Ny rapport: Nav har ikkje hatt tilstrekkeleg internkontroll
Nyheit | Dato: 26.06.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
KPMG har på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet vurdert internkontrollen i IKT-systema til Nav. KPMG finn at ansvaret for internkontroll ikkje har vore godt nok definert i Nav.
– Nav forvaltar store beløp på vegne av fellesskapet. Derfor må vi vere trygge på at Nav har god internkontroll. Etter at Riksrevisjonen peika på konkrete feil i internkontrollen til IKT-systema i Nav, tok eg initiativ til ein ekstern gjennomgang. Vi trengte ei uavhengig vurdering av kva som fungerer godt, og kva det er behov for å gjere betre, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
I 2025 fekk Nav kritikk frå Riksrevisjonen i den årlege revisjonen. Riksrevisjonen peikte på manglar i internkontrollen, mellom anna knytt til loggføring i systema. Etter at feilen blei oppdaga, bestilte Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) ein gjennomgang av internkontrollen i Nav. No har AID fått rapporten.
KPMG finn fleire svakheiter i Nav sitt arbeid med internkontroll. Dei finn også at departementet har gitt Nav mange føringar og krav, men at departementet bør være meir konkret på kva for eit ambisjonsnivå direktoratet skal ha knytt til internkontroll.
– Eg er nøgd med å ha motteke ein grundig gjennomgang av Nav sitt arbeid med internkontroll, som inkluderer fleire konkrete forslag til korleis arbeidet kan gjerast betre. Internkontrollen i Nav har ikkje vore god nok. Den skal og må bli betre, seier Stenseng.
- Ambisjonane knytt til internkontroll er definerte, men ikkje konkrete nok eller godt nok ivaretekne i styringsmodellen.
- Det manglar tydeleg prioritering av risikoar opp mot dei strategiske måla til direktoratet, samt ei felles forståing av kor mykje risiko direktoratet kan akseptere, og god nok kommunikasjon av dette.
- Styringsprinsippa for internkontroll er overordna godt beskrive, men i liten grad omsette til konkrete og målbare kontrollkrav.
- Ansvar for internkontroll er ikkje tilstrekkeleg definert og godt nok følgd opp i organisasjonen.
- Opplæringa i internkontroll har vore oppstykka og lite heilskapleg.
- Kontrollar og avvikssystem finst, men fungerer dårleg på grunn av manglande rammeverk, uklart ansvar og lite konkret oppfølging.
- Rapporteringa frå leiinga bør bli betre, slik at ho gir eit samla og risikobasert bilete av kontrollnivå og risikoreduksjon.
- Læring skjer mest lokalt og som ein reaksjon på problem.
Manglar tydelege ambisjonar og ein tydeleg plan
Hovudproblemet har ifølgje KMPG vore manglande leiing og samarbeid mellom ulike delar av Nav. Det har gjort det vanskeleg å få på plass ein heilskapleg og praktisk internkontroll som fungerer godt på tvers av avdelingar i verksemda.
Det har ikkje mangla på tiltak eller initiativ. Utfordringane har handla om oppfølging av, gjennomføring og effekten av tiltaka. KPMG finn også at internkontroll dei siste åra har fått større merksemd i departementet si styring av Nav.
– No har vi akkurat motteke rapporten og skal lese den grundig. Så skal vi, saman med Nav, vurdere korleis dei best kan bruke gjennomgangen frå KPMG til å styrke internkontrollen. Nav er allereie i gang med sitt eige internkontrollprosjekt, som dei starta opp tidlegare i år. Det er naturlig at oppfølginga av KPMG-rapporten blir sett i samanheng med dette arbeidet. Regjeringa har òg sett ned ei ekspertgruppe som skal gå gjennom Nav og sjå på oppgåver og organisering, seier Stenseng.
- At Nav etablerer et tydeleg og forpliktande ambisjonsnivå, samen med AID
- At Nav etablerer klarere ansvarslinjer og sterkare oppfølging av gjennomføring og effekt
- At Nav i større grad operasjonaliserer kva internkontroll betyr i praksis.
- Styrke involvering av teknologimiljø i forbetringsarbeidet. At Nav sikre systematisk læring og forbetring