Noreg får fire nye forskingssenter for kvanteteknologi
Pressemelding | Dato: 17.12.2025 | Kunnskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet
Regjeringa satsar tungt på kvanteteknologi. No får Simula-gruppa, Universitetet i Oslo og SINTEF 244 millionar kroner til forsking som skal styrke Noregs konkurransekraft og beredskap.
Kvanteteknologien handlar om korleis dei minste bestanddelane i verda kan utnyttast til dømes kvantekryptografi for tryggleik, nye medisinske oppdagingar og sensorteknologi for GPS-fri navigasjon.
Girar opp i det globale kvantekappløpet
Dei fire forskingssentera skal drive forsking på kvanteberekningar, kvantekommunikasjon og kvantesensorar, og utdanne neste generasjon ekspertar.
– Dette er ein merkedag for norsk kvantesatsing. Desse sentera skal gje oss kunnskap og kapasitet, og dei skal samarbeide tett med næringslivet, internasjonale partnarar og offentleg sektor. No melder Noreg seg på i det internasjonale kvantekappløpet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Fleire land investerer no massivt i kvanteteknologi, og USA og Kina knivar om å ligge fremst. Dei nordiske landa samarbeider tett for å bli ein verdsleiande destinasjon for selskap, investeringar og talent innanfor kvanteteknologi.
Dette er regjeringa si satsing på kvanteteknologi:
- Regjeringa skal dei neste fem åra bruke til saman minst 1,1 milliardar kroner på forsking på kvanteteknologi.
- Regjeringa har finansiert 100 nye studieplassar i kvanteteknologi.
- Neste år kjem regjeringa sin strategi for kvanteteknologi.
- I regjeringa sin plan for Noreg står det at Noreg skal investere i kvanteteknologi, forsvarsteknologi og undervassteknologi, og samstundes styrke eksportkontrollen for å verne tryggleikssensitiv kunnskap.
– Dette er ei strategisk investering i Noregs tryggleik. Kvanteteknologi vil endre grunnlaget for digital kommunikasjon og kan på sikt utfordre dagens forsvarssystem. Med desse sentera bygger vi kompetanse og teknologi som gjer oss i stand til å møte nye truslar og styrke totalberedskapen. Dette handlar om å sikre Noreg i ei tid der teknologisk overlegenheit blir avgjerande for nasjonal tryggleik, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
Dei nye sentera skal særleg arbeide med grunnleggande forskingsaktivitetar innanfor matematisk, naturvitskapleg og teknologisk forsking.
– Noreg treng sterke fagmiljø som driv banebrytande forsking innanfor kvanteteknologi, og i dag har vi fått fire forskingssenter som vil gje oss verdifull kunnskap og bringe dette arbeidet vidare, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Dei nye sentra har sterke internasjonale koplingar og tett samarbeid med industri og næringsliv, og skal mellom anna samarbeide med Niels Bohr-instituttet i København, Linköping universitet og store norske industripartnarar som Kongsberg, IBM, DNB og Statkraft.
Dette er sentera som får støtte:
Alle sentera får tildelt 61 millionar kroner over fem år.
Senter for defektar i halvleiarar for kvantesensorikk
Senteret skal utforske korleis små defektar i halvleiarar kan brukast til å lage avanserte kvantesensorar, og spenner frå grunnforsking til anvendingar.
Kvantesensorar kan gje heilt nye moglegheiter for presis måling, navigasjon og situasjonsforståing, og opne for nye anvendingar innanfor alt frå industri til forsvar.
Senteret vil legge grunnlaget for at Noreg kan ta ei leiande rolle i utviklinga av denne teknologien, og sikre at vi har kompetansen som trengst for framtidig innovasjon.
Prosjektleiar: Lasse Vines, Universitetet i Oslo. Prosjektet samlar sterke norske miljø ved Universitetet i Oslo, SINTEF og Forsvarets forskingsinstitutt, i samarbeid med leiande internasjonale partnarar som Niels Bohr-instituttet ved Københavns universitet, Syddansk universitet og Linköping universitet.
