Noreg vil delta i internasjonalt samarbeid for utveksling av opplysningar om fast eigedom
Nyheit | Dato: 04.12.2025 | Finansdepartementet
Noreg inngår i dag ein intensjonsavtale med 25 land om å tiltre OECDs nye rammeverk for utveksling av informasjon om fast eigedom. Planen er at informasjonsdelingen skal vere på plass frå 2029/2030.
Avtalen omfattar utveksling av informasjon om kjøp og sal av eigedom og om inntekter frå fast eigedom. Gjennom avtalen vil norske skattemyndigheiter motta opplysningar om norske skattepliktiges kjøp, sal og inntekter av fast eigedom frå andre land. Tilsvarende skal norske skattemyndigheiter utveksle opplysningar til andre lands skattemyndigheiter om kjøp, sal og inntekter frå fast eigedom i Noreg for skattepliktige heimehøyrande i utlandet.
Landa vil med dette leggje til rette for økt åpenheit og transparens.
Underteikninga er eit viktig skritt i arbeidet med å avdekkje skjult eigarskap og skjulte inntekter frå eigedom i utlandet.