Om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge, stadfester:

I samsvar med Grunnlova gjev Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Regjeringa la i perioden fram langtidsprogrammet for åra 1998 til 2001. Regjeringa skisserer i programmet ein solidarisk politikk som siktar mot ei berekraftig utvikling både økonomisk og økologisk.

Velferds-, økologi- og generasjonsperspektivet utgjer fundamentet for den økonomiske politikken, nærings- og arbeidslivspolitikken, velferdspolitikken, kompetanse- og kulturpolitikken og utanriks- og tryggingspolitikken til Regjeringa.

Regjeringa har i perioden lagt vekt på å halde kontakt og føre dialog med folk frå ulike miljø. Dette er teke vare på mellom anna ved fire rådsmøte om ulike tema som vart haldne i vår og dessutan talrike samrådsmøte over heile landet.

Eit sentralt mål for Regjeringa er å skape rettferdig fordeling mellom rike og fattige land. Noreg gav i fjor 8,5 mrd kroner i u-hjelp. Regjeringa har ført vidare Noregs engasjement i Dei sameinte nasjonane og har lansert Noreg som kandidat til tryggingsrådet for perioden 2001-2002. Dei nordiske landa la i januar fram eit framlegg for å styrkje og effektivisere det sosiale og økonomiske arbeidet i Dei sameinte nasjonane. Det er og fremja som eiga stortingsmelding.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet for å styrkje internasjonalt samarbeid for ei berekraftig utvikling. Oppfølginga av konferansen om miljø og utvikling som Dei sameinte nasjonane heldt i 1992 og dei klimaforhandlingane som blir førte, har vore prioritert i perioden.

Noreg overtok ved årsskiftet formannskapen i Nordisk Ministerråd. Regjeringa har lagt vekt på å utvikle det nordiske samarbeidet m a når det gjeld nærområda, informasjonsteknologi, frivillige organisasjonar og utfordringane som velferdsstaten står overfor.

Regjeringa har i perioden sett i gang prosjektet "Møteplass Europa" for å styrkje informasjonen om det europeiske økonomiske samarbeidet.

I desember skreiv Regjeringa under ei samarbeidsavtale med Schengen-landa. Avtala sikrar ei vidareføring av den nordiske passunionen og eit nært samarbeid med andre europeiske land i kampen mot grenseoverskridande kriminalitet.

Europakommisjonen gjorde i mars i år framlegg om ein straffetoll på eksport av norsk laks på bakgrunn av at det var sett fram påstandar om dumping og subsidiering. Men Regjeringa vart samd med Den europeiske unionen om ei avtale. Avtala sikrar busetjing og arbeidsplassar i Kyst-Noreg og gjev moglegheiter for utvikling i lakseeksportnæringa.

Noreg har arbeidd aktivt for å vidareutvikle kontakten med landa i Sentral- og Aust-Europa. Den planlagde utvidinga av Den nordatlantiske forsvarsalliansen, samarbeidet mellom organisasjonen og Russland og det nyleg etablerte Euroatlantiske partnarskapsrådet, er sentrale element i den alleuropeiske samarbeidsstrukturen som no veks fram.

Folkemengda i Noreg var ved årsskiftet nesten 4,4 millionar. I fjor auka folketalet med om lag 23 000 eller 0,5 pst. Av denne auken skuldast 75 pst fødselsoverskottet, som var det høgaste sidan 1974.

Levealderen for norske kvinner og menn stig stadig. Forventa levetid er 81,1 år for nyfødte jenter og 75,4 år for gutar. Aldersgruppa 80 år og eldre aukar raskt både i tal og i høve til andre aldersgrupper. På seks år har gruppa vakse med nesten 21 000. I høve til resten av befolkninga auka gruppa frå 3,7 til 4,1 pst.

Den yrkesaktive delen av befolkninga passerte i perioden det tidlegare toppåret frå 1987 og er no på 71,5 pst. For kvinner er 66,2 pst det høgaste nivået nokon gong. Talet på arbeidsledige har minka sterkt første halvår i år til om lag 80 000 personar. Det utgjer 3,6 pst ledige menn og 3,5 pst kvinner.

Ved årsskiftet var det 6,9 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar igjen av dei petroleumsressursane som til no er oppdaga på norsk sokkel. Dersom ein legg uttaket av petroleum i 1996 til grunn, er det framleis oppdaga ressursar i Noreg til 19 års oljeproduksjon og 91 år med gassproduksjon.

Ved årsskiftet hadde vi produsert omkring 16 pst av dei samla oppdaga og uoppdaga ressursane på norsk kontinentalsokkel.

Regjeringa la i vår fram ei stortingsmelding om innvandring og det fleirkulturelle Noreg. I meldinga blir arbeidet mot rasisme og diskriminering, norskopplæring for barn, unge og vaksne og kvalifisering for arbeidslivet peikte ut som satsingsområde.

Inntektene i kommunesektoren har auka jamt dei siste åra. For 1997 reknar ein med ein reell auke i inntektene til kommunesektoren på 2,25 pst. Rekna som del av inntektene har nettogjelda i kommunane gått sterkt ned dei siste åra frå eit toppnivå på 40 pst i 1989 til 28 pst i fjor.

I vår la Regjeringa fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Ho viser ei utjamning av velferdstilbod og levekår, men det er framleis regionale skilnader når det gjeld talet på arbeidsledige. Av i alt 435 kommunar har 231 hatt nedgang i folketalet dei siste 10 åra.

I fjor tok 7 av 10 fedrar ut fedrekvoten i fødselspermisjonen, og langt fleire fedrar tok i tillegg permisjon utover fedrekvoten enn året før.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for eldreomsorga for perioden fram til 2001. Planen omfattar utbygging av heimetenester, bygging av omsorgsbustader og plassar med pleie og omsorg heile døgnet, ombygging frå fleirsengsrom til einerom og erstatning av gammal bygningsmasse.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om psykiske lidingar og tenestetilboda. Her blir det gjort framlegg om ei rekkje tiltak for vidare utbygging av tenestetilboda, kompetanse- og kvalitetsheving og rekruttering av personell.

I juli vart det sett i verk ei ny finansieringsordning for sjukehussektoren der ressursane i større grad blir tildelte sjukehusa avhengig av kor mange pasientar som faktisk blir behandla og den innsatsen som blir gjord. Frå same tidspunkt vart ventetidsgarantien endra.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om innføring av fastlegeordning. Heile befolkninga vil få tilbod om fast lege i kommunen.

Tiårig grunnskole er innført frå og med skoleåret 1997-98. Nødvendige lovendringar og forskrifter er vedtekne. Denne hausten har meir enn 60 000 seksåringar begynt på skolen saman med like mange sjuåringar. Det ligg føre nytt læreplanverk for heile grunnskolen, og det ligg føre lærebøker for dei klassene som tek den nye læreplanen i bruk dette skoleåret.

