– Det finst gode argument både for og imot blind klagesensur, og vi har gjort grundige vurderingar av fordelar og ulemper. Studentane har ønskt å vidareføre ordninga, og det har vi lytta til, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Når studentar klagar på ein karakter i dag, får ikkje klagesensor innsyn i vurderinga til førstesensor. Regjeringa vurderte å endre dette, slik at klagesensorane fekk innsyn i den første vurderinga. Studentane har ønskt å behalde blind klagesensur for å sikre at den nye vurderinga er uavhengig av den førre, og slik blir det.

Lågare studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits

I 2023 blei det innført studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits som tek ein heil grad i Noreg. Etter innføringa har talet på nye studentar frå desse landa falle med rundt 80 prosent. Nedgangen har vore størst i naturvitskapelege fag, handverksfag og tekniske fag. Innanfor desse faga har Noreg store kompetansebehov, både i dag og i åra som kjem.

På same måte som det er vanleg i andre land, skal norske universitet og høgskular framleis krevje studieavgift, men kravet om at studieavgifta minst må dekke kostnadene for studieplassen er no fjerna. Dermed får universitet og høgskular eit større handlingsrom til sjølve å fastsetje nivået på eigenbetalinga ut frå kompetansebehov og strategiske vurderingar.

– Noreg er eit lite land, og i urolege tider treng vi meir samarbeid med resten av verda. Vi skal vere attraktive for internasjonale studentar, og endringa gir moglegheit til å setje konkurransedyktige prisar på fagområde der det trengst fleire studentar. Det er òg viktig for å styrke internasjonalt samarbeid, seier Aasland.

Tak for dekking av advokatutgifter i studentsaker

Studentar som blir utestengde frå studia, til dømes ved fusk, har i dag rett til å få dekt advokatutgifter av institusjonen. Regjeringa foreslo å innføre ei øvre grense for kor mykje studentar kan få dekt i skikkasaker, og i andre saker om utestenging, bortvising og utestenging frå praksis. Stortinget har vedteke at departementet kan fastsetje øvre grense i forskrift, og slike grenser er no fastsett i forskrift til universitets- og høgskulelova.

– Vi skal ta vare på studentane sin rettstryggleik, og dei skal framleis få advokathjelp i alle instansar, men ordninga må bli meir treffsikker og kostnadseffektiv. Dagens ordning er for dyr, og det blir ført ein del saker for retten som ikkje nødvendigvis er i studentane si interesse, seier Aasland.

Formålet med grenser for kva studentane kan få dekt, er å sikre betre kostnadskontroll og føreseielegheit for utdanningsinstitusjonane, samstundes som studentane sin rettstryggleik blir teken vare på gjennom framleis rett til dekking av advokatutgifter.

Departementet vil følge praksis og vurdere behov for justeringar i beløpsgrensene dersom det blir nødvendig.

Det har vore reglar om at studentar har rett til å få dekt utgifter til advokat sidan 1989. Ordningar for dekking av advokatutgifter vart vidareførte i den nye universitets- og høgskulelova i 2024. Rettstryggleiken til studentane har vorte styrkt dei siste åra, mellom anna gjennom innføringa av studentombod. Det er òg studentrepresentantar i klagenemndene.

Endringane vil gjelde frå 1. august 2026.

Innføringa av ei øvre grense for dekking av advokatutgifter regulerer kor høge advokatutgifter studentar kan få dekt av det enkelte universitetet eller den enkelte høgskulen. Denne reguleringa gjeld ikkje forholdet mellom student og advokat, og studentane står fritt til å bruke eigne midlar på advokat.

I tilfelle der studenten vinn ei sak i retten, er det retten som tek stilling til kor mykje sakskostnader som skal dekkast for parten som har vunne saka.

Det blir skilt mellom skikkasaker og andre saker, og mellom behandling i forvaltninga og i domstolane. Departementet har vurdert innspel frå høyringsinstansane og mellom anna økt beløpsgrensene for advokatbistand i forvaltninga.

I tillegg har departementet fastsett at institusjonane i særleg tidkrevjande saker kan dekke advokatutgifter for studenten utover den øvre grensa.