Historisk arkiv

Negative påverknader på villreinen skal kartleggast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Kvalitetsnorma for villrein vart i dag fastsett av Kongen i statsråd. Ved å etablere objektive grunnlag for å vurdere bestanden, tilgang på beite og menneskeleg påverknad blir forvaltinga av villrein føreseieleg og meir kostnadseffektiv enn i dag.  Det vil hjelpe til å sikre at vi framleis har livskraftige bestandar med villrein i Noreg.

-I dag finn vi den europeiske villreinen nesten berre i Noreg. Villrein er difor ein nasjonal ansvarsart, som vi har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på. Difor er det særs viktig at vi finn gode system som bidrar til at vi med større sannsyn vil ha livskraftige bestandar med villrein i Noreg, seier Sveinung Rotevatn.

Villrein
Villrein i Dovrefjell nasjonalpark Foto: Per Jordhøy

Opphavleg fanst villrein i heile fjell-Noreg, men på grunn av menneskelege inngrep er villreinen til Noreg i dag avgrensa på 24 avskilte område. Fleire av dei større nasjonale villreinområda består i dag allereie av to eller fleire delbestandar, og det er fare for ytterlegare fragmentering i framtida. Klimaendringane gjer at beiteforalda til villrein i mange døme blir vanskelegare og sjukdomar og parasittar kan få større negativ tyding. Store og gode leveområde vert difor enda viktigare for villreinen i framtida.

Betre kontroll

-Villreinen møter mange utfordringar som på sikt kan truge arten si overleving. Dette gjeld særleg menneskeleg aktivitet i villreinfjella. Ei kvalitetsnorm for villrein vil gjere at vi får betre kontroll på dei ulike faktorane som påverkar villrein. Vi får òg betre oversikt over kven som har ansvaret for dei ulike påverknadane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Kvalitetsnorma for villrein vil seie oss når eit villreinområde har god, middels eller dårleg kvalitet. Kvart fjerde år skal ei ekspertgruppe klassifisere Noregs 24 villreinområde, på bakgrunn av 1) bestandsforhold, 2) lavbeite, og 3) leveområde og menneskeleg påverknad. Kvalitetsnorma fastset at det er eit mål å nå minimum middels kvalitet for dei enkelte villreinområda. På lenger sikt er det òg eit mål at dei nasjonale villreinområda skal ha god kvalitet.

Blir ikkje kvalitetsmålet nådd, eller det er fare for dette, vil Klima- og miljødepartementet i samråd med aktuelle styresmakter vurdere å utarbeide ei tiltaksplan om korleis ønskt kvalitet likevel kan bli nådd.

  • Kvalitetsnorma er først og fremst eit slags trafikklys-system. God tilstand er grønt ljos, som er den beste kategorien. Middels er gult ljos, og er godkjent, men vi må passe på. Dårleg er rødt ljos. Då bør vi stoppe opp og vurdere nærare kva vi kan gjere for å betre tilstanden. Samla sett vil kvalitetsnorma gjere forvaltninga av villrein føreseieleg og meir kostnadseffektiv enn i dag, seier Sveinung Rotevatn.