Arne Hyttnes, Kristine Ryssdal og Nina Udnes Tronstad går samstundes ut av hovudstyret.

– Noregs Bank er ein viktig samfunnsinstitusjon. Wenche Agerup, Tove Andersen og Stig Helberg vil tilføre god og brei kompetanse til hovudstyret. Eg vil samstundes takke Arne Hyttnes, Kristine Ryssdal og Nina Udnes Tronstad for deira gode bidrag i hovudstyret, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap).

Hovudstyret består av sentralbanksjefen, to visesentralbanksjefar og seks eksterne styremedlem. I tillegg er to styremedlem valde av og blant dei tilsette i banken for å ta del i handsaminga av administrative saker. Noregs Bank er ved sida av å vere Noregs sentralbank òg delegert oppgåvene med å forvalte Statens pensjonsfond utland og å yte tenester som bank for staten. Styringa og drifta av Noregs Bank høyrer under hovudstyret, med unntak av saker som i eller i medhald av sentralbanklova ligg til komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Hovudstyret skal sørgje for ei forsvarleg og effektiv organisering av banken.

Frå 16. mai 2026 vil hovudstyret ha følgjande samansetjing:

  • Sentralbanksjef og leiar av hovudstyret Ida Wolden Bache, Bærum
  • Visesentralbanksjef og nestleiar i hovudstyret Pål Longva, Oslo
  • Visesentralbanksjef Øystein Børsum, Oslo
  • Sjølvstendig næringsdrivande Hans Aasnæs, Sande
  • Konserndirektør Wenche Agerup, Oslo
  • Konsernsjef Tove Andersen, Oslo
  • Sjølvstendig næringsdrivande Thomas Ekeli, Asker
  • Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik, Bergen
  • Rådgiver Stig Helberg, Trondheim

I tillegg kjem to medlem valt av og blant banken sine tilsette for handsaming av administrative saker.

 

Meir om dei oppnemnde medlemene sin bakgrunn:

Wenche Agerup er jurist frå Universitetet i Oslo og har ein MBA-grad frå Babson College i USA. Ho er konserndirektør i Wallenius Wilhelmsen ASA. Agerup har også bakgrunn frå Telenor ASA og Norsk Hydro ASA, og har med dette omfattande leiar- og styreerfaring frå selskap med internasjonal verksemd.

Tove Andersen er sivilingeniør i fysikk og matematikk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og har ein MBA frå Handelshøyskolen BI. Ho er konsernsjef i Tomra Systems ASA. Andersen er ein erfaren toppleiar med bakgrunn frå teknologi, industri og sirkulærøkonomi. Ho har hatt ein lang og variert karriere, også frå andre selskap med internasjonal verksemd, som til dømes Yara International ASA.

Stig Helberg er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH), er autorisert finansanalytikar og har ein MBA i finans frå NHH. Han har òg ein doktorgrad frå NTNU om bankar si finansiering og korleis dette påverkar finansiell stabilitet. Han er rådgjevar i Nordenfjelske Bykreditts Stiftelse, der han frå august 2027 vil tiltre som dagleg leiar. Frå 2020 til 2026 var han administrerande direktør i Bankenes sikringsfond. Helberg har bakgrunn frå bank, forsikring og kapitalforvalting, hovudsakeleg innan renteforvalting.