Overgangen til eit nytt tusenår og deretter markeringa av 100 år som sjølvstendig nasjon i år 2005 er utgangspunkt for arbeidet med å velje ut lokale signalprosjekt rundt om i landet som kan vere med å styrkje kulturengasjement, livslang læring og fysisk aktivitet.

Kulturminneåret 97 har skapt stort engasjement og rundt 5000 små og store arrangement finn stad landet rundt.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om tilhøvet mellom staten og dei frivillige organisajsonane, der ein gjer framlegg om tiltak som skal styrkje det frivillige medlemsbaserte arbeidet som ei sentral kraft i forminga av samfunnet vårt.

* * *

Humanitær hjelp til offer for konfliktar og naturkatastrofar har vore halden oppe på eit høgt nivå, nærare 1,5 mrd kroner for 1996. Dei viktigaste innsatsområda har vore Sentral-Afrika, det tidlegare Jugoslavia, Midtausten, Angola, Sudan og Afghanistan. Noreg har engasjert seg aktivt for å auke respekten for menneskerettane m a i land som Kina, Tyrkia, Burma og Nigeria. Det norske engasjementet i fredsprosessen i Midtausten har vore ført vidare.

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland er fremja som kandidat til stillinga som generaldirektør for Verdshelseorganisasjonen.

Noreg har saman med dei andre nordiske landa hatt ei pådrivarrolle i Verdsbanken for eit omfattande tiltak for gjeldslette til fattige land. Tiltaket vart ferdigforhandla hausten 1996 og Noreg var det første landet til å hjelpe til med midlar.

Regeringa gjennomgår flyktningpolitikken. Dette har mellom anna ført til at familiegjenforeining er vorten lettare. Bu- og omsorgssituasjonen for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar er kartlagd som eit ledd i arbeidet for å styrkje tiltaka for denne gruppa.

Det har vore gjennomført ein størrre presentasjon av norsk kultur i Japan, med særleg vekt på musikk og biletkunst. Noreg var også hovudland ved Schleswig-Holstein-festivalen i år. Meir enn 150 internasjonale journalistar vart i perioden invitert til Noreg av Utanriksdepartementet. Det har resultert i brei og positiv omtale i fleire viktige media.

Noreg arrangerte i mars 1997 eit ministermøte om integrering av fiskeri- og miljøspørsmål i Nordsjøen. På det tiande partsmøtet under Konvensjonen om internasjonal handel med truga dyre- og plantearter oppnådde Noreg auka internasjonal forståing for norsk kvalfangstpolitikk.

Arbeidet med å koordinere samanfallande interesser i høve til EU er vorten ein viktig del av det nordiske samarbeidet. Dei institusjonelle rammene for det er vortne endra slik at ein skal kunne ta hand om dette.

Det tradisjonelt svært gode politisamarbeidet mellom dei nordiske landa har halde fram, og blir som ei følgje av Schengen-samarbeidet også styrkt innanfor ei ny europeisk ramme. Det er sett i verk nordiske tiltak og under leiing av Noreg er det utarbeidd ein nordisk handlingsplan for å få bukt med kriminaliteten i einskilde motorsykkelmiljø.

Det nordiske samarbeidet med nærområda i Barents- og Østersjøregionen er vidareutvikla. Det er lagt auka vekt på arbeidet med å støtte integreringa av dei baltiske landa i europeiske og euroatlantiske samarbeidsorganisasjonar. Det forsvarspolitiske samarbeidet mellom dei nordiske landa er vorte monaleg utvida dei seinare åra. Det er lagt stor vekt på å betre evna i dei einskilde landa til felles innsats i internasjonale fredsoperasjonar.

Regjeringa har lagt fram ein revidert handlingsplan for atomsaker, som styrkjer den norske innsatsen for auka atomtryggleik i dei nære havområda våre ytterlegare. I utviklinga av samarbeidet med Russland om atomtryggleik har ein konsentrert seg om konkrete oppryddingsprosjekt. Regjeringa har også lagt stor vekt på arbeidet med juridisk bindane rammer for handsaming av brukt kjernebrensel og radioaktivt avfall i dei einskilde landa gjennom drøftingar om ein ny internasjonal konvensjon på området. Rednings- og katastrofesamarbeidet mellom Noreg og Russland er styrkt.

Noreg hadde i perioden formannskapen i Den arktiske miljøvernstrategien og har arbeidd for at han skal integrerast i Arktisk råd, som nyleg er oppretta. Det er inngått ei avtale mellom Noreg, Russland og USA om forsvarsrelatert miljøsamarbeid i Arktis.

Noreg, Island, Færøyane, Russland og Den europeiske unionen vart i desember 1996 samde om ei avtale om fiske av norsk vårgytande sild for 1997. Arbeidet med å få på plass ei avtale med Island om fiske av torsk i Smottholet held fram utan at ein til no har vorte samde.

Regjeringa har arbeidd for ei effektiv gjennomføring av den europeiske økonomiske samarbeidsavtala og har innlemma frihandelsavtalene EFTA har med land i Sentral- og Aust-Europa, i eit større frihandelsnettverk i Europa. EFTA har vidare inngått ei frihandelsavtale med Marokko.

Våren 1997 hadde om lag 470 prosjekt og nettverk med norsk deltaking fått tildelt stønad frå Den europeiske unionen gjennom det fjerde rammeprogrammet for forsking. Dette utgjer ein innvilgingsprosent på om lag 27 pst, noko som er godt over gjennomsnittet. Det er i perioden lagt fram ei stortingsmelding om studiar i utlandet.

Innanfor Verdshandelsorganisasjonen er det inngått avtaler om å avskaffe toll på informasjonsteknologiprodukt og å auke marknadstilgangen for basisteletenester.

Noreg har leidd eit arbeid med å innføre internasjonale kontrollprosedyrar for reiarlag og skip som har som formål å hindre tap av liv eller skade på miljø eller eigedom. Stockholmsavtala, som set strenge regionale krav til tryggleik om bord i roroferjer, tok til å gjelde i juli i år.

Talet på gjestedøgn på hotell og andre overnattingsstader auka med 3 pst i fjor, og av dette stod utanlandske gjester for ein tredjedel. I dei første fem månadene i år har utanlandske gjestedøgn gått ned med om lag 3 pst. Dei totale reisevalutainntektene til Noreg var i fjor på om lag 15 mrd kroner, som er rundt 2 pst høgare enn året før.

Import og eksport av tradisjonelle varer auka kvar for seg med 6,4 og 5,2 pst i første halvår i år samanlikna med same perioden i fjor. Handelsbalansen med utlandet for Fastlands-Noreg viste dermed eit underskott på nærare 32 mrd kroner første halvår i år, mot 29 mrd kroner i fjor. I perioden hadde Noreg den største nettoimporten av straum nokon gong på om lag 14 TWh.

