Opnar for alkoholsal i fjernbetente butikkar
Nyheit | Dato: 11.05.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Over 150 daglegvarebutikkar med fjernbetening over heile landet får no høve til å selje alkohol på line med andre butikkar.
Helsedirektoratet har i eit brev til norske kommunar kome med ei juridisk vurdering av alkoholsal i butikkar med fjernbetening. I brevet kjem det fram at slike butikkar kan oppfylle krava til sal av alkohol.
Kommunal- og distriktsdepartementet støttar gjennom Distriktssenteret og Merkur-programmet over 150 fjernbetente butikkar over heile landet.
– Merkur-programmet skal sikre innbyggjarane i distrikta gode daglegvarebutikkar med same tenester som andre stader i landet. No har Helsedirektoratet gjort ei juridisk vurdering av alkoholsal i fjernbetente butikkar. At desse butikkane får høve til å selje alkohol på line med andre butikkar, bidreg både til betre økonomiske rammer for butikkane og eit kjærkome tilbod til kundane og lokalsamfunna dei tener, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Dei siste åra har det vore ein tydeleg auke i daglegvarebutikkar som har investert i teknologi som gjer det mogleg å halde ope sjølv om det ikkje er tilsette fysisk til stades i butikken. Gjennom Merkur-programmet har butikkane kunna søkje om midlar til å investere i kassasystem og kommunikasjonsløysingar som gjer det mogleg å utvide opningstidene.
Fram til no har det vore uavklart om desse tekniske løysingane var tilstrekkelege til å ta vare på krava til mellom anna alderskontroll, å hindre langing og sal til openbert rusa personar. Den juridiske vurderinga frå Helsedirektoratet er at det er opp til kvar kommune å vurdere for kvar enkelt butikk om desse krava er oppfylte.