Noreg løyver 500 millionar kroner for å styrkje atomtryggleiken i Ukraina
Pressemelding | Dato: 24.04.2026 | Utanriksdepartementet
26. april er det 40 år sidan Tsjernobyl-ulykka. Noreg aukar støtta til Ukraina for å førebyggje atomulykker og sikre straumproduksjonen i landet. For 2026 blir det sett av 500 millionar kroner.
– Ukraina står i ein svært alvorleg situasjon. Russlands målretta angrep på ukrainsk energiinfrastruktur held fram og set atomtryggleiken under press. Derfor trappar vi no kraftig opp den norske støtta. Ei atomhending kan raskt få store konsekvensar. Ved å styrkje atomtryggleiken i Ukraina, styrkjer vi Europas tryggleik og derfor også Noregs tryggleik, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Arbeidet for auka atomtryggleik i Ukraina er ein integrert del av Nansen-programmet, som er som er regjeringa sitt støtteprogram for Ukraina. I 2026 vil Noreg bidra med 4,8 milliardar kroner til energitryggleik. Av desse midlane blir 500 millionar kroner løyvde til styrking av atomtryggleiken. Det er ein stor auke frå 2025. Med Nansen-midlane er Noreg ein av dei største bidragsytarane til Ukraina for auka atomtryggleik. Midlane blir forvalta av Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
– Situasjonen i Ukraina er svært alvorleg når det gjeld atomtryggleik. Kjernekraftverka er avhengige av ekstern straumforsyning for kjøling av brensel, og bortfall av ekstern straum aukar risikoen for atomhendingar. Angrep på transformatorstasjonar utgjer no den største trusselen mot atomtryggleiken i Ukraina, nest etter direkte angrep på kjernekraftverka, seier direktør Per Strand i DSA.
Kjernekraftverka er den største kjelda til straumproduksjon i Ukraina.
– I tillegg til å redusere risikoen for atomulykker, bidreg den norske støtta til at kjernekraftverka kan halde fram med å produsere heilt nødvendig straum til befolkninga i Ukraina.
Vidare bidreg den norske støtta til at kjernekraftverka raskare og tryggare kan ta opp att straumproduksjon etter nødstopp og redusert kapasitet som følgje av ustabilitet i straumnettet.
Ukraina har fire kjernekraftverk: Zaporizjzja, Rivne, Khmelnytskyj og Sør-Ukraina kjernekraftverk. Alle produserer straum, bortsett frå Zaporizjzja, som har vore okkupert av russiske styrkar sidan mars 2022. Dei russiske angrepa på energiforsyninga gjer at dei ukrainske kjernekraftverka blir viktigare i Ukrainas elektrisitetsproduksjon. Før krigen stod kjernekraftverka for 55 prosent av den totale elektrisitetsproduksjonen i Ukraina, i dag er delen mykje høgare.
Noregs samarbeid med Ukraina om atomtryggleik starta etter Tsjernobyl-ulykka i 1986, og vart kraftig utvida etter Russlands annektering av Krym og destabilisering av Aust-Ukraina i 2014. Innsatsen vart ytterlegare trappa opp då Russland gjekk til fullskala-angrep på Ukraina i 2022. Innsatsen blir koordinert tett med nordiske og andre internasjonale partnarar.
Noreg har i ei årrekkje, med midlar frå atomhandlingsplanen og Nansen-programmet, bidrege med prosjekt for å redusere risikoen for ulykker og hendingar ved ukrainske kjernekraftverk. Noreg har mellom anna bidrege til å styrkje tryggingskritisk infrastruktur, levert teknisk utstyr, betre vedlikehald, støtta ukrainske styresmakter med regelverksutvikling og forvaltning og bidrege til internasjonal koordinering.