Eksport av fisk og fiskeprodukt aukar framleis jamt, både i verdi og kvantum. I 1996 vart det totalt eksportert fisk for 22,4 mrd kroner. I kvantum utgjorde det drygt 1,8 mill tonn. Det er ein auke på om lag 12 pst samanlikna med 1995. Eksportdelen av fisk og fiskeprodukt til EU utgjorde 65,5 pst. Svært positivt for norsk fiskerinæring er auken til dei fire største einskildmarknadene, Danmark, Frankrike, Japan og Storbritannia. Til ei rad marknader er det ein auke i verdi trass i at volumet er redusert. Det blir kontinuerleg arbeidt med å betre handelsvilkåra for fiskeindustrien.

Driftsrekneskapen overfor utlandet for første halvår i år viser eit overskott på om lag 36 mrd kroner, som er om lag uendra frå tilsvarande periode i fjor. For varer og tenester var det eit eksportoverskott på om lag 47 mrd kroner i første halvår.

Rente- og stønadsbalansen viste eit underskott på om lag 12 mrd kroner i første halvår, mot 10 mrd kroner i same perioden i fjor. Netto renter til utlandet viser for første halvår eit underskott på om lag 0,5 mrd kroner, mot eit mindre underskott på same tid i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka med meir enn 22 mrd kroner i første halvår i år til om lag 97 mrd kroner.

Valutakursen i perioden etter desember 1996 har vore noko meir ustabil enn i den forrige perioden. Etter ei markert styrking i januar 1997 var kronekursen først i februar vel 4,5 pst sterkare enn den tidlegare sentralkursen mot ecu. Kursen har sidan vorte svekt og låg ved månadsskiftet august/september om lag på linje med gjennomsnittet for 1996 på 2,5 pst under den tidlegare sentralkursen mot ecu.

I fjor kjøpte Noregs Bank utanlandsk valuta for om lag 91 mrd kroner, og av dette vart om lag 44 mrd kroner overført til Petroleumsfondet. Fram til utgangen av august i år har Noregs Bank kjøpt valuta for om lag 47,5 mrd kroner og auka dei internasjonale reservane sine til om lag 200 mrd kroner.

Konsumprisindeksen auka med 2,3 pst frå august 1996 til august 1997. Den gjennomsnittlege veksten i konsumprisindeksen dei åtte første månadene i år var på 2,7 pst i høve til tilsvarande periode i fjor.

Det norske rentenivået gjekk monaleg ned på slutten av 1996 og først i 1997. Det kortsiktige rentenivået fall frå om lag 5 pst i oktober i fjor til 3,5 pst i andre halvdelen av januar i år. Rentedifferansen mot tilsvarande tyske renter fall dermed frå 1,75 til 0,25 prosentpoeng. Differansen mot ecu-renta vart snudd frå 0,75 til Ð 0,75 prosentpoeng. Seinare har rentene gått opp igjen til om lag 4 pst ved utgangen av juli, med ein differanse mot tyske renter på 0,75 og ecu-rentene på 0,25 prosentpoeng.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet med å tilpasse Den nordatlantiske forsvarsalliansen (NATO) til den nye tryggingspolitiske situasjonen. NATO-toppmøtet i juli 1997 vedtok å invitere Polen, Tsjekkia og Ungarn til å innleie forhandlingar om medlemskap. Toppmøtet stadfester samtidig at utvidingsprosessen vil halde fram, og at fleire land vil kunne bli tekne opp seinare. Romania, Slovenia og dei baltiske landa vart særskilt nemnde i denne samanhengen. NATO-landa og Russland vart i mai i 1997 samde om eit historisk samarbeidsdokument. Det er inngått eit formalisert samarbeid med Ukraina. Med skipinga av Det euroatlantiske partnarskapsrådet er det lagt til rette for styrkt politisk-militært samarbeid mellom partnarane. Arbeidet med ein ny kommandostruktur og med auka europeisk ansvar innanfor alliansen er ført vidare. Omforminga av NATO legg grunnlag for eit omfattande tryggingspolitisk og militært samarbeid som femner om heile Europa, medrekna Russland, og ei nøkkelrolle for alliansen i tryggingsarkitekturen i det nye Europa.

Noreg har teke aktivt del i arbeidet med å hindre, avgrense og løyse konfliktar innanfor ramma av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa - OSSE. Norsk personell deltek i OSSE-sendelag i Albania, Bosnia, Georgia, Kroatia, Latvia og Tsjetsjenia. Det norske tilbodet om å ta på seg OSSE-formannskapen i 1999 er vorten godt motteken blant dei andre OSSE-landa.

Regjeringa har ført vidare innsatsen for rustingskontroll og nedrusting, globalt og regionalt. Noreg har hatt ei leiarrolle i arbeidet med totalforbod mot antipersonellminer. Noreg har vore med på skipinga av Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, og drøftingane om konvensjonell nedrusting i Europa (CFE). Arbeidet med å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen er ført vidare.

Norsk deltaking i internasjonale fredsoperasjonar er også i 1997 konsentrert om den NATO-leidde fredsstyrken i Bosnia og FN-operasjonen i Sør-Libanon. I tillegg er Noreg med i seks andre internasjonale fredsoperasjonar. Regjeringa ser på det militære engasjementet i utlandet som ein integrert del av norsk tryggings- og forsvarspolitikk.

Forsvaret har sidan 1992 vore inne i ei omfattande omstilling. Sjølv om denne omstillinga vil ta noko lengre tid enn føresetnaden var, held ein stø kurs i arbeidet med å byggje opp det nye forsvaret. Det er lagt ned mykje arbeid for å få redusert driftskostnadene gjennom mellom anna effektivisering og samordning av verksemda. Dette har stilt svært store krav til personellet i Forsvaret, som har løyst oppgåva på ein god måte.

Det vart født 60 927 levandefødte barn i 1996. Fødslane i 1996 tilsvarer 1,89 barn per kvinne, mot 1,87 året før. Fruktbarheitsnivået i Noreg er no markert høgare enn i dei fleste europeiske landa. Spedbarnsdøden var i fjor på rekordlåge 4 døde per 1 000 levandefødte. Det er mellom dei lågaste i verda, og det er om lag halvparten så mange som døydde i 80-åra.

I alt 26 400 personar flytta til Noreg og 20 600 flytta frå Noreg i 1996. Netto innflytting vart dermed 5 800, medan det i perioden 1991Ð95 var gjennomsnittleg nærare 9 000 i året. Størst innflytting var det i fjor frå Sverige med netto 2 400, ein auke på vel 700 frå året før.

I 1996 vart talet på utanlandske statsborgarar i Noreg redusert for andre året på rad, som følgje av at mange får norsk statsborgarskap. Det var 157 500 utanlandske statsborgarar ved årsskiftet, eller 3,6 pst av befolkninga. Det er 6 500 færre enn to år tidlegare.

I april i år behandla Stortinget bustadskattemeldinga frå Regjeringa. Ny lov om skatt til Svalbard vart vedteken i november i fjor. Stortinget fastsette i desember 1996 nye skattereglar for reiarlagsverksemd med verknad frå same året. Vidare vedtok Stortinget i perioden lov om individuelle pensjonsavtaler til vederlag for eiga pensjonsforsikring etter skattelova, og ny petroleumslov.

