Nytt åremål for direktør Marit Lofnes Mellingen i Kompetansesenter for distriktsutvikling
Pressemelding | Dato: 19.12.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Marit Lofnes Mellingen er i statsråd i dag utnemd som direktør i Kompetansesenter for distriktsutvikling for ei ny periode på seks år.
– Vi er godt nøgde med at Marit Lofnes Mellingen ønskjer å fortsette som direktør i Kompetansesenter for distriktsutvikling. Marit har dei siste seks åra gjort ein solid innsats for at norske kommunar kan utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.
Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar for å styrke kommunar og regionar, blant anna gjennom formidling av kompetanse og forvaltning av Merkur-programmet som sikrar distrikta tilgang til nærbutikk og bokhandel av god kvalitet.
– Eg set stor pris på å få fornya tillit til seks nye år som direktør. Samfunnsoppdraget vårt er viktig og meiningsfylt – det motiverer meg kvar dag. Vi bur alle i ein kommune og eit lokalsamfunn, og at dei utviklar seg er avgjerande for framtida. Når fylkeskommunar, distriktskommunar, andre aktørar og vi i Distriktssenteret koplar kunnskap, erfaring og engasjement, kan vi saman byggje livskraftige lokalsamfunn. Eg ser fram til å bidra til dette saman med dei dyktige medarbeidarane i Distriktssenteret og i tett samarbeid med kommunal- og distriktsdepartementet, fylkeskommunar og distriktskommunar over heile landet, seier Mellingen.
Stillinga som direktør for Kompetansesenter for distriktsutvikling er eit åremål på seks år, med moglegheit for forlenging i ein periode.