No kan utdanningsgjeld bli sletta i desse kommunane
Pressemelding | Dato: 05.01.2026 | Kunnskapsdepartementet
Frå januar 2026 vil dei som bur i landets 189 minst sentrale kommunar kunne få sletta 25 000 kroner utdanningsgjeld årleg. I tillegg blir beløpet som kan bli sletta for dei med studielån i innsatssona Finnmark og Nord-Troms dobla.
– No får vi eit heilt nytt verktøy for å sikre tilgang på kompetanse i heile landet. Velferd, verdiskaping og konkurransekraft er nøkkelen til gode lokalsamfunn, og derfor betrar vi no tilgangen på kompetanse i heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Ny ordning for 189 distriktskommunar
I statsbudsjettet for 2026 har partia på Stortinget blitt einige om at den nye ordninga skal omfatte 189 av dei 357 kommunane i landet. Det utgjer over halvparten av kommunane i Noreg, og omfattar dei minst sentrale kommunane på nivå 5 og 6, ifølge sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette kjem i tillegg til den eksisterande ordninga for gjeldsslette i kommunane i innsatssona Finnmark og Nord-Troms. Dei som bur der, kan no få 60 000 kroner sletta per år, ei fordobling frå 2025.
Den nye ordninga for gjeldslette i distriktskommunar inneber at:
- du som bur i desse kommunane kan søke om å få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda kvart år.
- det er inga tidsavgrensing på kor mange år du kan få sletta utdanningsgjeld.
- gjeld frå utdanning og opplæring som er teke, på alle nivå, kan slettast (inkludert folkehøgskule, grunnskule og vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning).
- du må ha vore i jobb i minst eitt år før du søker om gjeldsslette.
- du må ha budd i ein av kommunane som er med i ordninga i minst eitt år før du søker om å få sletta utdanningsgjeld.
For begge ordningane er det gjeld som er rettmessig motteken, og gjeld som er knytt til utdanning som er teken, som kan slettast.
Korleis søke om å få slette utdanningsgjeld?
Du søker om å få sletta utdanningsgjeld på Lånekassen si nettside: Sletting av gjeld i utvalde kommunar