Olje- og energiministeren deltek på ONS 2022
Kalenderhending | Terje Aasland
Stad: Stavanger
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum 29. og 30. august.
Programmet for tysdag 30. august ser slik ut:
Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland tek imot Levert-rapporten. Rapporten kartlegg aktiviteten til leverandørindustrien i Nord-Noreg og gir ei oversikt over leveransane frå nordnorsk næringsliv til petroleumssektoren. Stad: Radisson BLU Atlantic, Stavanger.
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland held sin hovudtale på sesjonen «The North Sea – the new frontier of energy transition». Etter talen, om lag kl. 11.40, deler Aasland ut to innovasjonsprisar.
Stad: Konferansesal, Clarion Energy Hotell.
Kl. 12.10: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på «High School Day» i regi av ONS Young, der han møter vidaregåandeelevar frå Stavangerområdet. Stad: ONS Young Arena, Stavanger.
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter verksemder i utstillingsområdet i Stavanger Forum.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.