Nytt åremål for tolldirektør Øystein Børmer

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Øystein Børmer (54) er i statsråd i dag utnemnd som tolldirektør for ein ny periode på seks år. Han vart første gang utnemnd som tolldirektør i 2017, og vil nå halde fram i stillinga i eit nytt åremål frå 1. april 2023 når det noverande åremålet utgår.

Børmer har m.a. vore tilsett i Finansdepartementet i avgifts- og tollavdelinga, statssekretær i Finansdepartementet, assisterande direktør/stabsdirektør i DFØ (tidlegare SSØ) og direktør i DFØ. Børmer har og røynsle som leiar og medlem i ei rekkje prosjekt og utval.