Fisket i 2026 etter brosme og lange nord for 62 N°
Pressemelding | Dato: 18.12.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett kvote og regulering for fisket etter brosme og lange nord for 62° N.
Totalkvotane for 2026 er sette til 8 748 tonn brosme og 6 906 tonn lange. Dette er ei svak auke for brosme og ein nedgang for lange.
-Kvotane er basert på ei føre-var-tilnærming og skal bidra til ei berekraftig forvaltning, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Totalkvoten vert fordelt basert på same fordelingsnøkkel som dei to føregåande åra, med 36,94 prosent til gruppa under 28 meter og 63,06 prosent til gruppa over 28 meter for brosme, og 53,64 prosent til gruppa under 28 meter og 46,36 prosent til gruppa over 28 meter for lange.
Reguleringa i år har i utgangspunktet fungert godt og har i stor grad lukkast med å dempe fisketakten samanlikna med i fjor. Næringa har likevel gitt innspel om høg innblanding av brosme i fangstane, og at dette skaper utfordringar for gjennomføringa av fisket.
-Vi såg behov for å tillate noko høgare bifangst av brosme i fisket for fartøy under 28 meter. Difor gjorde vi ei justering i løpet av året, og auka bifangstandelen til 40 prosent frå 1. september, seier fiskeri- og havministeren.
I reguleringa for 2026 vert det vidareført at fisket etter brosme for gruppa under 28 meter går føre seg som bifangstfiske frå starten av året, med 30 prosent bifangstgrense på vekebasis. Det vil likevel vere mogleg å ha over 50 prosent innblanding av brosme i ei enkeltfangst utan at fangsten vert inndratt, så lenge bifangstandelen ikkje overstig 30 prosent på vekebasis.
Også langefisket for fartøy under 28 meter vil gå føre seg som bifangstfiske frå starten av året, med 40 prosent tillaten bifangst på vekebasis.
-Kvota for lange har gått ned. Det var høg fisketakt i perioden med direktefiske i år. Vi meiner det er betre med ein romsleg bifangstadgang frå starten av året enn overfiske eller svært tidleg stans i direktefisket, seier Sivertsen Næss.
For gruppa over 28 meter er det fritt fiske frå starten av året fram til stans i direktefisket for fartøy med deltakarløyve. For fartøy utan deltakarløyve vert bifangstavgrensinga vidareført på 10 prosent brosme og 10 prosent lange i dei enkelte fangstar og ved landing for stormaska trål, og 15 prosent brosme og 15 prosent lange i dei enkelte fangstar og ved landing for konvensjonelle fartøy.