Norwegian Quantum Software Center
Senteret NorQSoft fokuserer på kvanteprogramvare og skal utvikle metodar og verktøy for kvanteprogrammering, kunstig intelligens og optimalisering, og teste dei i samarbeid med industri og forskingsmiljø.
Kvanteprogramvare er nøkkelen til å utnytte kvantedatamaskiner i praksis. NorQSoft vil gje Noreg ein strategisk posisjon i ein teknologi som kan revolusjonere alt frå helse til industri, og bidra til at vi har kompetansen og verktøya som trengst for framtidas digitale samfunn.
Prosjektleiar: Shaukat Ali, Simula Research Laboratory. NorQSoft samlar sterke norske partnarar som OsloMet og SINTEF, og internasjonale toppmiljø frå Sverige, Danmark og Japan. Gjennom samarbeid med aktørar som DNV, Kreftregisteret og Syngens skal senteret utvikle prototypar for praktiske bruksområde innanfor helse, energi og industri. Tilgang til kvantedatamaskiner blir sikra via samarbeid med leverandørar som Quantinuum og ORCA, samt europeiske HPC-infrastrukturar som LUMI-Q.
Centre for Quantum Computing and Applications
Senteret QSTAR skal utvikle nye metodar for feilkorreksjon, algoritmar og programvare som er nødvendige for at kvantedatamaskiner skal bli pålitelege og nyttige. Forskinga blir retta mot krevjande oppgåver innan forsking og industri, særleg innan kvantekjemi og optimalisering, som testområde med høg vitskapleg og industriell relevans.
QSTAR vil legge grunnlaget for at norske forskingsmiljø og næringsliv kan gjere informerte og strategiske val om bruk av kvantedatamaskiner, og bidra til å styrke Noregs posisjon i det europeiske kvantekappløpet.
Prosjektleiar: Franz Fuchs, SINTEF med co-director Ida-Marie Høyvik, NTNU. Senteret blir leia av SINTEF i samarbeid med UiO, NTNU, OsloMet og Simula. Senteret samlar leiande ekspertar innanfor matematikk, fysikk, kjemi og optimalisering, og samarbeider tett med sterke partnarar i Norden og Europa, som QMATH ved Universitetet i København og RISE i Sverige. Industripartnarar som Kongsberg Discovery, IBM Noreg, DNB, Statkraft, Statnett, Hydro, NSM og FFI bidreg til å sikre relevans og kunnskapsoverføring.
Centre for Quantum Communication Networks and Applications (QCNA)
Senteret QCNA skal drive utviklinga av kvantekommunikasjonsforsking i Noreg. Senteret skal bygge det første nasjonale eksperimentelle testnettverket for kvantekommunikasjon, integrert med Telenor si 5G-plattform og utstyr frå Toshiba. Senteret vil utvikle nye kvantekryptografiske protokollar, distribuerte kvanteapplikasjonar og feilkorrigerande kodar, og forske på korleis kvanteteknologi kan integrerast i framtidas digitale infrastruktur. QCNA skal òg designe og evaluere arkitekturar og protokollar for det kommande kvanteinternettet, og bidra til internasjonale standardiseringsprosessar.
Utdanning og kompetansebygging står sentralt, med stipendiat- og postdoktorstillingar, kurs på universitetsnivå og opplæringsprogram for telekombransjen, samt workshopar og forskarskular for å styrke norsk og nordisk ekspertise på området.
Kvantedatamaskinar vil kunne bryte dagens krypteringsmetodar og endre grunnlaget for digital tryggleik. QCNA gjev Noreg ei nøkkelrolle i utviklinga av sikre kommunikasjonsløysingar for framtidas digitale samfunn, styrker nasjonal og europeisk konkurransekraft, og sørger for at vi har kompetansen og infrastrukturen som trengst for å møte kvantealderen ved å bygge kompetanse i å utvikle og drifte kvantekommunikasjonsnettverk og integrere kvanteteknologi med klassisk infrastruktur.
Prosjektleiar: Carlos Cid, Simula UiB. Senteret blir leia av Simula UiB i samarbeid med SimulaMet, SINTEF Digital, NTNU, Aalborg University i Danmark, Okinawa Institute of Science and Technology i Japan, Telenor og Toshiba Europe.