Produksjonen av olje, gass og NGL på den norske kontinentalsokkelen var i fjor 222,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar. Dei seks første månadene i år var produksjonen 114 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar, ein auke på 5,6 pst frå same perioden i 1996. Det er først og fremst auka gass-sal som har gjeve denne veksten.

Dei oppdaga petroleumsressursane ved årsskiftet var rekna til 9 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar, medan dei uoppdaga ressursane var rekna til 3,5 milliardar. Dei nye overslaga inneber ein auke på 14 pst frå året før og skuldast i hovudsak at ein reknar med ein auke i utvinningsgraden for olje og gass.

For tolvmånadersperioden juni 1996 til og med mai 1997 har fyllingsgraden i vassmagasina til kraftproduksjonen vore svært låg. Fyllingsgraden har i denne perioden ligge gjennomsnittleg 17,6 prosenteiningar under medianen for perioden 1982 til 1991. Dette har i stor grad påverka tilgangen og forbruket av elektrisk kraft det siste året. Vass-standen i magasina var likevel tilbake på normalnivået i juli i år.

Produksjonen av elektrisk kraft i fjor var 104,7 mrd TWh. Det er 15 pst mindre enn året før. Frå juni 1996 til og med juni 1997 produserte Noreg 97,6 TWh, ein nedgang på 20 pst frå tilsvarande periode året før. Nedgangen i produksjonen i 1996 vart oppvegen av ein samla nettoimport på 9 TWh. Til samanlikning var den tidlegare årsrekorden for nettoimport frå 1986 på 2 TWh. Auka prisar på elektrisitet og sterk fokusering på kraftsituasjonen medverka til at forbruket av kraft vart redusert med 2,4 TWh i 1996 i høve til 1995.

I oktober i fjor vart det gjeve konsesjon for bygging og drift av to gasskraftverk, eitt på Kollsnes og eitt på Kårstø. Vedtaket frå Norges vassdrags- og energiverk vart anka. I mai vedtok Olje- og energidepartementet å avslå klagene og å setje enkelte tilleggsvilkår til konsesjonen.

Bruttoinvesteringane i varehandelen auka med 12 pst frå 1995 til 1996 målt i faste prisar. I sysselsetjinga i varehandelen var det i fjor ein auke på i underkant av 5 pst. I første halvår i år gjekk det omsette volumet av detaljhandelen, unnateke motorkjøretøy og bensin, opp med 3,3 pst samanlikna med same perioden i 1996.

Dagslåns- og foliorenta i Noregs Bank har i perioden fram til første kvartal 1997 gått ned med 1,25 prosentpoeng. Den gjennomsnittlege utlånsrenta og innskottsrenta i bankane har kvar for seg gått ned frå 7,5 og 3,9 pst ved byrjinga av den same perioden til 6 og 2,6 pst ved utgangen. Rentemarginen er redusert til 3,4 prosentpoeng.

Den sterke veksten i sysselsetjinga har halde fram i perioden. I første halvår i år var om lag 2 178 000 personar i arbeid, noko som tilsvarer ein sysselsetjingsvekst på 3,2 pst for kvinner og 2,8 pst for menn samanlikna med same tid i fjor.

Løyvingane til ordinære arbeidsmarknadstiltak er i 1997 tilpassa eit nivå på om lag 26 800 plassar. Etter fleire år med vekst er talet på yrkeshemma no på veg nedover. Dette har samanheng både med konjunkturutviklinga og innsatsen frå arbeidsmarknadsetaten for å få dei yrkeshemma i arbeid. Tendensen til mangel på arbeidskraft i fleire bransjar har forsterka seg ytterlegare i den inneverande perioden.

Regjeringa har i statsbudsjettet for i år satsa om lag 50 mill kroner på bruk av bioenergi, av desse er 5 mill øyremerkte for forsking og utvikling. Det er komme inn omkring 70 søknader om til saman rundt 150 mill kroner. Dei totale investeringskostnadene i samband med prosjekta er rekna til om lag 0,5 mrd kroner.

Regjeringa nemde opp att Næringslovutvalet for tre nye år med sterkare representasjon frå næringslivssida. Samtidig har ein styrkt sekretariatet for utvalet.

Dei generelle verkemidla overfor næringslivet er samla i eit nytt Nærings- og handelsdepartement. Det gjeld både dei nasjonale og internasjonale, og formålet er å samordne og effektivisere næringspolitikken i ein globalisert konkurransesituasjon. Regjeringa har sett i verk samarbeidstiltak mellom næringslivet og det offentlege apparatet for gjennom fremjing av eksporten og internasjonalisering å sikre høg verdiskaping og sysselsetjing i Noreg.

Strategiplanen for Asia er ført vidare gjennom utarbeiding av bransjeplanar på seks prioriterte område: olje og gass, vasskraft, informasjonsteknologi, fisk, miljøteknologi og skipsutstyr. Vidare er første steget i ein omstillingsplan som tek sikte på å styrkje Eksportrådet som eksportfremjande serviceorgan, gjennomført.

Det har vorte halde ei eiga IT-politisk utgreiing for Stortinget. Noreg deltok aktivt på den europeiske ministerkonferansen i Bonn i juli i år om globale informasjonsnett. Bruk av IT i undervisninga i sentrale fag i allmennlærarutdanninga vart sett i verk frå hausten 1996. Forum for IT-næringane, som består av representantar frå næringsliv, forvaltning og utdannings- og forskingsinstitusjonar, er oppretta som eit rådgjevande utval i utforminga av den næringsretta IT-politikken.

Internett er teke i bruk som informasjonskanal frå Regjeringa, departementa og mange etatar. Det blir arbeidd for å få fram tilbod om nett-tilknyting for alle verksemdene i statleg og kommunal sektor, slik at ein kan kommunisere elektronisk med den offentlege forvaltninga i Noreg.

Det er sett i gang eit arbeid for å få folkebiblioteka knytte til Internett, og det er sett av 5 mill kroner på statsbudsjettet for 1997 som primært blir brukte til dette formålet. Det blir vidare arbeidd med å etablere eit Kulturnett Noreg. Gjennom kulturnettet skal det skapast eit elektronisk knutepunkt for informasjon om norske kulturtilbod. Parallelt med denne nasjonale satsinga vil det bli eit samarbeid med nabolanda våre for å sjå om det er mogleg å knyte dei ulike kulturnetta saman til eitt nordisk nett.

Regjeringa la i mai fram ei stortingsmelding om verksemda til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Med utgangspunkt i drøftinga av meldinga i Stortinget er det innført ei ny ordning med lågrisikolån til vederlag for den tidlegare grunnfinansieringsordninga. Utbyttereglane for eigenkapitalordninga er endra slik at ho kan målrettast meir mot små og mellomstore verksemder. Tiltak som tek sikte på kompetanseheving og bedriftsutvikling skal prioriterast. Statens fiskarbank vart integrert i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond frå årsskiftet. Det har gjeve fiskeflåten tilgang til eit breiare verkemiddelapparat.

