– Eg håpar prosjektet vil føre til meir målretta tiltak som både varetek beitenæringa og sikrar ei god forvaltning av jerven, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Prosjektet blir leidd av Norsk institutt for naturforsking (NINA), i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Skjåk kommune og beitebruk i Nord-Gudbrandsdalen.

Meir treffsikker dokumentasjon av jerveangrep

Ved å GPS-merke jerv og setje radiobjøller på sauebesetningar frå våren 2026, skal ein betre kunne kartleggje kor ofte jerven angrip sau (predasjonstakt). Dette vil bidra til at ein i fleire tilfelle kan dokumentere tap av sau til jerv. Dette vil igjen gi eit meir presist grunnlag for erstatningsordningar.

Ønske om meir kunnskap lokalt

Det er usemje om kor mykje skade jerven faktisk gjer. Det er godt kjent at jerv tek sau, men ofte vanskeleg å dokumentere. Berre ein liten del av tapa som blir melde inn, blir stadfesta gjennom undersøkingar av Statens naturoppsyn (SNO).

Lokalt i Nord-Gudbrandsdalen har det lenge vore eit ønske om meir kunnskap og betre dokumentasjon.

Et viktig kunnskapsløft

Prosjektet kan gi ny innsikt som kan brukast også i andre delar av landet.

– Dette er eit viktig prosjekt som hjelper oss å leggje til rette for ein meir kunnskapsbasert og balansert forvaltning som både tek omsyn til naturmangfald og til beitenæringa, seier Andreas Bjelland Eriksen.