Ny rapport om korleis verknader for bustadmarknaden blir vurderte i transportplanlegginga
Pressemelding | Dato: 15.01.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
TØI har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeidd rapporten «Boligmarkedshensyn i planlegging av transportinfrastruktur». Rapporten undersøker i kva grad bustadmarknaden blir tatt med i vurderingane når statlege og regionale transportinvesteringar blir planlagde.
– Transportinvesteringar kan ha stor betydning for korleis byar, tettstader og bustadprisane utvikler seg, og for kva område som kan bli aktuelle for framtidig bustadbygging. Det kan derfor vere gevinstar ved at vi i planlegginga av store transportprosjekt i større grad vurderer korleis investeringane kan påverke bustadmarknaden, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
TØI har gått gjennom 16 transportutgreiingar frå ulike delar av landet, inkludert både vegprosjekt, jernbaneinvesteringar og større kollektivløysingar.
Hovudfunn frå rapporten:
- Bustadrelaterte omsyn blir ofte nemnde, men sjeldan kopla til bustadpolitiske mål.
- Verknadar på arealbruk, lokal og regional utvikling og behov for bustadbygging inngår til ein viss grad i utgreiingane.
- Effektar på bustadprisar, bustadsamansetting, bumiljø eller etableringsmoglegheiter for ulike grupper, som førstegongsetablerarar og låginntektsgrupper, blir i liten grad vurdert.
Rapporten peiker òg på at dagens metodar og modeller i liten grad er utvikla for å analysere effektar på bustadmarknad, og at det manglar systematisk datagrunnlag som kan brukast i slike vurderingar.
– Dette arbeidet er ein viktig del av oppfølginga av bustadmeldinga. For å nå måla om tilstrekkeleg og variert bustadbygging, må vi forstå betre korleis store transportinvesteringar kan påverke både arealbruk og bustadmarknaden. Rapporten gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for å fortsette å styrke samspelet mellom bustad-, areal- og transportpolitikken. Vi vil vurdere tilrådingane i rapporten, og mellom anna sjå på om analysane kan styrkast gjennom auka kunnskap og betre metodar, seier Skjæran.