Regjeringa la i august fram ei stortingsmelding om eigarskap i næringslivet. Her går Regjeringa inn for å opprette eit teknologifond på ein milliard kroner for å stimulere bedrifter til å ta i bruk ny teknologi. Vidare blir det gjort framlegg om eit miljøfond på 500 mill kroner til bedrifter som ønskjer å ta i bruk ny miljøteknologi. Ein foreslår også å opprette eit investeringsselskap der staten og private interesser går saman om å sikre den nasjonale forankringa til store og små bedrifter frå heile landet.

Konkurransestyresmaktene hadde i 1996 i alt 189 kontrollar for å sjå til at forboda i konkurranselova blir etterlevde, og behandla 59 saker i samband med avtaler eller tiltak med konkurranseskadeleg åtferd. Same året vart det behandla 150 søknader som galdt dispensasjon frå forboda i konkurranselova, og av desse vart 130 innvilga. Talet på saker som galdt overtaking av bedrifter var 696. Ein hadde i alt 2 804 kontrollar av prismerkingsføresegnene, og av desse var det nødvendig med i alt 1 559 innskjerpingar på grunn av brott på føresegnene. I alt gjennomførte konkurransestyresmaktene 25 prisundersøkingar dette året.

Innanlands persontransportarbeid utgjorde i fjor 57,1 mrd transportkilometer, ein auke på 4,2 pst frå året før. Personbilen stod for 88 pst av persontransportarbeidet. Det samla godstransportarbeidet innanlands var i fjor 37 900 mill tonnkilometer, og av dette gjekk 28 pst på veg. Investeringar i riksveganlegg var i fjor på 5 300 mill kroner.

Salet av nye bilar og bruktimporterte bilar har auka med om lag 30 pst frå 1995 til 1996. Ved utgangen av 1996 var det registrert om lag 2,05 mill bilar i Noreg, som er noko mindre enn i 1995. Grunnen til nedgangen var den store auken i skroting av personbilar som følgje av auka vrakpant.

Talet på personar som bur langs riksvegnettet, og som er svært plaga av trafikkstøy, vart redusert med 2 000, slik at 92 000 personar langs riksvegnettet er svært plaga av støy. Talet på personar som er svært plaga av luftforureining ved bustaden, er redusert med nær 1 300 til 6 000.

Flytrafikken målt i talet på passasjerar innanriks og utanriks hadde i fjor ein auke på 10,7 pst frå 1995. Av det samla talet på passasjerar var 17,4 mill innanriks og 6,3 mill utanriks. I dei fem første månadene i år har veksten i talet på passasjerar vore 7,7 pst samanlikna med den same perioden i fjor.

Etter ein anbodskonkurranse der 6 selskap leverte inn 20 anbod, gjorde Samferdselsdepartementet i oktober 1996 vedtak om å tildele WiderøeÕs Flyveselskap ASA anbodskontrakten for regionale ruteflygingar i Noreg fram til mars 2000. Det årlege kompensasjonsbehovet er redusert med om lag 23 pst i høve til det Widerøe fekk i 1996.

Overskottet i Luftfartsverket var i 1996 på 921,1 mill kroner, som er ein auke på 20,9 pst frå 1995. Det vart gjennomført investeringar på i alt 613 mill kroner i flyplassnettet utanom hovudflyplassen på Gardermoen og etterbruk av Fornebu.

I desember i fjor vart trafikkdelen i NSB omgjort til selskap organisert etter eiga lov, NSB BA, medan ansvaret for kjørevegen vart lagt til forvaltningsorganet Jernbaneverket. I fjor auka persontrafikken med tog målt i personkilometer med 2,8 pst. Tala viser at veksten for lokal- og intercitytrafikken held fram, medan han for fjerntoga har flata ut. Godstrafikken med tog målt i tonnkilometer auka med 9 pst i same perioden.

I 1996 vart 12 215 personar skadde eller drepne i vegtrafikken; av desse vart 255 personar drepne. Det er 50 færre drepne enn i 1995 og det lågaste talet på drepne i trafikken sidan før 1960. I alt omkom 145 personar i flytrafikken i 1996. Av desse omkom 141 personar i ei ulykke med eit russisk fly på Svalbard. I september i år omkom 12 personar i ei tragisk helikopterulykke ved Norne-feltet utanfor Brønnøysund. I 1996 vart ingen drepen i togtrafikken, men 3 personar vart alvorleg skadde, og av dei var det Žin reisande.

Stortinget vedtok i november 1996 lov om formidling av landsdekkjande postsendingar. Postverket vart i desember i fjor omdanna til selskap organisert etter eiga lov, Posten Noreg BA. Forvaltningsbedrifta Postverket hadde for dei første elleve månadene eit resultat på 28,3 mill kroner. Talet på postsendingar auka i fjor med 4,9 pst. Det vart i fjor lagt ned 254 postkontor, medan 43 vart omgjorde til postfilialar.

I juni i år vart det etablert eit statleg posttilsyn, som skal føre tilsyn med postverksemda i Noreg. Det nye tilsynet er ein integrert del av den tidlegare Statens teleforvaltning, som no heiter Post- og teletilsynet.

Frå november i fjor vart det lov å bruke eksisterande alternativ infrastruktur, som t d telenetta til elforsyninga og kabel-TV-netta, til levering av eksisterande konkurransetenester, som t d dataoverføringstenester og verdiaukande tenester.

Prisane på teletenester vart i fjor reduserte med i overkant av 5 pst, og det er gjort ytterlegare reduksjonar i år. Ved utgangen av fjoråret var 91 pst av sentralane til Telenor digitaliserte, og før utgangen av året skal digitaliseringsgraden vere 100 pst. Telenor hadde i fjor ein auke i samla omsetning på 11,9 pst frå 1995. Resultatet før skatt var om lag 2 350 mill kroner.

I juni i år låg det føre to uavhengige verdivurderingar av Telenor. Selskapsverdien er rekna til 30Ð36 mrd kroner og verdien av eigenkapitalen til 24Ð30 mrd kroner. Overslaga viser at det har vore ei tilfredsstillande verdistigning i konsernet sidan omdanninga til statleg aksjeselskap i november 1994.

I jordbruksoppgjeret vart det inngått ei avtale mellom staten og Norges Bondelag. Norsk Bonde- og Småbrukarlag valde å bryte forhandlingane. Dei endringane i prisar og tilskott over statsbudsjettet som vart forhandla fram, vart vedtekne av Stortinget i juni..

Oppgjeret i år gjev jordbruket ein auke i den samla ramma som gjev ein inntektsverknad på 928 mill kroner på avtaleårsbasis. Avtala gjer det mogleg med ein inntektsauke på om lag 3,5 pst frå 1996 til 1997. Det oppnår ein med ein auke i avtaleprisane på 450 mill kroner og ein auke på 50 mill kroner i tilskott over statsbudsjettet og i tillegg omdisponeringar innanfor den varige ramma og eingongsutbetalingar.

