Pengane skal gå til utbygging av høghastigheitsbreiband i Nordland, der breibandsdekninga er dårlegast.  Det blir ikkje stilt krav om lokal medfinansiering for denne tilleggsløyvinga.

– Tilgang til høghastigheitsbreiband er naudsynt for næringsliv, busetnad og arbeidsplassar. Målet til regjeringa er at alle husstandar og verksemder skal ha tilgang til høghastigheitsbreiband i 2025. Det er særleg viktig at dei mindre sentrale kommunane i landet blir prioriterte i utbygginga. I Nordland har mange kommunar låg dekning av høghastigheitsbreiband. Regjeringa ønsker derfor å bidra til eit løft for desse kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Støtteordninga for breiband er eit spleiselag mellom kommunar, staten og utbyggjarar. Det er normalt krav om at kommunar og fylkeskommunar skal bidra med eit beløp som utgjer minst 30 prosent av det statlege bidraget. Fordi mange av kommunane med låg breibandsdekning har vanskar med å bidra tilstrekkeleg med eigne midlar, har departementet bestemt at det ikkje er krav om lokal medfinansiering for denne tilleggsløyvinga.

Det er private utbyggjarar som står for hovuddelen av investeringane i mobil- og breibandnett i Norge. I 2022 blei det investert rundt 14 milliardar kroner i denne infrastrukturen.  Det statlege tilskotet legg til rette for utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for slik utbygging.