Noreg har bevart meir enn 13 prosent av havområda våre
Nyheit | Dato: 27.10.2026 | Klima- og miljødepartementet
I 2022 slutta Noreg seg til eit internasjonalt mål om at minst 30 prosent av verdas havområde skal være effektivt bevart innan 2030. Halvvegs til tiårsskiftet har Noreg klart å bevare 13,3 prosent av viktig natur i havet.
– Noreg skal bidra til å oppfylle måla i naturavtalen. Desse tala viser at det er mogleg å få til store ting når alle delar av norsk havforvaltning drar i same retning for å ta vare på naturen, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Under naturtoppmøtet i Montreal i 2022 blei verdas land einige om at minst 30 prosent av verdas havområde skal vere effektivt bevart innan 2030. Dette betyr at ein tar vare på viktig natur i havet enten gjennom verneområde eller «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak».
I Noreg har vi verna kring 4 prosent av havområda våre. No har òg ei breitt samansett direktoratsgruppe leia av Miljødirektoratet avklart at 9,3 prosent av norske havområde er effektivt bevart i tråd med internasjonale kriterium for «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak».
Dette er først og fremst område som er beskytta gjennom regelverk for fiskeri og rammer for olje og gass. I tillegg er ei rekke hummarreservat langs kysten omfatta. Gruppa skal no vurdere om også fleire område kan oppfylle kriteria.
Halvvegs til 2030 har Noreg til saman altså bevart meir enn 13 prosent av norske havområde.
– Vi er no eit viktig steg vidare i vår felles innsats for å ta vare på naturen i havet. Samtidig har vi framleis ein veg å gå, seier Sigrun Aasland.
Fram mot 2030 er målet å auke bevaringa av norske havområde ytterlegare, både gjennom nytt vern og ved at nye område kan bli avklart som bevart gjennom «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak».
I år er FNs naturtoppmøte i Yerevan i Armenia. Her skal verdas land for første gang sjå på korleis vi ligg an med å nå måla om å bevare 30 prosent av hav og land og å restaurere 30 prosent av natur som er øydelagd. Måla skal nås innan 2030.