Det vart vedteke å setje ned ei partssamansett arbeidsgruppe som vurderer marknadsordninga for korn, m a om ein skal oppheve statens kjøpeplikt på korn, og å setje ned eit breitt samansett utval som skal vurdere likestilling og rekruttering til landbruket.

Det er gjennomført ein runde om omfordeling av mjølkekvotar. Den nye marknadsordninga for mjølk tok til å gjelde i juli i år.

I 1996 vart det eksportert treprodukt for 15 mrd kroner, medan brutto produksjonsverdi frå skogbruket og den treforedlande industrien var på meir enn 30 mrd. Utviklinga i marknadene for skogindustrien har i dei seinare åra endra rammevilkåra for skogbasert verksemd. Det er derfor behov for å gå igjennom kva rolle og oppgåver skogpolitikken skal ha. Det vil bli gjort i ei eiga melding til Stortinget.

Ved reindriftsforhandlingane vart satsen for produksjonstilskott auka monaleg, samtidig som det vart innført eit øvre tak på 600 rein per driftseining for å få dei direkte inntektsgjevande tilskotta som er nedfelte i avtala.

Noreg har det siste året registrert eitt tilfelle av Newcastle disease, som er ein alvorleg sjukdom hos fjørfe. Når det gjeld andre pattedyr og fisk har vi vore fri for dei alvorlegaste sjukdommane. Av sjukdommar som vi trudde vi var fri for, er det registrert nokre tilfelle av paratuberkulose og leukose hos storfe. Kampen mot skrapesjuke hos småfe er intensivert, og det er sett i verk eit overvakings- og kontrollprogram mot sjukdommen. Talet på utbrott av skrapesjuke har gått ned. Hos fisk er det framleis nokre tilfelle av infeksiøs lakseanemi, men den generelle helsetiltanden blir sett på som tilfredsstillande. Bruken av antibiotika er framleis låg.

Regjeringa la i april fram ei stortingsmelding om matkvalitet og forbrukartryggleik. Det overordna målet er å sikre forbrukarane helsesame matvarer. Meldinga legg opp til satsing på internasjonalt forpliktande samarbeid, vektlegging av kvalitet langs heile matvarekjeda, utvikling av ny kunnskap og opne forhold og medverknad frå forbrukarane. Meldinga vil bli aktivt følgd opp gjennom eit samarbeid mellom fire departement og etatar.

Ny lov om tiltak mot sjukdom hos fisk og andre akvatiske dyr vart vedteken 13. juni. Lova er utvida til å gjelde viltlevande marin fisk og sjøpattedyr. Nytt er også heimel til å vurdere smittehygieniske forhold ved plassering av slakteri og tilverkingsanlegg for akvatiske dyr.

Forvaltningsansvaret for Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole vart overført til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ved årsskiftet. Samtidig vart Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Planteforsk, Norsk institutt for skogforsking og Veterinærinstituttet omgjort til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Noregs forskingsråd har fått ansvaret for fordelinga av basisløyvingane til landbruksforskingsinstitutta.

I samband med drøftinga av stortingsmeldinga om hamner og infrastruktur for sjøtransport slutta Stortinget seg i juni i til den auka satsinga på fiskerihamner og infrastruktur som Regjeringa la opp til. Vidare vart hamnene i Oslo, Grenland, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø klassifiserte som nasjonale hamner. Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding der den gjennomførte nedlegginga av vakthaldet på fyr vart vurdert.

Utbyttet av det norske fisket var i første halvår i år 1 471 000 tonn (rund vekt) til ein førstehandsverdi på 4,1 mrd kroner. Det har vore nedgang i kvantum på om lag 1,1 pst og verdien har gått ned med 300 mill kroner samanlikna med den same perioden i fjor. Lønnsevna i fiskeflåten er god.

Ressurssituasjonen for dei viktigaste fiskebestandane nord for 62 grader nord, torsk, hyse og norsk vårgytande sild, er framleis god, sjølv om det ukontrollerte fisket i Smottholet verkar negativt på torskebestanden.

Blåkveitebestanden og loddebestanden er rekna til å vere utanfor sikre biologiske rammer. Blåkveitefisket er strengt regulert, og det er forbod mot loddefiske i Barentshavet. Rekebestanden er rekna til å vere innanfor sikre biologiske grenser. Dei strenge reguleringstiltaka for makrell som vart innførte i 1996, er vidareførte i 1997 som eit ledd i arbeidet for å byggje opp att bestandane for makrell. På grunnlag av nye negative overslag for bestanden vart totalkvoten for nordsjøsild halvert midt i 1996-sesongen etter forhandlingar med EU. Den lågare totalkvoten er vidareført for 1997. Bestandssituasjonen for det viktigaste botnfiskbestandane i Nordsjøen er framleis dårleg.

Norsk fiskerinæring har jamt over hatt betre tider enn tidlegare. Samtidig opplever industrien betre, stabile prisar på verdsmarknaden. Situasjonen for fiskeindustrien i Finnmark har betra seg i høve til føregåande år, og dei fleste tilverkingsanlegga er no i drift.

På grunn av ein vanskeleg handelspolitisk situasjon i høve til Den europeiske unionen i fjor sette Regjeringa i verk f™rkvotar for å redusere veksten i den norske lakseproduksjonen. Denne ordninga førte til at produksjonen vart 50Ð100 000 tonn lågare enn det ein opphavleg hadde rekna med. Kvotane har vore med på å skape ei stabil prisutvikling og ført til stagnasjon i utsettinga av smolt. Ordninga er i år ført vidare med ein auke på 15 pst.

I forhandlingane mellom staten og Norges Fiskarlag hausten 1996 om stønadstiltak for fiskerinæringa for 1997, vart det semje om ei avtale med ei økonomisk ramme på 90 mill kroner. I tillegg vart det gjort framlegg om 5 mill kroner i tilskott til utviklingstiltak.

På dei fleste tariffområda vart det i 1996 inngått toårige avtaler, og lønnsoppgjera i 1997 var i hovudsak oppgjer for andre avtaleår. Det vart brott i dei sentrale forhandlingane mellom LO og NHO, og oppgjeret gjekk til mekling. Riksmeklingsmannen kom med framlegg til avtale som partane godtok. Forutan lønnstillegg innebar avtala ei avtalefesta tidlegpensjonsordning for 63-åringar frå oktober 1997 og 62-åringar frå mars 1998. I privat sektor elles har oppgjera på vanleg måte vorte gjennomførte bransjevis, og partane har gjennom forhandlingar og mekling vorte samde om nye avtaler.

I offentleg sektor, der lønnsoppgjeret blir gjennomført sentralt, vart det brott i forhandlingane. Ved hjelp av riksmeklingsmannen vart partane i stat og kommune samde om nye avtaler med verknad frå mai 1997. Rammene for oppgjeret er på 3,5 pst. I tillegg til lønnstillegg inneheld også avtalene i offentleg sektor ei tidlegpensjonsordning etter dei reglane som er avtalt for avtalefesta pensjon (AFP).

