I januar i år fekk vi for første gong ei oversikt over kor i landet vi finn skog som ikkje er flatehogd etter 1940. Då lanserte Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet første versjon av et kart over slik skog. Samtidig lanserte direktorata også kart som viser mellom anna naturskognærleik.
Nå får dei to direktorata i oppgåve å vidareutvikle naturskogkart slik at ein mellom anna betre kan vise kor vi har skog med strukturar som liknar på naturtilstanden.
Dagens kart kan til dømes nyttast i skogvernarbeidet. Både kvaliteten og presisjonen kan likevel bli betre.
– I Noreg har vi gode kart på ei rekke område. Utviklinga av nye kart for skogen, vil kunne kome til nytte i område der det tidlegare ikkje har blitt laga meir detaljerte kart for skogbruket, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.