Ny rapport om geitehaldet i Noreg
Nyheit | Dato: 27.02.2026 | Landbruks- og matdepartementet
I jordbruksoppgjeret 2025 bestemde avtalepartane at det skulle setjast ned ei partssamansett arbeidsgruppe for å gjennomgå geitehaldet i Noreg. Arbeidsgruppa har fredag avgjeve denne rapporten.
Rapporten gjev ein grundig gjennomgang av utvikling og status i både geitemjølkproduksjonen og hald av ammegeiter, verkemidla som er omfatta og økonomien i næringa. Arbeidsgruppa ser også på kva for utfordringar geitenæringa står overfor, og viser til nokre tiltak som kan vurderast.
– Eg har motteke rapporten, og ser fram til å setje meg inn i han. Arbeidsgruppa har gjort eit grundig arbeid med å lyfte fram situasjonen til ei lita, men viktig næring, med sterke tradisjonar, seier Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Rapporten utgjer ein del av grunnlaget for jordbruksoppgjeret til våren. Landbruksdirektoratet har vore sekretariat.