I drøftingane i år om pensjonsreguleringa i folketrygda vart staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg i mai samde om å regulere grunnbeløpet i folketrygda med 1 500 kroner frå mai i år.

I samband med lønnsoppgjeret i 1997 vart det avtalt at arbeidstakarar i heiltidsstilling under visse vilkår og med samtykke frå arbeidsgjevaren kan ta ut delpensjon og trappe ned yrkesaktiviteten med ein eller to heile arbeidsdagar per veke. Slik håpar ein at arbeidstakarar kan få høve til å vere yrkesaktive lenger enn dei elles hadde kunna.

Regjeringa ønskjer å auke talet på kvinner i leiarstillingar i staten og har sett i verk eit toårig prosjekt kalla "Kvinne, kvalitet og kompetanse i staten", KKS-prosjektet. Det vil vere eit toppleiaransvar å følgje opp dei målsetjingane som er skisserte.

Det er vedteke ny aksjelovgjeving og nye lover om tomtefeste og om avtaler med forbrukarane om oppføring av bustader.

Det er sett i gang eit prøveprosjekt med rådgjevingskontor for kriminalitetsoffer som skal gje hjelp, råd og rettleiing til folk som har vore utsette for overgrep og kriminelle handlingar. Hittil er det oppretta slike kontor i fem politidistrikt. Det er sett igang eit prøveprosjekt med alarmar for voldsutsette. Etterutdanninga ved Politihøgskolen som gjeld etterforsking og behandling av seksuelle overgrepssaker, er styrkt.

Tenestetida for dei sivile tenestepliktige vart sett ned frå 16 til 14 månader med verknad frå august i år.

Regjeringa har sett ned eit utval til å gå gjennom verkemåten og organisasjonen til overvakingstenesta. Regjeringa arbeider med ei lov om avgrensa innsyn i dokumenta til overvakingstenesta.

Storleiken på lån i Husbanken har auka monaleg i år samtidig som rentesatsane er komne ned på eit svært lågt nivå, tilsvarande 3,8 pst i tredje kvartal. Dette har medverka sterkt til å lette dei gjeldsproblema som stod att, og til å auke etterspørselen etter bustader. I perioden har ein samordna dei to statsordningane for bustødnad. Det er vedtke ei overgangsordning som skal sikre at søkjarar ikkje får nokon merkande reduksjon i bustønadsutbetalingane pga samordninga. Det er vedteke høgare satsar for tilskott til etablering av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Frå juli er det sett i verk vesentlege endringar i plan- og bygningslova som gjeld byggjesaksbehandlinga. I hovudsak er formålet med endringane å betre kvaliteten på byggjearbeida, m a gjennom at eit større ansvar er lagt på dei firmaa som utfører arbeidet. Stortinget vedtok i april ny lov om eigarseksjonar der hovudpunktet er at det må liggje føre kommunal godkjenning før ein kan gjennomføre seksjonering.

Stortingsmeldinga om norsk samepolitikk vart lagd fram i april i år. Meldinga legg eit realistisk grunnlag for ei prinsipiell og heilskapleg drøfting av norsk samepolitkk. Regjeringa kom også med framlegg til endringar i samelova hausten 1996 som innebar mindre, praktiske, tillempingar av lova til forvaltningsoppgåvene til Sametinget, og visse endringar med sikte på sametingsvalet.

Stortinget har vedteke endringar i vallova, som inneber at ein no for første gong kan førehandsrøyste ved stortings- og sametingsvalet 1997 på postkontora og til landpostboda.

Regjeringa vedtok i mai nye og strengare forskrifter for luftkvalitet og støy i samsvar med forureiningslova. Det er vedteke nye forskrifter til føresegnene om konsekvensutgreiingane i plan- og bygningslova.

Stortinget har behandla meldinga frå Regjeringa om regional planlegging og arealpolitikk. Meldinga dreg opp rammer for ein nasjonal arealpolitikk der det m a blir lagt opp til ein meir restriktiv politikk for etablering av kjøpesenter.

Regjeringa har også lagt fram ei stortingsmelding om miljøvernpolitikk for ei berekraftig utvikling.

Stortingsmeldinga om rovviltforvaltninga vart behandla i Stortinget i juni. Meldinga legg m a opp til ei kjerneområdeforvaltning for bjørn og jerv i Sør-Noreg, tiltak for å forebyggje framtidige skadar på bufe og tamrein og forsøksordningar med lokal medverknad i rovviltforvaltninga.

I mars la Regjeringa fram ei stortingsmelding om tilskottsreglar for barne- og ungdomsorganisasjonane.

Barnevernet får om lag 20 000 meldingar kvart år. Av desse meldingane blir 95 pst gjennomgått og 86 pst undersøkt innanfor dei saksbehandlingsfristane som lova set. Det er i år utarbeidd eigne planar for fosterheimar og for barn og unge med åtferdsvanskar. Det er vidare gjeve tilskott til å opprette ei landsforeining for barnevernsbarn og til å utarbeide informasjonsmateriell forfatta av ungdommane sjølve.

Utbygginga av barnehagane held fram. Ved årsskiftet 1996/97 hadde 61 pst av alle barn på 1Ð6 år plass i barnehage eller seksåringstilbod i skolen. Det tilsvarande talet for 1Ð5-åringar i barnehage var på 55 pst.

Endringar i barnelova er vedtekne og vil ta til å gjelde i januar 1998. Endringane tek sikte på å sikre barn så like vilkår som mogleg uavhengig av sivilstatusen og samlivssituasjonene til foreldra, og å sikre større likestilling mellom foreldre når det gjeld foreldreansvar og samvær.

I august vart det oppretta eit kompetansesenter for likestilling. Det tidlegare Likestillingsrådet er omorganisert for å styrkje det utoverretta likestillingsarbeidet. Stortinget vedtok i desember i fjor endringar i marknadsføringslova om mellom anna skjerpa reglar som forbyr uetisk og kjønnsdiskriminerande reklame.

Regjeringa la i mai fram eit framlegg om ny lov om opningstider for utsalsstader.

Sjukefråveret held fram med å stige i 1997. Det må ein m a sjå i samanheng med at fleire no er komne i arbeid. Utgiftene til alderspensjon aukar sjølv om talet på alderspensjonistar no nærast er stabilt. Utgiftsauken skuldast at nye pensjonistar i aukande grad har tent opp rettar til tilleggspensjon. Talet på einslege forsørgjarar ser ut til å ha stabilisert seg.

Det er gjort vedtak om at legar i privat praksis må ha driftsavtale med kommune eller fylkeskommune for å kunne ta imot refusjon frå folketrygda.

Eit offentleg utval har gjennomgått effektiviteten i omsetningsledda og ordninga for refusjon frå folketrygda innanfor legemiddelområdet.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om sjukehus og annan spesialisthelseteneste. Den framtidige styringsmodellen med regionalt samarbeid og sterkare statleg styring legg til rette for ei betre utnytting av dei samla ressursane i spesialisthelsetenesta og vil medverke til å sikre betre kvalitet og likskap i helsetilbodet. Regjeringa har derfor nemnt opp eit utval som skal greie ut om dei faglege krava som må setjast til den akuttmedisinske verksemda.

