Noreg forlengjer skogsamarbeidet med det tredje største regnskoglandet i verda

Noreg styrkjer samarbeidet med Indonesia om å verne regnskogen og redusere klimagassutslepp. Avskoginga har dei siste åra vore rekordlåg i Indonesia. No signerer Noreg avtalen som sikrar landet støtte fram til 2030.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i Indonesia

Klima- og miljøministeren er denne veka i Indonesia for å følgje opp skogpartnarskapet. Her signerte han forlenginga av avtalen som forpliktar Noreg til å støtte gode resultat fram til 2030.

– Indonesia er verdsleiande i kampen mot avskoging. Arbeidet i landet med å bevare regnskog er eit av dei største enkeltståande klimatiltaka i verda. Vi skal halde fram med å vere ein viktig støttespelar i det arbeidet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Avtalen om forlenging kjem på eit viktig tidspunkt. Den stadfestar at Indonesias nye regjering held samarbeidet fram med Noreg og står ved klimaforpliktingane sine. Landet har som mål å leggje til rette for økonomisk vekst og samtidig redusere utslepp frå avskoging.

Ein nøkkelspelar i klimaarbeidet

Indonesia husar den tredje største regnskogen i verda. Regnskogen er eit enormt karbonlager og er heim til over to tredelar av dyra og plantane som held til på landjorda, inkludert utryddingstrua dyr som orangutangen. Den er derfor heilt avgjerande i arbeidet med å stoppe klimaendringane og bevare natur.

Noreg har det siste året utbetalt 2,3 milliardar kroner til Indonesia som påskjønning for dokumenterte utsleppskutt frå redusert avskoging. Utbetalingane skjer først etter at resultata er verifiserte av ein uavhengig tredjepart.

– Vi gir pengar berre når landet kan vise at dei har redusert utsleppa frå øydelegging av regnskog. Det er imponerande å sjå korleis Indonesia har lykkast med målretta klima- og miljøtiltak, seier Bjelland Eriksen.

Dei norske bidraga går mellom anna til å støtte Indonesias arbeid med å utvikle gode overvakingssystem, restaurere øydelagde skog- og torvmyrområde, nedkjempe miljøkriminalitet, bevare og restaurere mangroveskog, styrkje lovhandheving og brannsløkkingskapasitet, og anerkjenning av lokalsamfunn sine rettar til å forvalte skog.

Ein av dei viktigaste partnarane til regnskogsatsinga

Indonesia har sett seg eit ambisiøst mål: Innan 2030 skal skogen fjerne 140 millionar tonn CO2 meir enn han slepper ut. Den forlengde avtalen med Noreg gir økonomisk støtte til tiltak som bidreg til å nå dette målet.

Samarbeidet mellom Noreg og Indonesia viser korleis internasjonalt partnarskap kan spele ei avgjerande rolle i kampen mot klimaendringane. Ved å verne regnskogen, bidreg Indonesia både til å redusere klimagassutslepp og bevare det biologiske mangfaldet til naturen.