– Når vi no slår saman Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet får vi ein fagleg tungvektar som skal gi meir fart og kraft i fornyinga av bustadpolitikken. Vi set handling bak orda og foreslår fleire tiltak som vil styrke det nye direktoratet, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap).

Forenkle prosessane for bustadbygging

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til det nye direktoratet med ti millionar kroner for å styrke arbeidet med å forenkle og forbetre bustadbyggingsprosessane. Dette kjem i tillegg til satsinga på å gjere plan- og byggesaksprosessane digitale, som regjeringa har styrka med til saman 50 millionar kroner årleg.

– Potensialet for innsparingar i kommunane og byggenæringa er på 1,4 milliardar kroner i 2032, men da må vi sikre at kapasiteten til å forenkle regelverket blir styrkt, og gi kommunane den rettleiinga dei treng. Det er nettopp det dei ti millionane skal gå til, seier Skjæran.

Berekraftig og kunnskapsbasert bygging

Det nye direktoratet vil òg få eit nasjonalt fagansvar for bustadbygging, som blir styrka med fem millionar kroner i 2027. Dei skal bygge opp kunnskap om korleis ein kan få realisert fleire gode bustadprosjekt, kva for bustader som trengs, og kor vi trenger dei. Det å bygge opp et sterkere kunnskapsgrunnlag vil bli prioritert i årene som kommer.

Tilskot til bustadtiltak skal bidra til at folk skal kunne bu i ein eigna bustad. Regjeringa vil utvide formålet for tilskotet til å òg gjelde berekraftig og effektiv byggeverksemd. Det vil seie å byggje på ein måte som får ned byggekostnadene, gjer byggeprosessane meir effektive eller reduserer den negative påverknaden på miljøet og samfunnet.

– Handlingsrommet til å finne nye og innovative løysingar i dagens byggtekniske regelverk blir i liten grad brukt, særleg i bustadbygging. Ved å utvide formålet for tilskot til bustadtiltak, kan Bustad- og bygningsdirektoratet gi støtte til utvikling og testing av innovative byggemetodar, seier Skjæran.

Forvalting av lån og tilskot

Regjeringa foreslår vidare å løyve 36 millionar kroner i 2027 til å modernisere systema som blir brukt til å forvalte lån- og tilskotsordningane hos Husbanken i dag.

– Den digitale infrastrukturen til forvaltning av lån og tilskot er teknologisk utdatert. Vi er derfor nøydde til å sikre at desse systema blir moderniserte, seier Skjæran.

Utviklinga er planlagt over fleire år og har ei investeringsramme på 240 millionar kroner.

Vidare foreslår regjeringa ei eingongsløyving på 15 millionar kroner i 2027 for å sikre ei rask og god omstilling for det nye direktoratet.

Opprettinga av det nye bustad- og bygningsdirektoratet blir 1. januar 2027.