Regjeringa har nemnt opp eit utval som skal lage eit kunnskapsoversyn over helse og sjukdom blant kvinner i Noreg mot slutten av det tjuande hundreåret. Utvalet skal komme med tilrådingar og foreslå konkrete tiltak for å betre helsa til kvinner og sikre god behandling av sjukdommane deira. Utgreiinga skal leggjast fram medio juni 1998.

Sosial- og helsedepartementet har nemnt opp eit snøgtarbeidande utval som innan neste årsskifte skal greie ut og komme med framlegg til styrking av folkehelsearbeidet i kommunane, spesielt kva plass samfunnsmedisinen, miljøretta helsevern og svangerskaps- og fødselsomsorga skal ha.

Ein odelstingsproposisjon om lov om endring av alkohollova og ei stortingsmelding om narkotikapolitikken vart lagde fram og behandla i vårsesjonen 1997.

Arbeidet med å gje alle grunnskoleelevar eit trygt og godt læringsmiljø har hatt høg prioritet. Det er i den samanhengen teke initiativ til ei rekkje tiltak mot mobbing i skolen.

Regjeringa har arbeidd med å sikre og betre kvaliteten i opplæringa, særleg for elevar med behov for tilpassa opplæring gjennom handlingsplanen for funksjonshemma. Regjeringa har også gjennom m a internasjonale prosjekt fått analysert opplæringa i enkelte fag som eit grunnlag for arbeidet med kvalitetssikring.

Av dei unge som har rett til vidaregåande opplæring, er 97 pst i opplæring eller i arbeid. I skoleåret 1996-97 har 90 pst av elevane på grunnkursa stått i alle fag. På det neste steget (vidaregåande kurs I) har 93 pst av elevane stått.

Våren 1997 la Regjeringa fram ei stortingsmelding om lærlingsituasjonen med framlegg til tiltak som kan betre tilgangen på læreplassar i arbeidslivet. Stortinget slutta seg til hovudlinjene i meldinga. Tilgangen på læreplassar har auka kraftig, men det er framleis for få plassar innanfor visse fagområde.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har, i samråd med partane i arbeidslivet, lærarorganisasjonane og elevorganisasjonane, utarbeidd ei opplæringsbok som skal vere eit hjelpemiddel for lærarane i planlegginga av opplæringa og for læringa til eleven. Fylkeskommunane er oppmoda om å innføre opplæringsboka i alle fag på dei yrkesfaglege studieretningane frå og med skoleåret 1997-98, medan utprøvinga held fram på studieretningane for allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag og på studieretninga for musikk, dans og drama.

Rapportane i 1997 frå forskarane som evaluerer Reform 94, viser at reforma har hatt positiv effekt på gjennomstrøyminga i vidaregåande opplæring. Effekten er særleg sterk i dei yrkesfaglege studieretningane.

I høgare utdanning er det oppretta om lag 1 500 nye studieplassar frå hausten 1997. Det gjer det mogleg å halde opptakskapasiteten på prioriterte utdanningar i høgskolesektoren på same høge nivå som året før. Det gjeld utdanningar som helse- og sosialfag og allmenn- og førskolelærarutdanning. Vidare er det lagt vekt på at institusjonane omprioriterer frå studium med låg søkning til studium med høg søkning. Opptaket til IT-utdanning er auka med 145 i høve til hausten 1996 og det er oppretta 75 nye studieplassar i medisin og 12 innanfor psykologi for å halde opptaket til desse utdanningane på same nivået som i fjor. Den nasjonale opninga av historisk-filosofiske, matematisk-naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fag er ført vidare.

Renta i Statens lånekasse for utdanning er redusert til 5,5 pst for alle tilbakebetalande låntakarar frå juli i år.

Stortinget slutta seg i vår til framlegg i stortingsmeldinga om etablering av Noregsnettrådet. Noregsnettrådet skal gje nasjonale og samordnande vurderingar om samarbeid og arbeidsdeling innanfor høgare utdanning.

Det vart i vår også lagt fram ei stortingsmelding om prinsipp for rangering av søkjarar til høgare utdanning. Eit nytt, felles opptaksregelverk, som skal gjelde frå år 2000, vil bli utarbeidd på bakgrunn av stortingsdrøftingane.

Stortingsmeldinga om folkhøgskolen og utdanningssamfunnet vart drøfta i Stortinget i januar i år. Det vart vedteke at elevar som gjennomfører eit folkehøgskoleår på 33 veker frå og med skoleåret 1997-98 skal få tre konkurransepoeng til høgare utdanning under føresetnad av dukumentasjon frå skolen og registrert frammøte på 90 pst. 602 personar tok doktorgraden ved norske universitet og vitskaplege høgskolar i fjor. Det er same talet som i 1995. Talet på avlagde doktorgradar ser ut til å ha stabilisert seg etter fem år med kraftig vekst. Kvinnedelen aukar framleis og er no på Žin av tre doktorgradar.

Regjeringa sette i perioden ned eit breitt samansett utval for å greie ut og komme med framlegg til organisering og finansiering av ein etter- og vidareutdanningsreform.

Ny lov om Den norske kyrkja (kyrkjelova) og ny lov om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) tok til å gjelde i januar i år.

Stortinget slutta seg ved drøftinga av stortingsmeldinga om kunstnarane til hovuddraga i kunstnarpolitikken. I samband med drøftinga av langtidsprogrammet gav også Stortinget tilslutnad til at det skal byggjast ein ny opera.

Stortinget har vedteke ny lov om tilsyn med oppkjøp i dagspresse og kringkasting. Det er ei fullmaktslov der eit nytt tilsynsorgan får fullmakt til å leggje ned forbod mot eller setje vilkår for oppkjøp av eigardelar i dagspresse og kringkastingsføretak.

Regjeringa har i ei oppfølging av utgreiinga om medieombod gjort framlegg om endringar i kringkastingslova. Regjeringa foreslår å avvikle Klagenemnda for kringkastingsprogram slik at Pressens Faglige Utvalg blir skipa som eit felles medieetisk klage- og tilsynsorgan.

Handlingsplanen til Regjeringa mot vald i biletmedia er m a følgd opp med eit framlegg om endringar i film- og videogramlova og straffelova. Ein foreslår å endre føresegnene i straffelova om valdsskildringar, slik at dataspel vil bli regulert av valdsnorma i lova, og at lova vil gjelde uavhengig av måten materialet blir spreidd på, t d gjennom Internett.

I 1997 utgjorde den delen av overskottet i Norsk Tipping AS som gjekk til idrettsformål 631 mill kroner. Av dette vart 363,6 mill kroner sette av til idrettsanlegg, 237,9 mill kroner til Norges Idrettsforbund og 29,5 mill kroner til andre idrettsformål.

Gjeve på Oslo slott 9. oktober 1997

Under Vår hand og riksseglet

Lagt inn 9 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen