Ny leiar i Rikslønnsnemnda

Kongen i statsråd har i dag oppnemnd medlemer og varamedlemer i Rikslønnsnemnda for perioden 1. mars 2016 til 28. februar 2019. Sorenskrivar Liv Synnøve Taraldsrud er oppnemnd som ny leiar i nemnda.

Direktør Anne-Britt Evensen Norum er gjenoppnemnd som nøytralt medlem, og seniorforskar Erling Barth er oppnemnd som den tredje nøytrale medlemen i nemnda.

Nestleiar Tor-Arne Solbakken frå LO og forhandlingsdirektør Rolf Negård frå NHO held fram som representantar for arbeidstakar- og arbeidsgivarinteresser i tvistar etter arbeidstvistlova. 

Tone Rønholdtangen, leiar i LO Stat, held fram som representant for tjenestemannsinteressene i tvistar etter lova om offentlege tjenestetvister. Personaldirektøren i staten, Gisle Norheim, er ny representant for staten sine interesser.

Om Rikslønnsnemnda

Rikslønnsnemnda er oppretta med heimel i lov om lønnsnemnd i arbeidstvistar og lov om offentlege tjenestetvistar. Rikslønnsnemnda handsamar interessetvistar som partane i ein tvist ønsker at nemnda skal avgjere, og tvistar som Stortinget vedtar skal løysast ved tvungen lønnsnemnd.

Les meir om Rikslønnsnemnda